Høgdepunkt frå konferansen

Hvis du ikkje hadde moglegheit til å følgje arbeidslivskonferansen vår i dag, kan du få høgdepunkt frå deltakarane på Twitter, søk på #jobbogkjønn. Du kan også sjå bilete på ombodet si facebookside.

Ombod Sunniva Ørstavik leda konferansen på Litteraturhuset i Oslo tysdag. Publikum fekk høyre om ei rekkje praktiske likestillingstiltak som har gode resultat, som for eksempel arbeidet mot ufrivillig deltid i varehandelen, i regi av HK og Virke.

Robert Ullmann, daglig leder stiftelsen Kanvas, snakka om korleis dei har jobba for å rekruttere menn til barnehagane.

Deretter blei arbeidslivets partar utfordra på korleis dei vil sikre at likestillingsarbeidet blir meir enn lokale tiltak.

Torbjørn Røe Isaksen (H) og Annette Trettebergstuen (Ap) avslutta med ein diskusjon om likestilling i arbeidslivet og framtidas likestillingspolitikk.