{"id":14841,"date":"2010-01-01T00:00:00","date_gmt":"2010-01-01T00:00:00","guid":{"rendered":"https:\/\/ldo.local\/arkiv\/klagesaker\/2010-snoryddinga-i-vaga-kommune-er-ikkje-god-nok\/"},"modified":"2010-01-01T00:00:00","modified_gmt":"2010-01-01T00:00:00","slug":"2010-snoryddinga-i-vaga-kommune-er-ikkje-god-nok","status":"publish","type":"ldo-complaint","link":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-snoryddinga-i-vaga-kommune-er-ikkje-god-nok\/","title":{"rendered":"Sn\u00f8ryddinga i V\u00e5g\u00e5 kommune er ikkje god nok"},"content":{"rendered":"<h1>Sn\u00f8ryddinga i V\u00e5g\u00e5 kommune er ikkje god nok<\/h1>\n<article class=\"base-article inside\">\n<header>\n<div class=\"row\">\n<div class=\"col-sm-12\">\n<\/div>\n<\/div>\n<\/header>\n<section>\n<section class=\"lead\">\n<p>Ombodet konkluderte med at dei rutinane V\u00e5g\u00e5 kommune har utarbeide for vinterdrift ikkje er i tr\u00e5d med kravet til universell utforming.<\/p>\n<\/section>\n<section>\n<p>I ein del av kommunen blir det br\u00f8yta f\u00f8rst ved 10 cm sn\u00f8fall. Dette er ikkje tilfredstillande, slik ombodet ser det.<\/p>\n<p>Ombodet meinte heller ikkje det vil v\u00e6re uforholdsmessig inngripande for kommunen \u00e5 br\u00f8yte oftare i dei sentrumsn\u00e6re bustadsomr\u00e5da i kommunen. Ombodet la stor vekt p\u00e5 at det her er snakk om ein offentleg myndigheit, og at det er viktig at det stilles krav til at myndigheitene f\u00f8lgjer kravet til universell utforming. Ombodet meinte ogs\u00e5 at effekten av betre sn\u00f8rydding ville bli stor.<\/p>\n<p><strong>Saksnummer: 09\/326<br \/>Lov: Diskriminerings- og tilgjengelighetsloven<br \/>Dato: 13. oktober 2010<\/strong><\/p>\n<h2>SP\u00d8RSM\u00c5L OM UNIVERSELL UTFORMING AV VEGAR OG GATER I KOMMUNE VINTERSTID<\/h2>\n<p>Likestillings- og diskrimineringsombodet viser til klage av 18. februar 2009 <\/p>\n<p>Klagaren meiner retningslinene til V\u00e5g\u00e5 kommune om sn\u00f8br\u00f8yting er i strid med kravet til universell utforming etter diskriminerings- og tilgjengelighetsloven \u00a7 9. Klagaren viser til at kommunen har vedteke ei tiltaksgrense p\u00e5 10 cm p\u00e5 kommunale vegar utan gangfelt eller fortau. <\/p>\n<p>Ombodet har vurdert saka, og konkluderer med at V\u00e5g\u00e5 kommune gjennom retningslinene bryt plikta til \u00e5 sikre universell utforming av dei kommunale vegane i V\u00e5g\u00e5mo sentrum, jf. diskriminerings- og tilgjengelighetsloven \u00a7 9 tredje ledd. Brot p\u00e5 plikta er diskriminering, jf. diskriminerings- og tilgjengelighetsloven \u00a7 9 fjerde ledd.<\/p>\n<p>Utsegn fr\u00e5 ombodet kan klagast inn for Likestilings- og diskrimineringsnemnda innan tre veker fr\u00e5 det tidspunktet V\u00e5g\u00e5 kommune fekk brev fr\u00e5 ombodet, sj\u00e5 orienteringa som er lagt ved brevet.<\/p>\n<h2>Bakgrunn i saka<\/h2>\n<p>V\u00e5g\u00e5 kommune er ein av mange kommunar i Noreg, kor det kan kome mykje sn\u00f8 om vinteren. \u00c5 ta seg fram p\u00e5 vinterf\u00f8re kan vere problematisk for mange menneske, spesielt for menneske med nedsett r\u00f8rsleevne<\/p>\n<p>V\u00e5g\u00e5 kommune har i drifts og vedlikehaldskontrakten 2008- 2013 vedteke ei tiltaksgrense for kor mykje sn\u00f8 det kan kome p\u00e5 vegane i kommunen om vinteren, f\u00f8r sn\u00f8br\u00f8yting blir sett i verk. Kommunen har ogs\u00e5 utf\u00f8rt ein stadformingsplan for sentrum av V\u00e5g\u00e5. Tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne har vore prioritert. F\u00f8rem\u00e5let har vore \u00e5 betre tilkomst til bygningar, parkeringsplassar og funksjonar i sentrum av V\u00e5g\u00e5. Tiltaksgrensa p\u00e5 dei ulike vegane er fastsett etter stigningsgraden p\u00e5 vegane. Vegar med helling har ei tiltaksgrense p\u00e5 fem cm, vegar utan helling har ei tiltaksgrense p\u00e5 ti cm. I sentrum av sj\u00f8lve V\u00e5g\u00e5 er tiltaksgrensa fem cm. I dei sentrumsn\u00e6re bustadomr\u00e5da, som denne klaga gjeld ( det s\u00e5kalla \u201dV\u00e5g\u00e5mo sentrum\u201d) er grensa satt til ti cm.<\/p>\n<p>Tiltaksgrensa er vedteken av kommunestyret, og diskutert i hovudutvalet for teknisk, landbruk og naturforvaltning. Klagaren meiner br\u00f8ytekriteria til V\u00e5g\u00e5 kommune gjer at personar med nedsett r\u00f8rsleevne f\u00e5r problem om vinteren. Klagaren reagerer p\u00e5 at det i sentrumsn\u00e6re bustadomr\u00e5de, gater utan gangfelt\/fortau, m\u00e5 kome heile ti cm sn\u00f8 f\u00f8r br\u00f8yting skjer. Klagaren viser til at det i heile kommunen er ca 15 km gater, kor det er ti cm tiltaksgrense.<\/p>\n<p>Han klager ikkje p\u00e5 br\u00f8ytinga i sj\u00f8lve sentrum, kor kommunen har vedteke fem cm br\u00f8ytegrense. Han viser til at fem cm sn\u00f8 gjer det utfordrande med rullestol, men at dette g\u00e5r p\u00e5 eit vis. N\u00e5r det kjem ti cm sn\u00f8 er det heilt umuleg \u00e5 ta seg fram. Han viser blant anna til at han vinteren 2009 ikkje makta \u00e5 kome seg til si eiga postkasse 100 meter fr\u00e5 bustaden. Klagaren meiner V\u00e5g\u00e5 kommune gjennom dei vedtekne br\u00f8ytekriteria bryt plikta til universell utforming i diskriminerings- og tilgjengelighetsloven.<\/p>\n<p>V\u00e5g\u00e5 kommune viser til at kommunestyret har vedteke \u201dDrift og vedlikehaldskontrakten 2008-2013 som stadfestar retningsliner\/ tiltaksgrense for n\u00e5r br\u00f8yting skal skje. . Kontrakten har retningsliner for br\u00f8yting av vegar, gater, gang\/sykkelvegar, fortau og parkeringsplassar. Det er blitt gjennomf\u00f8rt ei anbodskonkurranse for vegvedlikehaldet, der tiltaksgrensene for br\u00f8yting var ein del av f\u00f8resetnadene.. I store delar av sentrum vil tiltaksgrensa vere 5 cm. Vegar utan helling vil ha ti cm tiltaksgrense. Dette gjeld for det s\u00e5kalla \u201dV\u00e5g\u00e5mo sentrum\u201d.<\/p>\n<p>Kommunen viser til at det ved fastsetjing av grensene blei diskutert korleis det ville bli \u00e5 kome fram p\u00e5 vegane for alle grupper i V\u00e5g\u00e5. B\u00e5de dei med rullestol, og dei med rullator var med i diskusjonen. Det m\u00e5tte settes ei grense ut fr\u00e5 ei heilskapleg vurdering av framkomst og \u00f8konomi. Tiltaksgrensa blei derfor satt til ti cm i V\u00e5g\u00e5mo sentrum, og fem cm i sj\u00f8lve sentrum kor det er fleire folk.<\/p>\n<p>Kommunen viser til at vedelikehaldskostnaden p\u00e5 veg auka fr\u00e5 1,3 millionar i 2008 til 3,3 millionar i 2009. Kommunen viser ogs\u00e5 til at han har innf\u00f8rt ei rutine, kor entrepren\u00f8ren skal prioritere vegar kor ein veit det bur folk med nedsett r\u00f8rsleevne. Kommunen meiner at dei har valt ei \u201dnest beste l\u00f8ysing\u201d. Kommunen meiner at \u00e5 endre tiltaksgrensa fr\u00e5 ti cm til fem cm i V\u00e5g\u00e5mo sentrum vil koste 350 000 kroner ekstra i \u00e5ret. Kommunen har innhenta prisoverslag fr\u00e5 entrepren\u00f8r Skogen AS som viser dette. Kommunen hevdar han ikkje har r\u00e5d til desse kostnadene innanfor det gjeldande budsjettet.<\/p>\n<h2>Rettsleg grunnlag<\/h2>\n<p>Ombodet kan gi utsegn om eit forhold er i strid med diskriminerings- og tilgjengelighetsloven, jf. diskrimineringsombudsloven \u00a7 3 tredje ledd, jf. \u00a7 1 andre ledd nr. 3.<\/p>\n<p>Sp\u00f8rsm\u00e5let i denne saka er om kommunen bryt plikta til \u00e5 sikre universell utforming etter diskriminerings- og tilgjengelighetslovens \u00a7 9. Offentlege og private verksemder som blir brukt av allmenta har ei plikt til \u00e5 sikre universell utforming av verksemda si alminnelege funksjon. Gjennom fysisk tilrettelegging skal flest muleg f\u00e5 tilgang til lokala til verksemda. Det er i utgangspunktet i strid med lova at det blir laga eigne inngangar, omr\u00e5de eller liknande for bestemte grupper.<\/p>\n<p>Plikta til universell utforming fell bort dersom gjennomf\u00f8ringa av tiltaka er ei uforholdsmessig byrde for verksemda, sj\u00e5 \u00a7 9 tredje ledd. I den konkrete vurderinga m\u00e5 ein vege effekten og verdien av tilrettelegginga opp mot kostnader og anna belastning som tilrettelegginga kan f\u00f8re med seg. Lovgjevar har bestemt at det s\u00e6rleg skal leggjast vekt p\u00e5:<\/p>\n<p>1. tilrettelegginga si effekt for \u00e5 byggje ned funksjonshemmande barrierar (nytte versus kostnad)<br \/>2. om funksjonen til verksemda er av offentleg art<br \/>3. dei n\u00f8dvendige kostnadane ved tilrettelegginga<br \/>4. ressursane til verksemdene<br \/>5. omsynet til tryggleik<br \/>6. omsynet til vern<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om det er ei uforholdsmessig byrde \u00e5 sikre universell utforming har verksemda uansett plikt til \u00e5 sikre best muleg tilgjenge til verksemda innanfor dei rammene som ikkje er uforholdsmessige. <\/p>\n<h2>Vurderinga til ombodet<\/h2>\n<p>V\u00e5g\u00e5 kommune er ei verksemd som har plikt til \u00e5 sikre at hovudl\u00f8ysingar i verksemda er universelt utforma etter diskriminerings- og tilgjengelighetsloven \u00a7 9. Vegane i kommunen er ei slik hovudl\u00f8ysing. Kommunen skal leggje til rette dei delane av verksemda som blir brukt av allmenta (befolkninga i ein kommune, kundar eller andre) p\u00e5 ein slik m\u00e5te at flest muleg, uavhengig av eigne f\u00f8resetnadar, kan bruke lokale, offentlege plassar, gater osv. Plikta til universell utforming omfattar heilt klart \u00e5 gjere offentlege gater og vegar tilgjengelege, ogs\u00e5 om vinteren, n\u00e5r det kjem sn\u00f8. Dette f\u00f8lgjer av forarbeida til diskriminerings- og tilgjengelighetsloven, jf Ot.prp. nr 44 (2007-2008) s. 127. Om vinteren vil tilgang til gater og vegar omfatte sn\u00f8br\u00f8yting.<\/p>\n<h3>Er gatene og fortaua i de sentrumsn\u00e6re bustadomr\u00e5da (V\u00e5g\u00e5mo sentrum) universelt utforma?<\/h3>\n<p>Om vinteren m\u00e5 utgangspunktet for universell utforming vere at ein skal kunne krevje at det skal vere muleg for folk flest \u00e5 ta seg fram p\u00e5 gater og vegar. Ombodet meiner gatene i V\u00e5g\u00e5 kommune vil vere universelt utforma vinterstid dersom kommunen har rutinar for sn\u00f8br\u00f8yting som gjer det muleg \u00e5 ta seg fram. Dette sett i samanheng med ressursane til kommunen, og kor mykje sn\u00f8 det er snakk om. <\/p>\n<p>Denne klaga gjeld dei omr\u00e5da kor kommunen br\u00f8yter f\u00f8rst ved ti cm sn\u00f8fall. (det s\u00e5kalla \u201dV\u00e5g\u00e5mo sentrum\u201d) Ombodet vil s\u00e5leis ikkje vurdere konkret om det er i strid med plikta til universell utforming, \u00e5 br\u00f8yte ved fem cm sn\u00f8.<\/p>\n<p>Det f\u00f8lgjer av temaheftet til Statens vegvesen til handbok 111 \u201dStandard for drift og vedlikehold\u201d s. 26-262 at<\/p>\n<blockquote>\n<p>\u201d\u2026 Gang- og sykkelveg og fortau skal v\u00e6re gjennombr\u00f8ytet innen kl. 0600. Ved sn\u00f8fall mellom 0600 og 2200 skal br\u00f8yting igangsettes n\u00e5r sn\u00f8dybden er 3 cm\u2026 M\u00e5lsettingen for br\u00f8ytingen er at det aldri skal v\u00e6re mer enn 3 cm l\u00f8s sn\u00f8 p\u00e5 arealene, de skal v\u00e6re fremkommelig for fotgjengere og det skal v\u00e6re mulig \u00e5 trille barnevogn p\u00e5 fortauet\/gangbanen i perioden\u2026\u201d<\/p>\n<\/blockquote>\n<p>V\u00e5g\u00e5 kommunen har vedteke retningsliner\/tiltaksgrense om at det skal bli br\u00f8yta f\u00f8rst n\u00e5r det er kome fem cm i sentrum, og ti cm i dei sentrumsn\u00e6re bustadomr\u00e5da. Statens vegvesen tilr\u00e5r i utgangspunktet \u00e5 br\u00f8yte ved tre cm sn\u00f8. Ombodet meiner ogs\u00e5 at det vil vere vanskeleg for mange rullestolbrukarar \u00e5 kome seg der dei skal, med eit sn\u00f8fall p\u00e5 mellom fem og ti cm.<\/p>\n<p>Ombodet finn derfor at gatene og fortaua i V\u00e5g\u00e5mo sentrum ikkje er universelt utforma om vinteren.<\/p>\n<h3>Vil krav om universell utforming vere uforholdsmessig?<br \/>\n<\/h3>\n<p>Ombodet m\u00e5 s\u00e5 vurdere om det vil vere ei uforholdsmessig byrde \u00e5 sikre universell utforming av gatene og fortaua i dei sentrumsn\u00e6re bustadomr\u00e5da i V\u00e5g\u00e5mo sentrum Det er V\u00e5g\u00e5 kommune som m\u00e5 bevise at det vil v\u00e6re ei uforholdsmessig byrde \u00e5 gjere vegane og fortaua universelt utforma om vinteren.<br \/>I vurderinga av om det er uforholdsmessig \u00e5 krevje universell utforming skal det leggjast vekt p\u00e5 bl.a. effekten av tilrettelegginga, og om verksemda er av offentleg art. Kostnader til utbetring er ogs\u00e5 eit moment i vurderinga.<\/p>\n<p>V\u00e5g\u00e5 kommune har innhenta eit kostnadsoverslag fr\u00e5 Skogen entrepren\u00f8r, som viser at det vil koste 350 000 kroner \u00e5 endre tiltaksgrensa fr\u00e5 ti cm til fem cm i heile kommunen. Kommunen hevdar at dei p\u00e5 bakgrunn av kostnadane ikkje har \u00f8konomi til \u00e5 endra tiltaksgrensa i forhold til gjeldande budsjett. Ombodet ser at 350 000 kroner i ekstra kostnadar til vintervedlikehald er mykje for ein liten kommune som V\u00e5g\u00e5. Ein m\u00e5 likevel sj\u00e5 kostnadene ved sn\u00f8br\u00f8yting i samanheng med den effekten \u00f8kt sn\u00f8br\u00f8yting vil ha for personar med nedsett r\u00f8rsleevne. Effekten av \u00e5 endre tiltaksgrensa til fem cm for eit st\u00f8rre omr\u00e5de vil bli stor. Eit slikt tiltak vil gjere det lettare for mange av innbyggjarane, og da spesielt rullestolbrukarar i kommunen \u00e5 bevege seg i gatene om vinteren.<\/p>\n<p>Denne saka gjeld ogs\u00e5 universell utforming av offentlege vegar og gater, kor folk bur og oppheld seg. Det er viktig at det er muleg for absolutt alle, uavhengig av funksjonsevne, \u00e5 kunne ta seg fram i gatene ogs\u00e5 om vinteren. Dette gjeld ogs\u00e5 i sentrumsn\u00e6re bustadomr\u00e5de, som det s\u00e5kalla \u201dV\u00e5g\u00e5mo sentrum\u201d, og ikkje berre i sj\u00f8lve sentrum av V\u00e5g\u00e5. Ombodet understrekar at det f\u00f8lgjer av aktivitetsplikta i diskriminerings- og tilgjengelighetsloven at offentlege styresmakter skal arbeide aktivt, m\u00e5lretta og planmessig for \u00e5 fremme form\u00e5let i lova. Det er s\u00e5leis viktig at s\u00e6rleg offentlege verksemder vel universelt utforma l\u00f8ysingar. I denne saka betyr det at ein m\u00e5 kunne krevje at det blir stilt krav til at ein offentleg etat, som V\u00e5g\u00e5 kommune, vedtek retningsliner for sn\u00f8br\u00f8yting, som gjer at ogs\u00e5 rullestolbrukarar og andre med nedsett r\u00f8rsleevne, kan r\u00f8re seg ute om vinteren. Her har kommunen vedteke retningsliner, som gj\u00f8r det vanskeleg for rullestolbrukarar \u00e5 ta seg fram ute om vinteren. Klagar har sj\u00f8lv vist til at det var vanskelig for han \u00e5 hente post, bes\u00f8ke naboen, og gjere andre daglegdagse gjerem\u00e5l sist vinter. Ombodet meiner dette er noko kommunen b\u00f8r ta ansvar for, og gjere noko med.<\/p>\n<p>Ombodet ser at V\u00e5g\u00e5 kommune hevdar dei har vald ein \u201dnest beste l\u00f8ysing\u201d ved \u00e5 innf\u00f8re ein rutine kor entrepren\u00f8ren skal prioritere dei vegane kor dei veit det bur folk med r\u00f8rslehemmingar fyrst. Kommunen har ikkje lagt frem meir dokumentasjon p\u00e5 at dette blir gjennomf\u00f8rt i praksis. Ombodet finn derfor ikkje grunn til \u00e5 leggje avgjerande vekt p\u00e5 dette.<\/p>\n<p>Ombodet meiner ogs\u00e5 V\u00e5g\u00e5 kommune, gjennom tiltaksgrensa p\u00e5 ti cm, har lagt seg p\u00e5 eit niv\u00e5 som ligg under det ein kan akseptere n\u00e5r det gjeld sn\u00f8br\u00f8yting. Slik ombodet ser det, vil det vere sv\u00e6rt vanskeleg for ein rullestolbrukar \u00e5 bevege seg i omr\u00e5de kor det er kome nesten ti cm sn\u00f8. Dei vedtekne retningslinene f\u00f8rer dermed til at mange rullestolbrukarar i V\u00e5g\u00e5 kommune vil vere hindra i \u00e5 ta seg fram i mange av gatene om vinteren, n\u00e5r det kjem mykje sn\u00f8. <\/p>\n<p>P\u00e5 bakgrunn av dette finn ombodet at det ikkje vil vere ei uforholdsmessig byrde for kommunen \u00e5 endre tiltaksgrensa til fem cm sn\u00f8 i eit st\u00f8rre omr\u00e5de av kommunen enn det som gjeld i dag.<\/p>\n<h2>Konklusjon<\/h2>\n<p>Ombodet konkluderer med at V\u00e5g\u00e5 kommune, gjennom dei vedtekne retningslinene for sn\u00f8br\u00f8yting, bryt plikta til universell utforming i diskriminerings- og tilgjengelighetsloven \u00a7 9.<\/p>\n<p>Ombodet sine utsegn er ikkje rettsleg bindande. Ombodet vil likevel anbefale V\u00e5g\u00e5 kommune \u00e5 endre tiltaksgrensa for sn\u00f8br\u00f8yting til fem cm, i eit st\u00f8rre omr\u00e5de av kommunen. <\/p>\n<p>Dersom V\u00e5g\u00e5 kommune ikkje rettar seg etter ombodets utsegn vil ombodet vurdere \u00e5 bringe saken inn til vurdering hos Likestillings- og diskrimineringsnemnda. Nemnda kan treffe vedtak om at det er brot p\u00e5 plikta til universell utforming, jf. diskrimineringsombudsloven \u00a7 7. Nemnda har ogs\u00e5 kompetanse til \u00e5 p\u00e5legge stansing, retting eller andre tiltak. Dersom V\u00e5g\u00e5 kommune ikkje f\u00f8lgjer eit p\u00e5legg fr\u00e5 Likestillings- og diskrimineringsnemnda, kan nemnda p\u00e5leggje kommunen \u00e5 betale ei laupande tvangsmulkt fram til forholdet blir ordna.<\/p>\n<\/section>\n<\/section>\n<\/article>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ombodet konkluderte med at dei rutinane V\u00e5g\u00e5 kommune har utarbeide for vinterdrift ikkje er i tr\u00e5d med kravet til universell utforming.<\/p>\n","protected":false},"template":"","meta":{"footnotes":""},"ldo-archive-year":[22],"class_list":["post-14841","ldo-complaint","type-ldo-complaint","status-publish","hentry","ldo-archive-year-22"],"yoast_head":"<!-- This site is optimized with the Yoast SEO plugin v22.9 - https:\/\/yoast.com\/wordpress\/plugins\/seo\/ -->\n<title>Sn\u00f8ryddinga i V\u00e5g\u00e5 kommune er ikkje god nok - Arkiv<\/title>\n<meta name=\"robots\" content=\"index, follow, max-snippet:-1, max-image-preview:large, max-video-preview:-1\" \/>\n<link rel=\"canonical\" href=\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-snoryddinga-i-vaga-kommune-er-ikkje-god-nok\/\" \/>\n<meta property=\"og:locale\" content=\"nb_NO\" \/>\n<meta property=\"og:type\" content=\"article\" \/>\n<meta property=\"og:title\" content=\"Sn\u00f8ryddinga i V\u00e5g\u00e5 kommune er ikkje god nok - Arkiv\" \/>\n<meta property=\"og:description\" content=\"Ombodet konkluderte med at dei rutinane V\u00e5g\u00e5 kommune har utarbeide for vinterdrift ikkje er i tr\u00e5d med kravet til universell utforming.\" \/>\n<meta property=\"og:url\" content=\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-snoryddinga-i-vaga-kommune-er-ikkje-god-nok\/\" \/>\n<meta property=\"og:site_name\" content=\"Arkiv\" \/>\n<meta name=\"twitter:card\" content=\"summary_large_image\" \/>\n<meta name=\"twitter:label1\" content=\"Ansl. lesetid\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data1\" content=\"11 minutter\" \/>\n<script type=\"application\/ld+json\" class=\"yoast-schema-graph\">{\"@context\":\"https:\/\/schema.org\",\"@graph\":[{\"@type\":\"WebPage\",\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-snoryddinga-i-vaga-kommune-er-ikkje-god-nok\/\",\"url\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-snoryddinga-i-vaga-kommune-er-ikkje-god-nok\/\",\"name\":\"Sn\u00f8ryddinga i V\u00e5g\u00e5 kommune er ikkje god nok - Arkiv\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#website\"},\"datePublished\":\"2010-01-01T00:00:00+00:00\",\"dateModified\":\"2010-01-01T00:00:00+00:00\",\"breadcrumb\":{\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-snoryddinga-i-vaga-kommune-er-ikkje-god-nok\/#breadcrumb\"},\"inLanguage\":\"nb-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"ReadAction\",\"target\":[\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-snoryddinga-i-vaga-kommune-er-ikkje-god-nok\/\"]}]},{\"@type\":\"BreadcrumbList\",\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-snoryddinga-i-vaga-kommune-er-ikkje-god-nok\/#breadcrumb\",\"itemListElement\":[{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":1,\"name\":\"Arkiv\",\"item\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":2,\"name\":\"Klagesaker\",\"item\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/?post-type=ldo-complaint\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":3,\"name\":\"Sn\u00f8ryddinga i V\u00e5g\u00e5 kommune er ikkje god nok\"}]},{\"@type\":\"WebSite\",\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#website\",\"url\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/\",\"name\":\"LDO Arkiv\",\"description\":\"Dette er ombudets arkiv. Her finner du klagesaker som ombudet i sin tid behandlet fra 1996 til 2017. Klagesaker utover dette finner du p\u00e5 Diskrimineringsnemndas hjemmeside. P\u00e5 disse arkivsidene finner du ogs\u00e5 eldre h\u00f8ringssvar som strekker seg fra 2023 og tilbake til 2006. Nyere h\u00f8ringssvar finner du p\u00e5 Publikasjoner, som du kan bes\u00f8ke ved \u00e5 klikke p\u00e5 menyknappen \u00f8verst i h\u00f8yre hj\u00f8rne.\",\"publisher\":{\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#organization\"},\"potentialAction\":[{\"@type\":\"SearchAction\",\"target\":{\"@type\":\"EntryPoint\",\"urlTemplate\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/?s={search_term_string}\"},\"query-input\":\"required name=search_term_string\"}],\"inLanguage\":\"nb-NO\"},{\"@type\":\"Organization\",\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#organization\",\"name\":\"LDO Arkiv\",\"url\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/\",\"logo\":{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nb-NO\",\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#\/schema\/logo\/image\/\",\"url\":\"https:\/\/ldo.no\/content\/uploads\/sites\/2\/2025\/05\/Property-1Default.svg\",\"contentUrl\":\"https:\/\/ldo.no\/content\/uploads\/sites\/2\/2025\/05\/Property-1Default.svg\",\"caption\":\"LDO Arkiv\"},\"image\":{\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#\/schema\/logo\/image\/\"}}]}<\/script>\n<!-- \/ Yoast SEO plugin. -->","yoast_head_json":{"title":"Sn\u00f8ryddinga i V\u00e5g\u00e5 kommune er ikkje god nok - Arkiv","robots":{"index":"index","follow":"follow","max-snippet":"max-snippet:-1","max-image-preview":"max-image-preview:large","max-video-preview":"max-video-preview:-1"},"canonical":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-snoryddinga-i-vaga-kommune-er-ikkje-god-nok\/","og_locale":"nb_NO","og_type":"article","og_title":"Sn\u00f8ryddinga i V\u00e5g\u00e5 kommune er ikkje god nok - Arkiv","og_description":"Ombodet konkluderte med at dei rutinane V\u00e5g\u00e5 kommune har utarbeide for vinterdrift ikkje er i tr\u00e5d med kravet til universell utforming.","og_url":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-snoryddinga-i-vaga-kommune-er-ikkje-god-nok\/","og_site_name":"Arkiv","twitter_card":"summary_large_image","twitter_misc":{"Ansl. lesetid":"11 minutter"},"schema":{"@context":"https:\/\/schema.org","@graph":[{"@type":"WebPage","@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-snoryddinga-i-vaga-kommune-er-ikkje-god-nok\/","url":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-snoryddinga-i-vaga-kommune-er-ikkje-god-nok\/","name":"Sn\u00f8ryddinga i V\u00e5g\u00e5 kommune er ikkje god nok - Arkiv","isPartOf":{"@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#website"},"datePublished":"2010-01-01T00:00:00+00:00","dateModified":"2010-01-01T00:00:00+00:00","breadcrumb":{"@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-snoryddinga-i-vaga-kommune-er-ikkje-god-nok\/#breadcrumb"},"inLanguage":"nb-NO","potentialAction":[{"@type":"ReadAction","target":["https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-snoryddinga-i-vaga-kommune-er-ikkje-god-nok\/"]}]},{"@type":"BreadcrumbList","@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-snoryddinga-i-vaga-kommune-er-ikkje-god-nok\/#breadcrumb","itemListElement":[{"@type":"ListItem","position":1,"name":"Arkiv","item":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/"},{"@type":"ListItem","position":2,"name":"Klagesaker","item":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/?post-type=ldo-complaint"},{"@type":"ListItem","position":3,"name":"Sn\u00f8ryddinga i V\u00e5g\u00e5 kommune er ikkje god nok"}]},{"@type":"WebSite","@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#website","url":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/","name":"LDO Arkiv","description":"Dette er ombudets arkiv. Her finner du klagesaker som ombudet i sin tid behandlet fra 1996 til 2017. Klagesaker utover dette finner du p\u00e5 Diskrimineringsnemndas hjemmeside. P\u00e5 disse arkivsidene finner du ogs\u00e5 eldre h\u00f8ringssvar som strekker seg fra 2023 og tilbake til 2006. Nyere h\u00f8ringssvar finner du p\u00e5 Publikasjoner, som du kan bes\u00f8ke ved \u00e5 klikke p\u00e5 menyknappen \u00f8verst i h\u00f8yre hj\u00f8rne.","publisher":{"@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#organization"},"potentialAction":[{"@type":"SearchAction","target":{"@type":"EntryPoint","urlTemplate":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/?s={search_term_string}"},"query-input":"required name=search_term_string"}],"inLanguage":"nb-NO"},{"@type":"Organization","@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#organization","name":"LDO Arkiv","url":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/","logo":{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nb-NO","@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#\/schema\/logo\/image\/","url":"https:\/\/ldo.no\/content\/uploads\/sites\/2\/2025\/05\/Property-1Default.svg","contentUrl":"https:\/\/ldo.no\/content\/uploads\/sites\/2\/2025\/05\/Property-1Default.svg","caption":"LDO Arkiv"},"image":{"@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#\/schema\/logo\/image\/"}}]}},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/wp-json\/wp\/v2\/ldo-complaint\/14841"}],"collection":[{"href":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/wp-json\/wp\/v2\/ldo-complaint"}],"about":[{"href":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/wp-json\/wp\/v2\/types\/ldo-complaint"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/wp-json\/wp\/v2\/ldo-complaint\/14841\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=14841"}],"wp:term":[{"taxonomy":"ldo-archive-year","embeddable":true,"href":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/wp-json\/wp\/v2\/ldo-archive-year?post=14841"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}