NRK lyser ut fem stipendiatstillingar for fleirkulturelle søkjarar frå januar 2009. Då er det start for det tredje kullet i eit prøveprosjekt som vil auke rekrutteringa av fleirkulturelle journalistar.

- Ein god måte å rekruttere til ein stab som skal spegle befolkninga, seier fungerande likestillings- og diskrimineringsombod Ingeborg Grimsmo.

Stipendiatane vil få eit halvt års opplæring og praksis i NRK. Målet er at stipendiatane skal kunne produsere for radio, tv og nett etter endt opplæring, opplyser NRK.

NRK er på jakt etter folk med relevant høgare utdanning og/eller journalistisk erfaring. Formålet er både å oppmuntre fleire til å velje journalistyrket og å gi eit tilbod om radio- og tv-opplæring til dei som har noe journalistpraksis frå før.
Stipendiatane får lønn i opplæringstida. Dei har ingen garanti om jobb etter tida som stipendiat. Fleirtalet av dei stipendiatane som har fullført opplæringa har no vikariat i NRK.

Formidlingsglede, nysgjerrigheit og samfunnsengasjement er grunnleggjande kvalifikasjonar for ein journalist, og dette er noen av krava som stilles til søkjarane. Dei må også beherske godt munnleg og skriftleg norsk.