Då Likestillings- og diskrimineringsombodet fredag 06. mars arrangerte temamøte om hijab var målet å setje bruk av hijab i politiet i eit likestillingsperspektiv.

Keltoum Hasnaoui Missoum - den unge kvinna som utløyste hijabdebatten ved å søke om lov til å bruke hijab i politiet -  deltok på temamøtet.

- Eg hadde ærlig talt ikkje forventa meg så mykje oppstyr – denne debatten har gått heilt ut av proporsjonar! Sa Keltoum til Likestillings- og diskrimineringsombudet etter arrangementet.

Ho vart sjokkert då Siv Jensen kom med utsagnet om snikislamisering i Norge berre på grunn av eit enkelt spørmål frå hennar side.

- Eg har stor respekt for norske verdiar sjølv om eg ber om å bruke hijab, forsikra Keltoum.

 
Eit allsidig panel

Konferansier for temamøtet den svenske politikaren og frilansskribenten Ali Esbati. Han opna temamøtet med å meddele den fullsette salen hos LDO følgjande : Då han nokre dagar før skreiv inn søkeordet ”hijab” på Google, fekk han heile 436 000 treff!

I panelet for temamøtet sat Beate Gangås, Likestillings- og diskrimineringsombod, Berit S. Thorbjørnsrud frå Institutt for kulturstudier og orientalske språk, sosialantropolog og forskar Tordis Borchgrevink, Hajra Tajamal, tidlegare nestleiar i Muslimsk Studentsamfunn og forfattar Lily Bandehy.

Rett til likeverdig behandling

- Jeg tror at vi fort kan havne i både grøfter og skyttergraver hvis vi fører en debatt om muslimske hodeplagg uten å sette det inn i en større sammenheng der vi spør: Hva fremmer likestilling og likeverdig behandling? Sa Likestillings- og diskrimineringsombod i si innleiing.

 Gangås minte også på at alle skal ha rett til arbeid, samt at muslimske kvinner må ha retten til å bestemme over sitt eige liv.

 
Les Beate Gangås si innleiing

Undervurdering av kvinner sitt frie val

Religionsforskar Berit S. Thorbjørnsrud konstaterte i si innleiing om hijaben si rolle og tyding gjennom heile historia, at det ikkje finst noko plagg som er så gjennomstudert som hijaben, samt at me i dag ikkje kan hevde at hijaben har islamistiske sympatier.

- Det er skremmende at kvinner sitt frie valg har blitt undervurdert i denne debatten, sa Thorbjørnsrud og oppfordra samtidig alle til å overlata vurderinga om hijaben til muslimar.

Les Berit S. Thorbjørnsrud si innleiing

 

 

Ein vanskeleg debatt

Forskar Tordis Borchgrevink nevnte noko sikkert mange som har fulgt med i hijabdebatten kan kjenne seg igjen i.

- Hver gang jeg tror jeg har tatt ett standpunkt i denne debatten, dukker det opp nye vinklinger og faktorer som gjør at jeg gjør i tvil igjen.

Ho understreka at i eit likestillingsperspektiv kunne ein nærmast seie ”dess meir hijab, dess betre” og at det slettes ikkje alltid er hijaben som undertrykker den som bruker hijab – det tek nemleg samfunnet seg av.  

 
Råda Norge til å vente

I panelet sat også ein sterk motstandar av hijab i politiet,  forfattar og foredragshaldar Lily Bandehy. Ho råda Norge på det sterkaste til å vente med å ta debatten om hijab til me veit meir om hijaben.

- Det er rasisme å akseptere hijab i politiet, det utstråler også en form for likegyldighet! Uttalte ho engasjert i si innleiing.
 
Thorbjørnsrud hadde like før stilt spørsmål om hijaben kan bli sett på som berre eit hovudplagg eller eit tøystykke. 
 
- Hijaben er ikkje  berre eit hovudplagg – den er eit symbol på ei sharialov som oppfordrar menn til å slå kvinner! Var Bandehy sitt svar på det spørsmålet.

Les Bandehy si innleiing

 

 


Stolt med hijab

Med hijaben på og stoltheit over medsøstre som har uttalt seg i hijabdebatten, stilte tidlegare nestleiar i Muslimsk Studentsamfunn Hajra Tajamal som pro – hijab representant i panelet.


 - Det å gi kvinner og menn same mulighet på alle områder vil eg kalle likestilling, sa Tajamal til dei oppmøtte og meddelte at det er hennar plikt å bruke hijab lik som at det er hennar plikt å be fem gongar om dagen.

Ho hevda også at hijaben framhever personligheita til eit menneske i dagens utsjånadsfokuserte samfunn.

 Les Tajamal si innleiing

 

 


Likt arbeid, med eller utan hijab

Før det vart opna for spørsmål frå salen fekk Keltoum Hasnaoui Missoum  snakke til panelet og salen om hennar formeining om hijaben og ikkje minst alt oppstyret den eine søknaden har forårsaka.

Ho uttrykte eit sterkt ynskje om å bli inkludert og anerkjent i sitt eige samfunn og påpeikte retten til utdanning og arbeid – som skal gjelda for alle, med eller utan hijab.
- Eg ser ikkje på søknaden min som eit særkrav – eg kjem jo til å utøve mitt yrke på heilt lik linje som personar utan hijab, sa Keltoum til Likestillings- og diskrimineringsombodet etter møtet.

Les Keltoum si innleiing