Kvinnherad kommune brøt ikke kravene til universell utforming

Rådet for mennesker med nedsatt funksjonsevne klaget inn Kvinnherad kommune for manglende universell utforming av trappen til kulturhuset. Kommunen hadde ikke merket kantene i rampen og det var heller ingen merking av trappeneser. Verken trappen eller rampen hadde rekkverk.

Det kom frem under saksbehandlingen at den omtalte trappen og rampen er en alternativ inngang til kulturhuset. Diskriminerings- og tilgjengelighetsloven § 13 stiller kun krav til at virksomhetens hovudløsning er universelt utformet. Den alternative inngangen var ikke en del av hovudløsningen.

Ombudet konkluderte med at Kvinnherad kommune ikke handlet i strid med diskriminerings- og tilgjengeligehtsloven § 13. Imidlertid oppfordret ombudet Kvinnherad kommune til å markere trappen med luminanskontrast langs rampen på best mulig måte, i tråd med det kommunen selv hadde lagt frem som et forslag.

Høsten 2014 ble arbeidet med merking av trappen utført.

Bakgrunn for saka

Rådet for funksjonshemma viser til at rampen i trappa utanfor kulturhuset i Kvinnherad ikkje er universelt utforma. Rådet viser til at tryggleiken til særleg svaksynte, men også andre med nedsett funksjonsevne ikkje er ivareteke i tråd med kravet til universelt utforming. Det gjeld særleg merking av kantar på trapper og rampe, samt manglande rekkverk i trapp og langs rampen. Dette gjer at det er vanskeleg for personar med nedsett syn og personar med nedsett rørsleevne å ta seg opp i trappa via rampen.

Kvinnherad kommune viser til at kommunen har planar om å kontrastmerke trappa. Det er planlagt å etablere merking av trappenaser og ytterkant rampe med ei 3 cm brei stripe. Svaksynte vil søke handlister i trappeanlegget, og ved å etablere markering av trappenaser i ei bredde på ca 1 meter på kvar side av handlistar vurderar ein dette som ivareteke. Det er ikkje planlagt å sette opp handlister i samband med rampene. Dette vil ifølgje kommunen ikkje la seg gjere.

Rettslig grunnlag

Ombodet håndhever lov om forbud mot diskriminering på grunn av nedsett rørsleevne (diskriminerings- og tilgjengelighetsloven), jf. § 28. Ombodet kan gi fråsegn om et forhold er i strid med loven, jf. diskrimineringsombudsloven § 3 tredje ledd, jf. § 1 andre ledd nr. 3.

Diskriminerings- og tilgjengelighetsloven

Diskriminerings- og tilgjengelighetsloven § 13 tredje ledd krever at offentlege og private verksemder retta mot allmennheten sikrer universell utforming av verksemda si alminnelege funksjon. Brudd på plikta til universell utforming etter § 13 reknast som diskriminering, jf. § 12 første ledd.

Med universell utforming meines utforming eller tilrettelegging av hovedløysinga i dei fysiske forholda, inkludert informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), slik at virksomheten si alminnelege funksjon kan brukast av flest mogleg, jf. § 13 andre ledd.

Plikta til universell utforming rekk så langt det ikkje fører til ei uforholdsmessig byrde for verksemda, jf. § 13 tredje ledd første punktum. I vurderinga av om utforminga eller tilrettelegginga medfører ei uforholdsmessig byrde må den positive effekten og viktigheten av tilrettelegginga veies mot kostnadar og andre former for belastning tilrettelegginga fører til. Det følgjer av loven at det særlig skal leggjast vekt på effekten av tilrettelegginga for å bygge ned funksjonshemmande barrierer, om verksemda si alminnelege funksjon er av offentlig art, de nødvendige kostnadar ved tilrettelegginga, verksemda sine ressurser, sikkerhetsmessige omsyn og verneomsyn.

Det skal leggjast til grunn at diskriminering har funne stad hvis det er omstende som gir grunn til å tru at det har skjedd diskriminering og den ansvarlige ikkje gjer sannsynleg at diskriminering likevel ikkje har skjedd, jf. § 30 andre ledd bokstav b).

Ombodet si vurdering

Ombodet vil først slå fast at Kvinnherad kommune er ei verksemd som har plikt til å sikre at verksemda sine hovedløysingar er universelt utforma etter diskriminerings- og tilgjengelighetsloven § 13. Verksemda har derfor plikt til å tilrettelegge dei delane av verksemda sine lokale som brukast av allmenta på ein slik måte at flest mogleg, uavhengig av individuelle føresetnader, vil ha tilgang til verksemda sine tjenester og service.

Er tilkomsten til kulturhuset universelt utforma?

Ombodet skal ta stilling til er om tilkomsten til kulturhuset er i tråd med kravet til universell utforming.

Det følgjer av Byggteknisk forskrift (TEK 10) § 8-6 (2) at utgangspunktet for tilkomst til bygningar er at det skal vere trinnfri tilkomst.

Det er hovedløysinga som skal vere universelt utforma, jf. dtl § 13. Klagar har opplyst om at tilkomst til sjølve hovudinngangen til Kulturskulebygget er planfri frå området ovanfor med elektrisk døropner på hovuddør. Klagar viser også til at sjølv om den omtala rampen er mykje brukt, ligg hovudinngangen til kulturhuset på toppen av det omtala trappe- og rampearrangementet. Det er etablert trinnfri tilkomst til kulturhuset ein annan plass, og rampen må derfor sjåast på som ein alternativ tilkomst til kulturhuset.

Løysinga som er klaga inn til ombodet er ei løysing som ikkje er trinnfri, ei rampeløysing langs trappa. I TEK 10 § 12-18 (3) er det eit krav om at ramper skal ha handlistar. Vidare står det i TEK 10 § 12-18 (4) at «Rampens begynnelse skal være markert i hele rampens bredde med luminanskontrast på minimum 0,8 mellom markering og bakgrunn. Tilsvarande gjelder for rulleband og rullande fortau».

Rampen som er etablert har ikkje handlister, og det er ikkje markert langs rampen.

I sak 45/2010 om trappa i Festplassen i Bergen slo Likestillings- og diskrimineringsnemnda fast at det er hovedløysinga som skal vere universelt utforma. Nemnda skreiv at:

«… Ifølge diskriminerings- og tilgjengelighetsloven § 9 annet ledd er det hovedløsningen i de fysiske forholdene som skal tilrettelegges slik at virksomhetens alminnelige funksjon kan benyttes av flest mulig. Nemnda kan ikke se at trappen utgjør en hovedløsning i de fysiske forholdene på Festplassen, plassen sett under ett. Nemnda er således kommet til at trappen verken utgjør en hovedløsning i de fysiske forholdene, eller en del av virksomhetens alminnelige funksjon, og at det derfor ikke kan stilles krav om at sittetrappen skal være universelt utformet….»

Det har kome fram sent i sakshandsaminga at den omtala rampen ikkje er hovudløysinga for å komme seg til hovudinngangen til kulturhuset, men ein alternativ tilkomst. Sidan det er hovudløysinga som skal vere universelt utforma etter dtl § 13, og det faktisk er etablert ein trinnfri tilkomst til kulturhuset på andre sida av trappa, finn ombodet at det ikkje kan stillast krav om at rampen er universelt utforma.

Spørsmål om tryggleik i trappa, som er omfatta av plan- og bygningslova, kan ombodet ikkje ta stilling til. Ombodet har imidlertid vore i kontakt med Direktoratet for byggkvalitet i saka. Direktoratet meiner òg at den alternative løysinga (rampen) som er valt framstår som uheldig fordi når ein veljer ei rampeløysing, er det òg krav om handlister i rampa etter TEK 10 § 12-18 (3). Det er òg krav om at rampa skal ha luminanskontrast som det stilles krav om i TEK 10. Direktoratet meiner likevel at det blir vanskeleg å setje opp rekkverk i rampa fordi rekkverket vil sperre for gange i trappa.

Konklusjon

Kvinnherad kommune har ikkje handla i strid med diskriminerings- og tilgjengelighetsloven § 13 tredje ledd ved utforming av rampen foran kulturhuset.

Ombodet oppfordrar Kvinnherad kommune til å markere med luminanskontrast langs rampen på best mogleg måte, i tråd med det kommunen sjølv har lagt fram som eit forslag. Dette er særs viktig av omsyn til dei personar med nedsett synsevne som bruker trappa. Ombodet meiner også at Kvinneherad kommune bør vere meir oppmerksom på dei løysingane kommunen veljer når kommunen skal bygge nye prosjekt i framtida. Viss ein veljer ei rampeløysing i ei trapp må ein prosjektere dette på ein måte som gjør handlister mogleg, og som gjør at rampen faktisk er i tråd med dei krav som setjast i TEK 10 § 12-18.

Ombodet ber om tilbakemelding på når arbeidet med markering av rampen er gjort.