Harstad kommune har brote likestillingslova. Aftenposten har brote lova. Og meist sannsynleg er ikkje desse dei einaste som bryt lova. I Noreg skal ein ha lik løn for arbeid av lik verdi, men er det slik?

LDO kontrollerte 50 kommunar si årsmelding med tanke på utgreiing av likestillingingssituasjonen i kommunen. Dei færraste leverte ein god og tilfredstillande rapport. Mange kommunar har eit fokus på kjønn og løn, men mykje av arbeidet er usystematisk. LDO etterspør eit større, omfattande og heilskapleg arbeid med ein at dei største likestillingsutfordringane vi har.

At likeløn er på tapetet i 2008 er det ikkje tvil om. Likelønnskommisjonen har avlevert si utgreiing «Kjønn og lønn – fakta, analyser og virkemidler for likelønn».  Og no er det tid for høyring!

LDO Tema 21. april er sjølvsagt likeløn. Likelønnskommisjonen viste til erfaringar frå Sverige i NOU 2008:6, og svenskane er sjølvsagt invitert. Ulrika Johansson er rådgjevar og Therese Olsson er  jurist i JämO. Jämo er det svenske jamstillignsombodet, og dei har lang erfaring med å jobbe fram verktøy og metodar for å sikre lik løn mellom personar av ulike kjønn.

For program sjå www.LDO.no/likelønn