Krev ny pappapolitikk

Den neste store permisjonskampen handlar om fedrar sine rettar, seier ombod Sunniva Ørstavik. Ho meiner at dagens foreldrepermisjonsordning er ein barriere for likestillinga.

Fedrar sin rett til å vere heime i permisjon med barna sine, har igjen vorte eit heitt tema. Det mannsdominerte Fellesforbundet nyttar årets lønnsoppgjer til å kreve betalt omsorgspermisjon til alle fedrar dei to fyrste vekene etter at barnet er født. Det kravet støttar ombodet fullt ut.

Vil gje likestillingsvinst

Fire av fem fedrar som arbeidar i privat sektor får ikkje betalt omsorgspermisjon dei to vekene etter at barnet er født. I offentleg sektor har alle fedrar rett til ein slik betalt permisjon.

- Reglane slik dei er no sender eit signal til far om at han eigentleg ikkje er så viktig som omsorgsperson. Det trur eg både nybakte mødrer og fedrar er sterkt usamde i. Fellesforbundet sitt framlegg er ei investering i likestilling som på sikt vil gje vinst for samfunnet vårt, seier ombodet.

Ombodet påpeikar at det er opp til politikarane og partane i arbeidslivet å avgjere korleis ordninga skal verte utforma og finansiert. 

Likeverdige omsorgspersonar

Ombodet har ved fleire høve påpeika at dagens reglar for foreldrepermisjon forskjellsbehandlar fedrar.

- Vi treng ein foreldrepermisjon som gjer mor og far til likeverdige omsorgspersonar. Det har vi ikkje i dag. Ordninga i dag gjev mor fleire rettar enn far, og eg har kalla det ei diskriminerande ordning, seier Ørstavik.

I dag er reglane slik at far ikkje har nokon sjølstendig rett til foreldrepermisjon, sjøl om han har jobba og tent opp rettar i trygdesystemet. For å få betalt permisjon er han avhengig av mor si tilknyting til arbeidslivet og av når ho vel å gå attende på jobb.

Endra farsrolle

- Hos ombodet høyrer vi jamleg frå fedrar som reagerer på dette, og eg er samd med dei; foreldrepermisjonsordninga behandlar fedrar annleis enn mødrer. Eg skulle ønskje at regjeringa kunne slutte å flikke på den gamle ordninga, og heller innføre ei ordning som legg til grunn at både mor og far ønskjer å ta seg av barnet sitt, håpar ombodet. 

- Farsrolla har endra seg drastisk dei siste 10-15 åra. No må vi få et regelverk som speglar dette. Eg har enno ikkje høyrd ei god nok grunngjeving for kvifor dette ikkje skal la seg gjere. Både Sverige og Island har ordningar der mor og far har heilt sjølstendige rettar til foreldrepermisjon, seier ho.