Frå enkeltsak til strukturendring

Menneske med nedsett funksjonsevne opplever ofte at store system ikkje er lagt til rette for deira behov og tek kontakt med ombodet for å få hjelp. Ei som har erfaring med slike saker er Amna Veledar, jurist i rettleiingsavdelinga.

- Før ein tar i bruk ny teknologi er det viktig å vurdere om den er universelt utforma og fungerer for alle i samfunnet vårt, seier Veledar.

I førre veke fekk ho ei sak som viser at det ofte ikkje er tilfelle. Ei kvinne med nedsett synsevne fortalde at ho måtte bruke elektronisk signatur for å hente medisin på resept. Apoteket godtok ikkje signaturstempel, som folk med nedsett synsevne bruker. Dei meinte at ho måtte ha med seg ein ledsagar for å hente reseptane sine, eller at ein på apoteket kunne signere for ho. Ho opplevde det som nedverdigande og diskriminerande.

- Vi kunne valt å behandle dette som ei klagesak frå ein enkeltperson mot eit spesifikt apotek, men i samråd med ho som klaga, blei vi einige om å ta kontakt med alle apotekkjedene. Dette er eit problem som rammar fleire, og nå får vi moglegheit til å gjere noko med strukturen som  diskriminerer, seier Veledar.

I brevet ber Likestillings- og diskrimineringsombodet om at apoteka endrar den diskriminerande praksisen. Veledar fortel at ombodet er opptatt av å bruke enkeltsakene til å endre strukturar. Det har ombodet lukkast med tidligare, til dømes i ein sak med Posten som også nytta seg av elektronisk signatur. Dialogen med Posten førde fram og dei har endra praksis. 

- Diskriminering er ofte noko ein gjer utan medveten, og vi opplever gang på gang at folk ryddar opp etter at vi tar kontakt. Det håpar vi også blir resultatet i denne saka, seier Veledar.


Møt fleire ansatte i ombodet: