{"id":14568,"date":"2016-01-01T00:00:00","date_gmt":"2016-01-01T00:00:00","guid":{"rendered":"https:\/\/ldo.local\/arkiv\/klagesaker\/2016-funksjonsevne-16486-barn-med-nedsatt-funksjonsevne-sporsmal-om-likeverdig-tjenestetilbud-fra-kommunen\/"},"modified":"2016-01-01T00:00:00","modified_gmt":"2016-01-01T00:00:00","slug":"2016-funksjonsevne-16486-barn-med-nedsatt-funksjonsevne-sporsmal-om-likeverdig-tjenestetilbud-fra-kommunen","status":"publish","type":"ldo-complaint","link":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2016-funksjonsevne-16486-barn-med-nedsatt-funksjonsevne-sporsmal-om-likeverdig-tjenestetilbud-fra-kommunen\/","title":{"rendered":"16\/486 Barn med nedsatt funksjonsevne &#8211; sp\u00f8rsm\u00e5l om likeverdig tjenestetilbud fra kommunen"},"content":{"rendered":"<article class=\"base-article inside\">\n<header>\n<div class=\"row\">\n<div class=\"col-sm-12\">\n<\/div>\n<\/div>\n<h1>\nBarn med nedsatt funksjonsevne &#8211; sp\u00f8rsm\u00e5l om likeverdig tjenestetilbud fra kommunen<br \/>\n<\/h1>\n<\/header>\n<section>\n<section class=\"lead\">\n<p>Saka gjaldt sp\u00f8rsm\u00e5l om avslag p\u00e5 tilrettelagt transport til eit dagsenter til ein person med nedsett funksjonsevne utgjorde diskriminering.<\/p>\n<p>Ombodet konkluderte med at det ikkje var tale om direkte diskriminering. Grunnen til at klagar ikkje fikk innvilga transport var at ho ikkje budde i eit av kommunen sine bufellesskap. Den nedsette funksjonevnen var dermed ikkje \u00e5rsaken til avslaget. Det dreide seg heller ikkje om ein ulik behandling av personar med ulik nedsett funksjonsevne.<\/p>\n<p>Ombodet fant heller ikkje at avslaget var i strid med forbodet mot indirekte diskriminering. Kommunen sin praksis stilte ikkje personar med nedsett funksjonsevne d\u00e5rlegare enn andre da transportordninga skulle ivareta nettopp denne gruppa og fleirtalet av dei som hadde behov for slik transport budde i eit bufellesskap og fikk dermed innvilga transport.<\/p>\n<ul>\n<li><strong><span style=\"color: #282828;font-family: Arial\">Saksnummer: 16\/486<\/span><\/strong><\/li>\n<li><strong><span style=\"color: #282828;font-family: Arial\"> Lovgrunnlag: Diskriminerings- og tilgjengelighetsloven \u00a7 4 <\/span><\/strong><\/li>\n<li><strong><span style=\"color: #282828;font-family: Arial\">Dato for uttalelse: 3. juni 2016 <\/span><\/strong><\/li>\n<\/ul>\n<\/section>\n<section>\n<h2> Bakgrunn for saka<\/h2>\n<p>Saka gjeld sp\u00f8rsm\u00e5l om avslag p\u00e5 tilrettelagt transport til eit dagsenter til ein person med nedsett funksjonsevne utgj\u00f8r diskriminering i strid med diskriminerings- og tilgjengelighetsloven \u00a7 4.<\/p>\n<p>A har autisme og er utviklingshemma. A har behov for hjelp til alle daglege gj\u00f8rem\u00e5l, personleg stell og tilsyn heile d\u00f8gnet. Foreldra til A, C og D, har p\u00e5 vegne av ho brakt saka inn for ombodet. C er verje for dottera.<\/p>\n<p>A har leid leilegheit av B kommune i E bufellesskap. Den 1. desember 2014 sendte foreldra oppseiing av leilegheita til bustadkontoret. Oppseiingstida var tre m\u00e5nader. A fekk beskjed om at oppseiingstida blei sett ut februar 2015.<\/p>\n<p>A kj\u00f8pte eigen leilegheit i F i B kommune i desember 2014. Bakgrunnen for kj\u00f8pet var foreldra sin misn\u00f8ye med butilbodet i E, samt eit \u00f8nske om \u00e5 f\u00e5 ho n\u00e6rare foreldra. A overtok leilegheita den 20. desember 2014.<\/p>\n<p>C s\u00f8kte 3. desember 2014 om kommunale omsorgstenester i samband med at A skulle flytte i eigen bustad i n\u00e6rleiken av der verje bur. Den 20. januar 2015 fatta B kommune vedtak om omsorgstenester for A. I brev av 5. mars 2015 til klagar varsla kommunen om at den vurderte \u00e5 gjere om p\u00e5 vedtaket av 20. januar. Den 16. mars 2015 gjorde kommunen om p\u00e5 vedtaket. I omgjeringsvedtaket st\u00e5r det: \u00abB kommune vurderer at det ikkje er mogeleg \u00e5 yta forsvarlege tenester til A i bustad \u00e5leine. Kommunen avsl\u00e5r p\u00e5 denne bakgrunn retten til \u00e5 f\u00e5 tilrettelagt heild\u00f8gnsomsorg i ny bustad i F. Kommunen fastheld retten til tenester og omfang av tenester som vart stadfesta i vedtak datert 20.10.2015, men stiller som vilk\u00e5r at A m\u00e5 bu i bustad knytt til ein omsorgs-base, som er stor nok til \u00e5 ivareta forsvarlege helse og omsorgstenester ut f\u00e5r hennes behov.\u00bb<\/p>\n<p>Det g\u00e5r fram av referat fr\u00e5 m\u00f8te den 4. desember 2014:\u00bbTransport til dagsenter n\u00e5r A flytter til G: H unders\u00f8kjer korleis dette skal ordnast.\u00bb<\/p>\n<p>I brev av 26. mars 2015 klaga C p\u00e5 omgjeringsvedtaket. B kommune vurderte klagen 26. mars, og i brev av 8. april 2015 opprettheldt kommunen sitt vedtak av 16. mars 2015 og sendte saka til Fylkesmannen i I for endeleg vurdering.<\/p>\n<p>Fylkesmannen i I konkluderte med \u00e5 oppheve B kommune sitt endringsvedtak av 16. mars 2015. Det medf\u00f8rte at vilk\u00e5ret om at A ikkje kan bu der verja \u00f8nskjer, og samstundes f\u00e5 kommunale omsorgstenester, falt bort. B kommune sitt opphavelege vedtak av 20. januar 2015 vert st\u00e5ande, og kommunen m\u00e5tte levere dei tenesta det der vert fatta vedtak om.<\/p>\n<p>I brev av 12. mars 2015 ba B kommune Fylkesmannen i I om \u00e5 vurdere om C var eigna som verje for A. Fylkesmannen i I vurderte meldinga om bekymring fr\u00e5 kommunen, og konkluderte med at Fylkesmannen ikkje hadde nokon merknader til korleis oppdraget som verje er utf\u00f8rt.<\/p>\n<p>Den 3. august 2015 flytta A inn i eigen bustad. A betalte for transportkostnadene til dagsenteret i om lag to og ein halv m\u00e5nad etter at ho flytta.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 midten av oktober 2015 blei A henta og kj\u00f8rt til og fr\u00e5 dagsenteret av ein bil med eigen sj\u00e5f\u00f8r. Kommunen ga beskjed om at dette var ei midlertidig ordning, da kommunen arbeida med forslag til endring av tilbodet om tilrettelagt transport.<\/p>\n<p>R\u00e5det for funksjonshemma ga 4. november 2015 fylgjande uttale om saka: \u00abR\u00e5det for funksjonshemma er oppteken av at aktivitetstilboda til personar med nedsett funksjonsevne ikkje blir svekka, men derimot sv\u00e6rt viktige og oppretthalda. Det betyr sv\u00e6rt mykje for den enkelte sin livskvalitet og helse.<\/p>\n<p>R\u00e5det bed om at noverande transportordning for dei som f\u00e5r tilbodet sitt ved Kompetansesenteret (dagavdeling) i dag vert oppretthalde. Dette gjeld ogs\u00e5 for dei som bur utanfor bufellesskap og brukar offentleg\/kommunal transport som vert dekka av kommunen. Tek ein utgangsport i busskort t.d. fr\u00e5 J eller K til L, kan det for brukarar lengst vekke fr\u00e5 L komma opp i ein betydeleg kostnad i \u00e5ret.<\/p>\n<p>Difor m\u00e5 ein mogleg eigenandel vera moderat og lik uansett kva heimeadresse vedkommande har.<\/p>\n<p>Konsekvensen av r\u00e5dmannen si innstilling kan verta at sj\u00f8lv om brukaren har plass ved dagsenteret, kan kommunen m\u00e5tte overta det fulle ansvar for heimebuande funksjonshemma der foreldre\/p\u00e5r\u00f8rande ikkje maktar meir.\u00bb<\/p>\n<p>I brev av 16. november 2015 avslo B kommune s\u00f8knad om dekking av reiseutgifter for k\u00f8yring til dagsenteret iL: \u00abB kommune har vurdert din forespurnad om dekking av reiseutgifter att og fram fr\u00e5 heimen til L kompetansesenter. K\u00f8yretilbod fell ikkje inn under lov om helse og omsorgstenester, men er ein ordning som er komen i stand i regi av kommunen av praktiske \u00e5rsaker for dei som bur i bufellesskap.<\/p>\n<p>S\u00f8knaden blir avsl\u00e5tt med bakgrunn i privat ordning mellom bebuar og kommunen, som kommunen etter kvart har sett er kostbar. Vi vil seinare lage sak om eigenandel for tenesta gjennom politiske vedtak.<\/p>\n<p>Etter som dette ikkje er eit vedtak er det ikkje klagerett etter forvaltningslova.\u00bb<\/p>\n<p>Formannskapet vedtok den 3. desember 2015 fylgjande: \u00abB kommune kan organisere transport for menneske med nedsett funksjonsevne mellom bufellesskapa og aktivitetstilbod ved L kompetansesenter.<\/p>\n<p>Tilbodet gjeld ikkje for private heimar.<\/p>\n<p>Det m\u00e5 s\u00f8kjast om tenesta. B kommune innf\u00f8rer eigenandel p\u00e5 tilrettelagt transport.<\/p>\n<p>Dette inneber at alle som bur i bufellesskapa p\u00e5 M og har aktivitetstilbod p\u00e5 dagsenteret m\u00e5 s\u00f8kje om transport. Bruk vedlagte s\u00f8kjarskjema og send det til L kompetansesenter,N 7, O L innan 15.1.2016<\/p>\n<p>Om du kan \u00abst\u00e5 langs vegen\u00bb der transporten g\u00e5r, kan du og s\u00f8kje om \u00e5 f\u00e5 nytte deg av transporten.<\/p>\n<p>Dei som arbeidar ved B vekstbedrift, kan ikkje lenger f\u00e5 nyttiggjere seg av denne transporten. Dei m\u00e5 s\u00f8kje tildelingskontoret for alternative l\u00f8ysingar. Bruk vedlagte s\u00f8kjarskjema.<\/p>\n<p>Eigenandelen ved transport vil bli den same som ved offentleg transport.\u00bb<\/p>\n<p>I saksutgreiinga st\u00e5r det fylgjande: \u00abB kommune driv ulike dagsenter og aktivitetstilbod. Desse tilboda er av stor betyding for m\u00e5lgruppa. Det gjev innhald og struktur i kvardagen. Ulike aktivitetar styrker sj\u00f8lvkjensla og gjev meistringsopplevingar for den einskilde. I tillegg er det og ein sosial arena. Dette er ikkje ein lovp\u00e5lagt teneste, men gode og ressurssparande tiltak som n\u00e5r mange. Alternativet er tilsyn og aktivitet i eigen heim, noko som er mykje meir ressurskrevjande. M\u00e5lgruppa for tilbodet er menneske med nedsett funksjonsevne som har trong for meiningsfylte aktivitetar og sosialt samv\u00e6r med andre. Tilboda er organisert innanfor pleie og omsorg og fylgjande tilbod har tilrettelagt transport. Dagsenterplass p\u00e5 sjukeheim er inkludert mat og transport. Brukar som har f\u00e5tt tildelt dagsenterplass betalar kr 200 pr. dag i eigenandel. Av dette blei ca 50 kroner rekna som utgifter til skyss. (vedtak i kommunestyret 24.05.2012) L kompetansesenter har aktivitetstilbod til menneske med funksjonshemming. Det er organisert transport mellom bufellesskapa p\u00e5 M og dette aktivitetstilbodet ved L kompetansesenter. Denne transporten er gratis for dei som nyttar den, men den utgjer ein del kostnadar for kommunen. L kompetansesenter nyttar pr. i dag 0,33 \u00e5rsverk til transport til og fr\u00e5 aktivitetstilbod. I tillegg kjem kostnadane med innkj\u00f8p og drift av eigen minibuss.<\/p>\n<p>D\u00e5 omfanget av transport er aukande b\u00f8r det takast stilling til om dette skal vere eit kommunalt tilbod. Det b\u00f8r og takast stilling til kor omfattande transporttilbodet skal v\u00e6re og om det skal betalast eigenandel. Storparten av brukarane som treng tilrettelagt transport bur i bufellesskap. Personale som utf\u00f8rer transporten har andre arbeidsoppg\u00e5ver etter fullf\u00f8rt transport. For \u00e5 redusere kostnadane knytt til personalutgifter vil eit alternativ vere at transporten g\u00e5r fr\u00e5 bufellesskapa til aktivitetstilbod. Eit anna alternativ er \u00e5 k\u00f8yre rundt og hente brukarar som bur utanfor bufellesskapa. Dette vil medf\u00f8re lenger reisetid og kortare tid p\u00e5 aktivitetstilboda noko som truleg vil opplevast negativt for dei fleste brukarane. I tillegg vil ressursbruken i fht. Transport auke. Eit tredje alternativ kan vere at n\u00e5r kommunen har transport og det er kapasitet, s\u00e5 kan ein ved \u00e5 m\u00f8te opp p\u00e5 vegen langs transportruta f\u00e5 nytte seg av transporten. Ein del kommunar har innf\u00f8rt eigenbetaling ved transport til denne typen tiltak. Til d\u00f8mes s\u00e5 kostar transport til og fr\u00e5 dagsenter i Bergen kommune kr. 340 pr. mnd for dei som har eit fullt dagtilbod. Andre kommunar tar betalt for aktivitetstilbod.\u00bb<\/p>\n<p>A vart teken ut av dagsenteret fr\u00e5 og med m\u00e5ndag 14. desember 2015 p\u00e5 grunn av kostnader med transport.<\/p>\n<p>M\u00e5ndag 4. januar 2016 vart det p\u00e5 ny organisert tilrettelagt transport for A til dagsenteret i L.<\/p>\n<p>Den 14. januar 2016 s\u00f8kte C og D Tildelingskontoret om tilrettelagt transport for A. I brev av 8. februar 2016 avslo B kommune s\u00f8knaden: \u00abTilbodet om tilrettelagt transport er avgrensa til brukarar som bur i eit av kommunen sine bufellesskap og har aktivitetstilbod ved L kompetansesenter. D\u00e5 du bor i eigen bustad vert du ikkje omfatta av ordninga. S\u00f8knaden din vert difor avvist. Vedtaket kan ikkje klagast p\u00e5. Den nye transportordninga vil bli sett i verk 1.3.2016 og ordninga med transport fr\u00e5 J-sona vil opph\u00f8yre fr\u00e5 same dato.\u00bb<\/p>\n<p>C og D brakte p\u00e5 vegne av A saka inn for ombodet ved brev av 4. februar 2016.<\/p>\n<h2>Partane sitt syn p\u00e5 saka<\/h2>\n<h3>C og D p\u00e5 vegne av A:<\/h3>\n<p>A er diskriminert fordi ho har valt \u00e5 bu i eigen bustad n\u00e5r det gjeld transport til dagsenteret i L. Kommunen har avsl\u00e5tt \u00e5 betale kj\u00f8regodtgjersle til A samstundes som den ikkje har klart \u00e5 ordne med annen transport. Alle andre har samstundes hatt gratis transport til dagsenteret.<\/p>\n<p>B kommune har fatta eit vedtak ang\u00e5ande tilrettelagt transport til dagtilbod i L som seier at personar som bur i private heimar ikkje har muligheit til \u00e5 s\u00f8kja om slik transport. Retten til \u00e5 f\u00e5 tilrettelagt transport er atterhaldt dei som bur i kommunale bufellesskap p\u00e5 M. Sj\u00f8lv om ein ikkje har krav p\u00e5 tilrettelagt transport, m\u00e5 kommunen behandle alle likt. S\u00e5 lenge alle andre som g\u00e5r p\u00e5 dagsenteret har gratis transport, s\u00e5 m\u00e5 kommunen s\u00f8rgja for at A og f\u00e5r gratis transport.<\/p>\n<p>I saksutgreiinga til B Kommune er det sagt at ordninga med gratis tilrettelagt transport var atterhaldt bebuarar i kommunale bufellesskap, og at gratis tilrettelagt transport gjaldt dei som hadde f\u00e5tt vedtak om aktivitetstilbod p\u00e5 dagsenteret i L. Dette er ikkje rett. Alle som har hatt aktivitetstilbod ved dagsenteret i L har hatt gratis transport i alle \u00e5r uavhengig av bustad og bustadform. I tillegg har mange av dei som har jobba ved B Vekstbedrift (tidlegare P) i Q hatt gratis transport. Dette gjaldt dei som bur p\u00e5 M og vidare langs ruta til Q.<\/p>\n<p>Etter at transporten for A og den andre bebuaren i J-sona vart stoppa har alle andre som g\u00e5r p\u00e5 dagsenteret hatt gratis transport uavhengig av om dei bur privat eller ei. Dette gjeld og R som har f\u00e5tt dekkja bussreise av B Kommune ogs\u00e5 etter 14. desember 2015. Dei som jobba p\u00e5 B Vekstbedrift har og hatt gratis transport p\u00e5 same vis ogs\u00e5 etter 14. desember 2015.<\/p>\n<p>A har nytta eigen bil til transport i 2, 5 m\u00e5nader, samstundes som foreldra har kontakta kommunen gjentekne gonger for \u00e5 f\u00e5 ei avklaring om korleis transporten skal organiserast. C og D \u00f8nskjer prim\u00e6rt at A kan f\u00e5 betalt for den kj\u00f8ringa ho har m\u00e5tte kosta sj\u00f8lv i forbindelse med transport til dagsenteret i ca. 2, 5 m\u00e5nader. Totalt utgjer dette kronar 14214,-.<\/p>\n<p>Kommunen har nytta alle midlar for \u00e5 hindre A i \u00e5 flytte inn i eigen bustad og nytta seg av sin rett til sj\u00f8lv \u00e5 velja kvar og med kven ho vil bu. F\u00f8rst med \u00e5 gjere om omsorgsvedtaket og deretter \u00e5 fors\u00f8kje \u00e5 fjerne mor som verje.<\/p>\n<h3>B kommune:<\/h3>\n<p>B kommune avviser A sin p\u00e5stand om diskriminering.<\/p>\n<p>Kommunen presiserer at ordninga med tilrettelagt transport fr\u00e5 bufellesskap i kommunen til dagsenteret i L aldri har vore eller er ein lovp\u00e5lagt teneste som kommunen skal yte til sine bebuarar. Kommunen vil ogs\u00e5 presisere at ordninga f\u00f8rst og fremst er komen i stand for \u00e5 effektivisere tilbodet om transport for ei samla gruppe, s\u00e6rleg med tanke p\u00e5 behov og geografi (same bustad).<\/p>\n<p>Forvaltningslova sine sakshandsamingsregler er ikkje gjenstand for overpr\u00f8ving fr\u00e5 ombodet med mindre feila kan medf\u00f8re urimeleg forskjellsbehandling. Kommunen er av den meining at saksbehandlingsfeilen ikkje har f\u00e5tt innverknad p\u00e5 avgjersla om ny ordning for tilrettelagt transport.<\/p>\n<p>Kommunen viser til form\u00e5lsparagrafen i diskriminerings- og tilgjengelighetsloven \u00a7 1, og p\u00e5peiker at saken gjeld ulikheiter basert p\u00e5 kor dei bor geografisk, og ikkje ulikheitar knytt til funksjonsevna. Krava er objektive og baserar seg ikkje p\u00e5 \u00e5 forskjellshandsame p\u00e5 bakgrunn av funksjonsevne. Om det er snakk om urimeleg forskjellshandsaming s\u00e5 er det i tilfelle av same gruppe menneskjer. Kommunen kan s\u00e5leis ikkje sj\u00e5 at loven er anvendeleg i denne aktuelle saka. Vidare n\u00e5r ein ser p\u00e5 lovens saklege virkeomr\u00e5det, kan det ogs\u00e5 stillast sp\u00f8rsm\u00e5l ved om denne saka er i samsvar med virkeomr\u00e5det, jf. \u00a7 2. Korleis bebuarane vil innordne seg n\u00e5r det gjeld til transport som ikkje er lovp\u00e5lagt, m\u00e5 vel kunne seiast \u00e5 v\u00e6re av reint personleg forhold.<\/p>\n<p>Kommunen ser ikkje kva for relevans tal p\u00e5 avslag har i vurderinga av om transportordninga er i strid med diskriminerings- og tilgjengelighetsloven. Om ombodet komer fram til at det har skjedd noko i strid med nemnde lov vil kommunen m\u00e5tte ta tak i alle saker, uavhengig av kor mange dette gjeld. Kommune kan likevel presisere at alle avslag er gitt p\u00e5 bakgrunn av at s\u00f8karane ikkje oppfyller vilk\u00e5ra, som g\u00e5r ut p\u00e5 at dei ikkje bur i eit kommunalt bufellesskap. Det skal ogs\u00e5 nemnast at kommunen tidlegare har latt folk som ikkje bur i kommunale bufellesskap f\u00e5 sitte p\u00e5 med minibussen, men dette har berre basert seg p\u00e5 velvilje og at vedkommande har budd p\u00e5 ein stad p\u00e5 strekninga mellom bufellesskapet og dagsenteret i L og ikkje minst at det har vore ekstra plass i minibussen. Tilsvarande ordning vil ogs\u00e5 gjelde etter ny ordning, men n\u00e5 vil dei ogs\u00e5 m\u00e5tte l\u00f8yse ut billett om dei \u00f8nskjer \u00e5 nytte seg av denne moglegheita.<\/p>\n<h2>Rettsleg grunnlag<\/h2>\n<p>Ombodet kan gi uttale om eit forhold er i strid med diskriminerings- og tilgjengelighetsloven (lov nr. 61\/2013) eller ikkje, jf. diskrimineringsombudsloven (lov nr. 40\/2005) \u00a7 3 tredje ledd, jf. \u00a7 1 andre ledd nr. 3.<\/p>\n<h3>Diskriminerings- og tilgjengelighetsloven<\/h3>\n<p>Diskriminerings- og tilgjengelighetsloven sett forbod mot direkte og indirekte diskriminering p\u00e5 grunn av nedsett funksjonsevne, jf. diskriminerings- og tilgjengelighetsloven \u00a7 5.<\/p>\n<p>Direkte diskriminering er i lova definert som ei handling eller unnlating som har som form\u00e5l eller verking at ein person blir behandla d\u00e5rlegare enn andre ville blitt i ein tilsvarande situasjon, og at dette er p\u00e5 grunn av nedsett funksjonsevne.<\/p>\n<p>Indirekte diskriminering er i lova definert som ein tilsynelatande n\u00f8ytral bestemming, f\u00f8resetnad, praksis, handling eller unnlating som f\u00f8rer til at personer stilles d\u00e5rlegare enn andre, og at dette skjer p\u00e5 grunn av nedsett funksjonsevne.<\/p>\n<p>Forskjellig behandling er ikkje i strid med forbodet mot diskriminering i \u00a7 5 n\u00e5r den har eit sakleg form\u00e5l, er n\u00f8dvendig for \u00e5 oppn\u00e5 form\u00e5let og det er eit rimeleg forhold mellom det ein \u00f8nskjer \u00e5 oppn\u00e5 og kor inngripande behandlinga er overfor den eller dei som blir behandla d\u00e5rlegare, jf. diskriminerings- og tilgjengelighetsloven \u00a7 6.<\/p>\n<p>Dersom det ligg f\u00f8re omstende som gir grunn til \u00e5 tro at det har skjedd diskriminering, skal det leggas til grunn at diskriminering har skjedd, viss ikkje den som er ansvarlig for handlinga, unnlatinga eller ytringa sannsynliggj\u00f8r at det likevel ikkje har skjedd diskriminering, jf. diskriminerings- og tilgjengelighetsloven \u00a7 13.<\/p>\n<h2>Ombodet sin vurdering<\/h2>\n<p>Klagar sin verje har vist til at A er diskriminert f\u00f8rst fordi ho har valt \u00e5 bu i eigen bustad, og deretter n\u00e5r det gjeld ordninga med tilrettelagt transport. N\u00e5r det gjeld kommunale omsorgstenester til A i samband med at ho flytta i eigen bustad, blei kommunen sitt vedtak om omgjering oppheva av Fylkesmannen i I, og dette forholdet er s\u00e5leis retta.<\/p>\n<p>Ombodet skal dermed berre ta stilling til om B kommune har handla i strid med diskriminerings- og tilgjengelighetsloven ved avslag p\u00e5 tilrettelagt transport til dagsenteret i L for A. Ombodet har merka seg at kommunen i varierande grad har vald \u00e5 tilby tilrettelagt transport til og fr\u00e5 dagsenteret, og at det av den grunn har vore lite f\u00f8reseieleg for klagar, men kan ikkje sj\u00e5 at dette er av avgjerande betyding for sp\u00f8rsm\u00e5let om diskriminering.<\/p>\n<p>Diskriminerings- og tilgjengelighetsloven har i \u00a7 16 ein regel om rett til individuell tilrettelegging av kommunale tenestar. I \u00a7 16 f\u00f8rste ledd, andre setning heiter det: \u00abPersoner med nedsatt funksjonsevne har rett til egnet indivduell tilrettelegging av kommunale tjenestetilbud etter helse- og omsorgstjenesteloven av varig karakter for den enkelte, for \u00e5 sikre at personer med nedsatt funksjonsevne f\u00e5r et likeverdig tilbud.\u00bb<\/p>\n<p>B kommune har vist til at tilrettelagt transport og for s\u00e5 vidt ogs\u00e5 tilbodet om aktivitet p\u00e5 dagsenteret\/kompetansesenteret ikkje er ei lovp\u00e5lagt teneste. Dette er alts\u00e5 ikkje tenester klagar har krav p\u00e5. Klagar har ikkje bestridt dette. Ombodet legger dette til grunn.<\/p>\n<p>I lovforarbeida til tidlegare diskriminerings- og tilgjengelighetslov (lov nr. 42\/2008), Ot.prp. nr. 44 (2007\u20132008) s. 265, som i hovudsak er vidaref\u00f8rt med 2013-lova, st\u00e5r det fylgjande under merknadar til dei einskilde lovreglane n\u00e5r det gjeld individuell tilrettelegging av slike tenestetilbod: \u00abBestemmelsen understreker kommunens plikt til \u00e5 tilby tjenester tilpasset den enkeltes behov, ogs\u00e5 n\u00e5r dette krever en individuell tilrettelegging. Denne bestemmelsen skal regulere hvorvidt det har skjedd diskriminering ved at gjeldende regler ikkje er fulgt. Den endrer ikke kommunens plikter etter helse- og sosiallovgivningen.\u00bb<\/p>\n<p>Da det ikkje fylgjer av helse- og omsorgstenesteloven at ein har krav p\u00e5 tilrettelagt transport, legger ombodet til grunn av regelen i diskriminerings- og tilgjengelighetsloven \u00a7 16 ikkje regulerer det forhold som klaga gjeld.<\/p>\n<p>Ombodet g\u00e5r s\u00e5 over til \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 om avslag p\u00e5 tilrettelagt transport kan utgjere diskriminering etter hovudregelen i diskriminerings- og tilgjengelighetsloven \u00a7 4.<\/p>\n<p>For at ombodet skal kunne konkludere med at det har skjedd diskriminering, m\u00e5 fleire vilk\u00e5r vere oppfylt. For det f\u00f8rste m\u00e5 klagar ha blitt behandla d\u00e5rlegare enn andre i ein tilsvarande situasjon.<\/p>\n<p>Det er p\u00e5 det reine at vilk\u00e5ret om \u00e5 bli behandla d\u00e5rlegare er oppfylt da klagar har f\u00e5tt avslag p\u00e5 s\u00f8knad om tilrettelagt transport til og fr\u00e5 dagsenteret. Grunnlaget for \u00e5 samanlikne er da personar som bur i eit av kommunen sine bufellesskap, som f\u00e5r slik transport. Det g\u00e5r fram av saka sine dokumentar at ogs\u00e5 andre innbyggarar har f\u00e5tt avslag p\u00e5 transport. Til d\u00f8mes har personar som arbeidar ved B vekst AS f\u00e5tt avslag p\u00e5 slik s\u00f8knad.<\/p>\n<p>B kommune har grunngitt avslaget p\u00e5 tilrettelagt transport med at A ikkje bur i eit av kommunen sine bufellesskap, men bur i eigen bustad. Det dreiar seg d\u00e5 ikkje om ein ulik behandling av personar med ulik type nedsett funksjonsevne. Det er dermed ikkje tale om direkte diskriminering eller ulovleg positiv s\u00e6rbehandling av ein gruppe med ein bestemt type nedsett funksjonsevne. Ombodet viser til Ot.prp. nr. 44 (2007\u20132008) s. 125, kor det g\u00e5r fram: \u00abDet kan reises sp\u00f8rsm\u00e5l om det er tillatt \u00e5 skille ut en mindre gruppe for positiv s\u00e6rbehandling sj\u00f8lv om en st\u00f8rre gruppe er d\u00e5rlig stilt. For eksempel kan det tenkes at det iverksettes tiltak for \u00e5 fremme bevegelseshemmedes jobbmuligheter, samtidig som det er klart at ogs\u00e5 mennesker med andre former for nedsatt funksjonsevne ikkje har like muligheter for \u00e5 f\u00e5 jobb. Departementet mener at der det foreligger reell ulikhet for fleire grupper av personer med nedsatt funksjonsevne, b\u00f8r det utvises en viss forsiktighet med \u00e5 gi positiv s\u00e6rbehandling bare til en eller noen av gruppene.\u00bb<\/p>\n<p>I Likestillings- og diskrimineringsnemnda sin sak nr. <span>17\/2010<\/span> kom nemnda til at Nav sin praktisering av rundskriv om \u00abst\u00f8nad til motorkj\u00f8ret\u00f8y eller annet transportmiddel\u00bb behandla utviklingshemma d\u00e5rlegare enn andre, og uttalte: \u00abRetningslinjene oppfordrer psykisk utviklingshemmede som bor i samlokalisert bolig, til \u00e5 inng\u00e5 felles avtale om \u00e5 dele motorkj\u00f8ret\u00f8y i gruppe 2, og at det \u2018som regel ikke [vil] v\u00e6re aktuelt \u00e5 tilst\u00e5 st\u00f8nad til mer enn ett motorkj\u00f8ret\u00f8y i gruppe 2 i hver samlokaliserte bosted\u2019. Dette medf\u00f8rer at man for denne gruppen utviklingshemmede ikke foretar en tilstrekkelig individuell vurdering av om vilk\u00e5rene for \u00e5 motta st\u00f8nad til motorkj\u00f8ret\u00f8y 2 er til stede. NAV har p\u00e5 sin side opplyst at de vurderer \u00e5 fjerne uttrykket \u2018psykisk utviklingshemmet\u2019 i rundskrivet.\u00bb<\/p>\n<p>Samanlikningsgrunnlaget var da personar med annan type nedsett funksjonsevne enn psykisk utviklingshemming. Det er ikkje tilsvarande skilje mellom type nedsett funksjonsevne i denne saka.<\/p>\n<p>Ombodet finner heller ikkje at kommunen sitt avslag er i strid med forbodet mot indirekte diskriminering, jf. diskriminerings- og tilgjengelighetsloven \u00a7 5 andre ledd, tredje setning.<\/p>\n<p>I Ot.prp. nr. 44 (2007\u20132008) s. 252, st\u00e5r det mellom anna fylgjande om indirekte diskriminering: \u00abIndirekte diskriminering kjennetegnes ved at det tilsynelatende ikkje er noe (formelt) galt som har funnet sted. Handlingen, unnlatelsen, bestemmelsen, betingelsen eller praksisen er formelt sett n\u00f8ytral, men f\u00e5r i praksis den virkning for personer med nedsatt funksjonsevne at de stilles d\u00e5rligere enn andre.\u00bb<\/p>\n<p>Ombodet kan ikkje sj\u00e5 at avslaget i praksis stiller personar med nedsett funksjonsevne d\u00e5rlegare enn andre da ordninga er ei ordning som skal ivareta nettopp denne gruppa og fleirtalet av dei som har behov for slik transport bur i eit av kommunen sine bufellesskap \u2013 og dermed ogs\u00e5 f\u00e5r slik transport.<\/p>\n<p>Om den ulike behandlinga av innbyggarar som bur i eigen bustad og innbyggarar som bur i eit av kommunen sine bufellesskap, kan v\u00e6re i strid med andre reglar faller utanfor ombodet sin kompetanse.<\/p>\n<p>Ombodet sin konklusjon er f\u00f8lgeleg at kommunen sitt avslag p\u00e5 tilrettelagt transport ikkje strider mot forbodet mot direkte eller indirekte diskriminering i diskriminerings- og tilgjengelighetsloven \u00a7 4.<\/p>\n<h2>Konklusjon<\/h2>\n<p>B kommune har ikkje handla i strid med diskriminerings- og tilgjengelighetsloven \u00a7 4 ved avslag p\u00e5 tilrettelagt transport til dagsenteret i L for A.<\/p>\n<\/section>\n<\/section>\n<\/article>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Saka gjaldt sp\u00f8rsm\u00e5l om avslag p\u00e5 tilrettelagt transport til eit dagsenter til ein person med nedsett funksjonsevne utgjorde diskriminering.<br \/>\nOmbodet konkluderte med at det ikkje var tale om direkte diskriminering. Grunnen til at klagar ikkje fikk innvilga transport var at ho ikkje budde i eit av kommunen sine bufellesskap. Den nedsette funksjonevnen var dermed ikkje \u00e5rsaken til avslaget. Det dreide seg heller ikkje om ein ulik behandling av personar med ulik nedsett funksjonsevne.<br \/>\nOmbodet fant heller ikkje at avslaget var i strid med forbodet mot indirekte diskriminering. Kommunen sin praksis stilte ikkje personar med nedsett funksjonsevne d\u00e5rlegare enn andre da transportordninga skulle ivareta nettopp denne gruppa og fleirtalet av dei som hadde behov for slik transport budde i eit bufellesskap og fikk dermed innvilga transport.<\/p>\n<p>Saksnummer: 16\/486<br \/>\n Lovgrunnlag: Diskriminerings- og tilgjengelighetsloven \u00a7 4<br \/>\nDato for uttalelse: 3. juni 2016<\/p>\n","protected":false},"template":"","meta":{"footnotes":""},"ldo-archive-year":[28],"class_list":["post-14568","ldo-complaint","type-ldo-complaint","status-publish","hentry","ldo-archive-year-28"],"yoast_head":"<!-- This site is optimized with the Yoast SEO plugin v22.9 - https:\/\/yoast.com\/wordpress\/plugins\/seo\/ -->\n<title>16\/486 Barn med nedsatt funksjonsevne - sp\u00f8rsm\u00e5l om likeverdig tjenestetilbud fra kommunen - Arkiv<\/title>\n<meta name=\"robots\" content=\"index, follow, max-snippet:-1, max-image-preview:large, max-video-preview:-1\" \/>\n<link rel=\"canonical\" href=\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2016-funksjonsevne-16486-barn-med-nedsatt-funksjonsevne-sporsmal-om-likeverdig-tjenestetilbud-fra-kommunen\/\" \/>\n<meta property=\"og:locale\" content=\"nb_NO\" \/>\n<meta property=\"og:type\" content=\"article\" \/>\n<meta property=\"og:title\" content=\"16\/486 Barn med nedsatt funksjonsevne - sp\u00f8rsm\u00e5l om likeverdig tjenestetilbud fra kommunen - Arkiv\" \/>\n<meta property=\"og:description\" content=\"Saka gjaldt sp\u00f8rsm\u00e5l om avslag p\u00e5 tilrettelagt transport til eit dagsenter til ein person med nedsett funksjonsevne utgjorde diskriminering. Ombodet konkluderte med at det ikkje var tale om direkte diskriminering. Grunnen til at klagar ikkje fikk innvilga transport var at ho ikkje budde i eit av kommunen sine bufellesskap. Den nedsette funksjonevnen var dermed ikkje \u00e5rsaken til avslaget. Det dreide seg heller ikkje om ein ulik behandling av personar med ulik nedsett funksjonsevne. Ombodet fant heller ikkje at avslaget var i strid med forbodet mot indirekte diskriminering. Kommunen sin praksis stilte ikkje personar med nedsett funksjonsevne d\u00e5rlegare enn andre da transportordninga skulle ivareta nettopp denne gruppa og fleirtalet av dei som hadde behov for slik transport budde i eit bufellesskap og fikk dermed innvilga transport.  Saksnummer: 16\/486 Lovgrunnlag: Diskriminerings- og tilgjengelighetsloven \u00a7 4 Dato for uttalelse: 3. juni 2016\" \/>\n<meta property=\"og:url\" content=\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2016-funksjonsevne-16486-barn-med-nedsatt-funksjonsevne-sporsmal-om-likeverdig-tjenestetilbud-fra-kommunen\/\" \/>\n<meta property=\"og:site_name\" content=\"Arkiv\" \/>\n<meta name=\"twitter:card\" content=\"summary_large_image\" \/>\n<meta name=\"twitter:label1\" content=\"Ansl. lesetid\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data1\" content=\"19 minutter\" \/>\n<script type=\"application\/ld+json\" class=\"yoast-schema-graph\">{\"@context\":\"https:\/\/schema.org\",\"@graph\":[{\"@type\":\"WebPage\",\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2016-funksjonsevne-16486-barn-med-nedsatt-funksjonsevne-sporsmal-om-likeverdig-tjenestetilbud-fra-kommunen\/\",\"url\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2016-funksjonsevne-16486-barn-med-nedsatt-funksjonsevne-sporsmal-om-likeverdig-tjenestetilbud-fra-kommunen\/\",\"name\":\"16\/486 Barn med nedsatt funksjonsevne - sp\u00f8rsm\u00e5l om likeverdig tjenestetilbud fra kommunen - Arkiv\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#website\"},\"datePublished\":\"2016-01-01T00:00:00+00:00\",\"dateModified\":\"2016-01-01T00:00:00+00:00\",\"breadcrumb\":{\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2016-funksjonsevne-16486-barn-med-nedsatt-funksjonsevne-sporsmal-om-likeverdig-tjenestetilbud-fra-kommunen\/#breadcrumb\"},\"inLanguage\":\"nb-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"ReadAction\",\"target\":[\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2016-funksjonsevne-16486-barn-med-nedsatt-funksjonsevne-sporsmal-om-likeverdig-tjenestetilbud-fra-kommunen\/\"]}]},{\"@type\":\"BreadcrumbList\",\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2016-funksjonsevne-16486-barn-med-nedsatt-funksjonsevne-sporsmal-om-likeverdig-tjenestetilbud-fra-kommunen\/#breadcrumb\",\"itemListElement\":[{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":1,\"name\":\"Arkiv\",\"item\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":2,\"name\":\"Klagesaker\",\"item\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/?post-type=ldo-complaint\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":3,\"name\":\"16\/486 Barn med nedsatt funksjonsevne &#8211; sp\u00f8rsm\u00e5l om likeverdig tjenestetilbud fra kommunen\"}]},{\"@type\":\"WebSite\",\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#website\",\"url\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/\",\"name\":\"LDO Arkiv\",\"description\":\"Dette er ombudets arkiv. Her finner du klagesaker som ombudet i sin tid behandlet fra 1996 til 2017. Klagesaker utover dette finner du p\u00e5 Diskrimineringsnemndas hjemmeside. P\u00e5 disse arkivsidene finner du ogs\u00e5 eldre h\u00f8ringssvar som strekker seg fra 2023 og tilbake til 2006. Nyere h\u00f8ringssvar finner du p\u00e5 Publikasjoner, som du kan bes\u00f8ke ved \u00e5 klikke p\u00e5 menyknappen \u00f8verst i h\u00f8yre hj\u00f8rne.\",\"publisher\":{\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#organization\"},\"potentialAction\":[{\"@type\":\"SearchAction\",\"target\":{\"@type\":\"EntryPoint\",\"urlTemplate\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/?s={search_term_string}\"},\"query-input\":\"required name=search_term_string\"}],\"inLanguage\":\"nb-NO\"},{\"@type\":\"Organization\",\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#organization\",\"name\":\"LDO Arkiv\",\"url\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/\",\"logo\":{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nb-NO\",\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#\/schema\/logo\/image\/\",\"url\":\"https:\/\/ldo.no\/content\/uploads\/sites\/2\/2025\/05\/Property-1Default.svg\",\"contentUrl\":\"https:\/\/ldo.no\/content\/uploads\/sites\/2\/2025\/05\/Property-1Default.svg\",\"caption\":\"LDO Arkiv\"},\"image\":{\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#\/schema\/logo\/image\/\"}}]}<\/script>\n<!-- \/ Yoast SEO plugin. -->","yoast_head_json":{"title":"16\/486 Barn med nedsatt funksjonsevne - sp\u00f8rsm\u00e5l om likeverdig tjenestetilbud fra kommunen - Arkiv","robots":{"index":"index","follow":"follow","max-snippet":"max-snippet:-1","max-image-preview":"max-image-preview:large","max-video-preview":"max-video-preview:-1"},"canonical":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2016-funksjonsevne-16486-barn-med-nedsatt-funksjonsevne-sporsmal-om-likeverdig-tjenestetilbud-fra-kommunen\/","og_locale":"nb_NO","og_type":"article","og_title":"16\/486 Barn med nedsatt funksjonsevne - sp\u00f8rsm\u00e5l om likeverdig tjenestetilbud fra kommunen - Arkiv","og_description":"Saka gjaldt sp\u00f8rsm\u00e5l om avslag p\u00e5 tilrettelagt transport til eit dagsenter til ein person med nedsett funksjonsevne utgjorde diskriminering. Ombodet konkluderte med at det ikkje var tale om direkte diskriminering. Grunnen til at klagar ikkje fikk innvilga transport var at ho ikkje budde i eit av kommunen sine bufellesskap. Den nedsette funksjonevnen var dermed ikkje \u00e5rsaken til avslaget. Det dreide seg heller ikkje om ein ulik behandling av personar med ulik nedsett funksjonsevne. Ombodet fant heller ikkje at avslaget var i strid med forbodet mot indirekte diskriminering. Kommunen sin praksis stilte ikkje personar med nedsett funksjonsevne d\u00e5rlegare enn andre da transportordninga skulle ivareta nettopp denne gruppa og fleirtalet av dei som hadde behov for slik transport budde i eit bufellesskap og fikk dermed innvilga transport.  Saksnummer: 16\/486 Lovgrunnlag: Diskriminerings- og tilgjengelighetsloven \u00a7 4 Dato for uttalelse: 3. juni 2016","og_url":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2016-funksjonsevne-16486-barn-med-nedsatt-funksjonsevne-sporsmal-om-likeverdig-tjenestetilbud-fra-kommunen\/","og_site_name":"Arkiv","twitter_card":"summary_large_image","twitter_misc":{"Ansl. lesetid":"19 minutter"},"schema":{"@context":"https:\/\/schema.org","@graph":[{"@type":"WebPage","@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2016-funksjonsevne-16486-barn-med-nedsatt-funksjonsevne-sporsmal-om-likeverdig-tjenestetilbud-fra-kommunen\/","url":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2016-funksjonsevne-16486-barn-med-nedsatt-funksjonsevne-sporsmal-om-likeverdig-tjenestetilbud-fra-kommunen\/","name":"16\/486 Barn med nedsatt funksjonsevne - sp\u00f8rsm\u00e5l om likeverdig tjenestetilbud fra kommunen - Arkiv","isPartOf":{"@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#website"},"datePublished":"2016-01-01T00:00:00+00:00","dateModified":"2016-01-01T00:00:00+00:00","breadcrumb":{"@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2016-funksjonsevne-16486-barn-med-nedsatt-funksjonsevne-sporsmal-om-likeverdig-tjenestetilbud-fra-kommunen\/#breadcrumb"},"inLanguage":"nb-NO","potentialAction":[{"@type":"ReadAction","target":["https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2016-funksjonsevne-16486-barn-med-nedsatt-funksjonsevne-sporsmal-om-likeverdig-tjenestetilbud-fra-kommunen\/"]}]},{"@type":"BreadcrumbList","@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2016-funksjonsevne-16486-barn-med-nedsatt-funksjonsevne-sporsmal-om-likeverdig-tjenestetilbud-fra-kommunen\/#breadcrumb","itemListElement":[{"@type":"ListItem","position":1,"name":"Arkiv","item":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/"},{"@type":"ListItem","position":2,"name":"Klagesaker","item":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/?post-type=ldo-complaint"},{"@type":"ListItem","position":3,"name":"16\/486 Barn med nedsatt funksjonsevne &#8211; sp\u00f8rsm\u00e5l om likeverdig tjenestetilbud fra kommunen"}]},{"@type":"WebSite","@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#website","url":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/","name":"LDO Arkiv","description":"Dette er ombudets arkiv. Her finner du klagesaker som ombudet i sin tid behandlet fra 1996 til 2017. Klagesaker utover dette finner du p\u00e5 Diskrimineringsnemndas hjemmeside. P\u00e5 disse arkivsidene finner du ogs\u00e5 eldre h\u00f8ringssvar som strekker seg fra 2023 og tilbake til 2006. Nyere h\u00f8ringssvar finner du p\u00e5 Publikasjoner, som du kan bes\u00f8ke ved \u00e5 klikke p\u00e5 menyknappen \u00f8verst i h\u00f8yre hj\u00f8rne.","publisher":{"@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#organization"},"potentialAction":[{"@type":"SearchAction","target":{"@type":"EntryPoint","urlTemplate":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/?s={search_term_string}"},"query-input":"required name=search_term_string"}],"inLanguage":"nb-NO"},{"@type":"Organization","@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#organization","name":"LDO Arkiv","url":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/","logo":{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nb-NO","@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#\/schema\/logo\/image\/","url":"https:\/\/ldo.no\/content\/uploads\/sites\/2\/2025\/05\/Property-1Default.svg","contentUrl":"https:\/\/ldo.no\/content\/uploads\/sites\/2\/2025\/05\/Property-1Default.svg","caption":"LDO Arkiv"},"image":{"@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#\/schema\/logo\/image\/"}}]}},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/wp-json\/wp\/v2\/ldo-complaint\/14568"}],"collection":[{"href":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/wp-json\/wp\/v2\/ldo-complaint"}],"about":[{"href":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/wp-json\/wp\/v2\/types\/ldo-complaint"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/wp-json\/wp\/v2\/ldo-complaint\/14568\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=14568"}],"wp:term":[{"taxonomy":"ldo-archive-year","embeddable":true,"href":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/wp-json\/wp\/v2\/ldo-archive-year?post=14568"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}