Utilgjengeleg valdebatt

Då NRK måndag arrangerte partileiardebatt på Christiansholm festning i Kristiansand, måtte Arild Jacobsen snu i døra. Festninga er ikkje tilrettelagt for rullestolbrukarar.

 

Foto Arild Jacobsen
Tysdag klaga Jacobsen (bildet) NRK, partileiarane og Kristiansand kommune inn for Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) for manglande tilgjengelegheit i lokala kor partileiardebatten vart avvikla.


- Christiansholm Festning har berre ei trong steintrapp eller rømingstrapper opp til   salen og er difor ikkje tilgjengeleg for meg som rullestolbrukar, og dermed heller ikkje for allmennheita, seier Arild Jacobsen til LDO.

 

 - Har klaga mange gongar

Jacobsen fortel at han, andre personar med funksjonshemmingar og organisasjonar for funksjonshemma ved fleire anledningar har gjort Kristiansand kommune merksame på at Christiansholm Festning ikkje er eigna for bruk til offentlege arrangement som denne partileiardebatten. Han er difor oppgitt over at dette skjer igjen.

- Me lever i Norge i 2009 og me diskuterer framleis tilgjengelegheit for rullestolbrukarar og andre personar med funksjonshemmingar. Til og med på Filippinane er det betre tilrettelagt enn i Norge! seier Jacobsen til LDO.

- LDO har blitt kontakta av fleire personar som føler at dei ikkje har same tilgang på informasjon som alle andre i denne valkampen. Dette er uheldig, seier likestillings- og diskrimineringsombod Beate Gangås.

 


Utilgjengeleg valkamp

Som eksempel på utilgjengelegheit i valkampanjen nemner ombodet at debattsendingane på NRK ikkje vert teksta og at det er ikkje tolk til stades for dei døve som ser på sendingane. I tillegg kjem dei  ulike partia sine nettsider dårleg ut av det i Helsedirektoratet sin test om tilgjengelegheit.
 

LDO har førebels ikkje lykkast med å få tak i rette vedkomande i NRK for å få ei  forklaring på kvifor dei valde å halde partileiardebatten i Christiansholm Festning, og om dei på førehand hadde teke stilling til krava til tilgjengelegheit for alle.

 
Les diskriminerings- og tilgjengelova som tredde i kraft 01.01.2009