Mange gravide blir framleis diskriminerte

- Diskriminering av gravide er eit gløymd tema. Alle trur at slik diskriminering ikkje finst lenger, men det som blir lagt fram i dag viser at det eksisterer i stort omfang, seier Åsta Årøen, leiar i Venstrekvinnelaget.

“Diskriminering i arbeidslivet – kva veit vi?” var tema da kvinnepolitiske leiarar møtte likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik. Vi vil gjerne tru at diskriminering av gravide er eit tilbakelagt stadium. Slik er det ikkje.

Graviditetsdiskriminering er eit av dei områda som flest tek kontakt med ombodet om, og det handlar om heilt konkret diskriminering.

Slik diskriminering fører til at kvinner mister jobb, ikkje får ein jobb dei har søkt på, mistar arbeidsoppgåver, karrieremogelegheiter og ikkje får lønnsopprykk.

Diskriminering på grunn av uttak av foreldrepermisjon rammar flest kvinner, men også mannlege arbeidstakarar blir utsett for dette.