- Mytar og stereotypiar knytta til eldre arbeidstakarar er ei stor likestillingsufordring, seier Kari Østerud, direktør i Senter for seniorpolitikk.

Jamleg inviterer likestillings- og diskrimineringsombudet eksterne innleiarar til å fortelje kva dei ville gjort hvis dei satt i ombodet sin stol.

- Det er alltid nyttig å høyre frå folk som ser oss frå utsida, og vi fekk mange spanande utfordringar frå Kari Østerud i dag, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.

- Ombodet har viktig kompetanse

- Vi har ein veg å gå til verdsetjing av erfaring og kompetanse. Ei av dei viktigste likestillingsutfordringane er negative holdningar, mytar og stereotypiar knytta til eldre arbeidstakarar, sa Østerud.

Ho ynskjer seg ei klarare stemme frå ombodet om eldre arbeidstakarar. Særleg i tilsettingsprosessar, i debatten om aldersgrenser, og i å sjå alder i eit kvinneperspektiv.

- Dykk har mykje kompetanse om diskriminering, og det hadde vore fint om dykk brukar denne kompetansen meir på aldersdiskrimineringsfeltet, sa ho.

Les meir: