{"id":14842,"date":"2010-01-01T00:00:00","date_gmt":"2010-01-01T00:00:00","guid":{"rendered":"https:\/\/ldo.local\/arkiv\/klagesaker\/2010-diskriminering-i-samband-med-tilsetjing\/"},"modified":"2010-01-01T00:00:00","modified_gmt":"2010-01-01T00:00:00","slug":"2010-diskriminering-i-samband-med-tilsetjing","status":"publish","type":"ldo-complaint","link":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-diskriminering-i-samband-med-tilsetjing\/","title":{"rendered":"Diskriminering i samband med tilsetjing"},"content":{"rendered":"<h1>Diskriminering i samband med tilsetjing<\/h1>\n<article class=\"base-article inside\">\n<header>\n<div class=\"row\">\n<div class=\"col-sm-12\">\n<\/div>\n<\/div>\n<\/header>\n<section>\n<section class=\"lead\">\n<p>Arbeidsgivar hadde ikkje gjort det sannsynleg at dei i samband med tilsetjing berre hadde lagt vekt p\u00e5 andre forhold enn foreldrepermisjon. <\/p>\n<\/section>\n<section>\n<p>Klagar meinte at ho p\u00e5 grunn av foreldrepermisjon blei forbig\u00e5tt ved tilsetjing i to heil\u00e5rsvikariat. <\/p>\n<p>Arbeidsgivar hevdar at avgjerda blei gjort p\u00e5 grunnlag av omsynet til kompetanse og dei faglege behov i redaksjonen. <\/p>\n<p>I ein e-post til klagar skreiv arbeidsgivar at vikariata var utl\u00f8yst av behov allereie fr\u00e5 nytt\u00e5r og at dei forstod det som at ho ikkje var klar p\u00e5 nokre m\u00e5nader enn\u00e5. Ombodet fant derfor at det var grunn til \u00e5 tru at arbeidsgivar hadde lagt negativ vekt p\u00e5 at klagar var i foreldrepermisjon, jf. likestillingsloven \u00a7 16. <\/p>\n<p>Da arbeidsgivar ikkje gjorde det sannsynleg at dei i samband med tilsetjinga berre hadde lagt vekt p\u00e5 andre forhold enn foreldrepermisjonen, kom ombudet fram til at det blei handla i strid med forbodet mot indirekte diskriminering. <\/p>\n<p>Saksnr; 08\/1985<br \/>Lovanvending; Likestillingslova \u00a7\u00a7 3, 4.<br \/>Dato; 08.03.2010<\/p>\n<h2>P\u00e5st\u00e5tt forbig\u00e5ing p\u00e5 grunn av foreldrepermisjon<\/h2>\n<p>Likestillings- og diskrimineringsombodet syner til brev dagsett 19. desember 2008 og klage dagsett 27. mars 2009 fr\u00e5 advokat Heyerdahl p\u00e5 vegne av A. <\/p>\n<p>Heyerdahl hevdar at A blei forbig\u00e5tt til to heil\u00e5rsvikariat som reporter i X, avdeling 1 i oktober 2008 medan ho var i foreldrepermisjon. <\/p>\n<p>Ombodet har kommi fram til at X, avdeling 1 har handla i strid med forbodet mot indirekte diskriminering i likestillingsloven \u00a7\u00a7 4 andre ledd, jf. 3 i ved tilsetjing i dei to heil\u00e5rsvikariata.<\/p>\n<p>X, avdeling 1 kan bringe uttalen til ombodet inn for Likestillings- og diskrimineringsnemnda for full overpr\u00f8ving innan tre veker fr\u00e5 dei mottar dette brevet, sj\u00e5 rettleiinga som er lagt ved uttalen. <\/p>\n<h2>Bakgrunn for saka<\/h2>\n<p>Framstillinga av bakgrunnen for saka bygger p\u00e5 dei skriftlege utgreiingane partane har sendt ombodet.<\/p>\n<p>A har sidan januar 2005 vikariert ved tre ulike distriktskontor i X. Fr\u00e5 januar til juni 2005 var ho nynorskpraktikant ved Y i Z. Ho hadde to m\u00e5nadar med praksis i X, avdeling 2 og to m\u00e5nadar med praksis i X, avdeling 3. Fr\u00e5 juni 2005 til juni 2006 var A tilkallingsvikar i X, avdeling 3 medan ho var student. Fr\u00e5 juni 2006 til september 2006 hadde ho sommarjobb som journalist i avisa W. Fram til 30. april 2008 har A vore tilknyta X, avdeling 1. Da blei det siste vikariatet til A avslutta. Samtidig gikk ho ut i foreldrepermisjon. Permisjonen varte fram til april 2009. <\/p>\n<p>X, avdeling 1 lyste i oktober 2008 ledig to heil\u00e5rsvikariat og eit vikariat p\u00e5 seks m\u00e5nader som journalist i hovudredaksjonen i V. I utlysingen stod det:<\/p>\n<p>\u201dTo \u00e5rsvikariat og eitt vikariat p\u00e5 seks m\u00e5nader som journalist: Vi s\u00f8kjer erfarne nyheitsjournalistar, rike p\u00e5 idear, sj\u00f8lvstende og l\u00f8ysingsvilje. Vi er ein fleirmediell redaksjon og dei vi tilset m\u00e5 ha erfaring fr\u00e5 radio og\/eller fjernsynsarbeid. Erfaring med nettjournalistikk vil vere ein fordel. Vikariata inneber arbeid i turnus med kvelds- og helgevakter.\u201d<\/p>\n<p>Det var ti s\u00f8kjarar til vikariata og sju av dei var vikarar eller tilkallingsvikarar i redaksjonen i V. A s\u00f8kte p\u00e5 dei to heil\u00e5rsvikariata. Det blei gjennomf\u00f8rt korte samtaler med fire s\u00f8kjarar; B, C, D og E. X, avdeling 1 opplyser at dei ikkje har tatt vare p\u00e5 notata fr\u00e5 desse samtalene.<\/p>\n<p>B og C blei tilsatt i heil\u00e5rsvikariata. I november fikk A avslag p\u00e5 s\u00f8knaden per e-post. I e-post dagsett 11. november 2008 fr\u00e5 distriktssjef F st\u00e5r det:<\/p>\n<p>\u201dHei! Viser til s\u00f8knaden din om vikariat hos oss. Etter grundig vurdering av alle s\u00f8knadene har vi no gjort tilsetjingar i vikariata \u2013 som alle starta ved \u00e5rsskiftet. Dessverre n\u00e5dde du ikkje opp ved dette h\u00f8vet. Du m\u00e5 gjerne ta kontakt utp\u00e5 ny\u00e5ret med tanke p\u00e5 \u00e5 diskutere jobbutsiktene vidare. H\u00e5per alt st\u00e5r bra til i heimen! Mvh, F\u201d <\/p>\n<p>A skrev svar i e-post dagsett 12. november 2008:<\/p>\n<p>\u201dHei! Alt st\u00e5r bra til i heimen, bortsett fr\u00e5 at eg har ein liten klump i magen fordi eg aldri ser ut til \u00e5 n\u00e5 opp i X, avdeling 1.<\/p>\n<p>Eg registrerer ogs\u00e5 at C har f\u00e5tt eit \u00e5rsvikariat. Det fortener ho, men eg trudde ogs\u00e5 at eg hadde meir erfaring enn henne, og kan brukast p\u00e5 fleire omr\u00e5de (TV) og at det ville telle. Men det betyr vel d\u00e5 at C gjer ein betre jobb enn meg.<\/p>\n<p>Ein liten knekk i motivasjonen og sj\u00f8ltilliten, men ellers alt bra. A\u201d<\/p>\n<p>F svarer slik i e-post dagsett 12. november 2008:<\/p>\n<p>\u201dHei A! Forst\u00e5r at du er skuffa men dette var vikariat utl\u00f8yst av behov allereie fr\u00e5 nytt\u00e5r. Slik eg har forst\u00e5tt det var du ikkje klar p\u00e5 nokre m\u00e5nader enno, og det stemde ikkje med v\u00e5re behov no. Ta gjerne kontakt ein dag for \u00e5 diskutere vidare jobbutsikter n\u00e5r permisjonen din er over. MVh, F\u201d <\/p>\n<p>Etter e-postkorrespondansen inviterte F A til eit m\u00f8te. Tysdag 13. januar 2009 blei det haldt m\u00f8te mellom partane. A deltok saman med ein representant fr\u00e5 X, avdeling 1, G. I tillegg deltok F og administrasjonssjef H. Ombodet har f\u00e5tt tilsendt kopi av referatet fr\u00e5 m\u00f8tet. Det g\u00e5r fram av notatet at X avviser at foreldrepermisjonen var \u00e5rsak til at dei andre blei tilsett. <\/p>\n<p>Ombodet har ogs\u00e5 f\u00e5tt tilsendt ein skriftleg uttale dagsett 27. februar 2009 fr\u00e5 G, nestleiar i X, avdeling 1. I uttalen g\u00e5r det fram at ho meiner det er underleg at A ikkje blei sett p\u00e5 som betre kvalifisert n\u00e5r ho har meir erfaring og kompetanse p\u00e5 fleire medieplattformer enn ho som fikk vikariatet. <\/p>\n<p>X, avdeling 1 har sendt ombodet eit notat dagsett 19. oktober 2007 med overskrifta Oppsummering av m\u00f8te mellom A og arbeidsgiver. I notatet st\u00e5r mellom anna:<\/p>\n<p>\u201dA fikk gode tilbakemeldingar p\u00e5 jobben ho gjer, men ogs\u00e5 at det st\u00e5r att noko i h\u00f8ve til breidda i arbeidsoppg\u00e5ver ho kan tilleggast. Dette gjeld s\u00e6rleg med det som har med direktesituasjonar \u00e5 gjere der ho kvir seg spesielt n\u00e5r det gjelde TV. A meiner sj\u00f8lv det g\u00e5r greit p\u00e5 direkterapportering i radio og at ho er inne i ein prosess med tanke p\u00e5 \u00e5 kunne rapportere direkte ogs\u00e5 p\u00e5 TV.\u201d<\/p>\n<p>Norsk Journalistlag har i e-post dagsett 27. mars 2009 p\u00e5 vegne av A klaga til ombodet. <\/p>\n<h2>Partane sine syn p\u00e5 saka<\/h2>\n<p>Norsk Journalistlag v\/advokat Heyerdahl hevdar p\u00e5 vegne av A at X, avdeling 1 handla i strid med likestillingsloven i tilknyting til tilsetjinga i dei to vikariata.<\/p>\n<p>Norsk Journalistlag meiner at e-posten fr\u00e5 F ikkje kan bli tolka p\u00e5 meir enn ein m\u00e5te: X trengte ein vikar som kunne begynne \u00e5 arbeide allereie fr\u00e5 nytt\u00e5r. E-posten representerer eit openbart brot p\u00e5 likestillingsloven \u00a7\u00a7 4 andre ledd og 3. Utsegna er vidare eit \u201domstende\u201d som f\u00f8rar til at provtyngsla g\u00e5r over p\u00e5 X, jf. likestillingsloven \u00a7 16.<\/p>\n<p>Samanlikning av kompetansen til A og C st\u00e5r sentralt i saka. Viss ein deler vurderinga opp i formal- og realkompetanse, vil ein sj\u00e5 at A kjem best ut n\u00e5r det gjeld formalkompetanse. N\u00e5r det gjeld realkompetanse, er dette ein sv\u00e6rt skj\u00f8nnsmessig vurdering. Norsk Journalistlag meiner at ombodet burde leggje avgj\u00f8rande vekt p\u00e5 uttalen fr\u00e5 tillitsvalte, G, som var tillitsvalt for b\u00e5de A og C. <\/p>\n<p>Samtalen F og A hadde i 2007 handla om at det da ikkje var ledige vikariat. At den samla kompetansen til A ikkje var god nok, var ikkje tema. Det einaste som blei p\u00e5pekt var at A var tilbakehalden med \u00e5 gjere direkterapporteringar, men at ho var inne i ein prosess med tanke p\u00e5 at ho ville gj\u00f8re det. <\/p>\n<p>Da det ble ledig eit vikariat i mars 2008, s\u00e5 A ingen grunn til ikkje \u00e5 s\u00f8kje p\u00e5 det. Ho blei ogs\u00e5 kalla inn til ein samtale, men B blei tilsett i vikariatet. A reknar med at dei ikkje hadde kalla ho inn viss X ikkje rekna ho som ein interessant s\u00f8kjar. <\/p>\n<p>N\u00e5r det gjeld tilsetjinga i dei to vikariata skriver X, avdeling 1:<\/p>\n<p>\u201dVi meiner det er viktig \u00e5 sj\u00e5 vurderingane i lys av at A ogs\u00e5 tidlegare har s\u00f8kt p\u00e5 vikariat og fast jobb i X, avdeling 1 uten \u00e5 n\u00e5 opp i konkurransen med \u00f8vrige s\u00f8kjarar.\u201d <\/p>\n<p>A gjer oppmerksam p\u00e5 at X her viser til ein stilling ho s\u00f8kte p\u00e5 i februar 2007, over eitt \u00e5r tidlegare, der ho ikkje blei kalla inn til intervju. A stiller sp\u00f8rsm\u00e5l ved denne argumentasjonen fordi ho var inne til samtale om vikariatet i mars \u00e5ret etter. I l\u00f8pet av dette \u00e5ret hadde ho opparbeidd meir kompetanse og erfaring.<\/p>\n<p>A undrar seg over at X stadig nenner at kompetansen ho har, ikkje er god nok samla sett. A meiner kompetansen ho har er betre enn kompetansen til C og ho har lengre erfaring enn C. C har ikkje lengre utdanning enn A. A har l\u00e6rt C nettarbeid, og har ogs\u00e5 gitt oppl\u00e6ring til fleire i resepsjonen. C har heller ikkje erfaring som fjernsynsreportar. A har f\u00e5tt sv\u00e6rt god tilbakemelding p\u00e5 arbeidet sitt som nettreportar. Ho har ogs\u00e5 f\u00e5tt ros for arbeid som radio- og fjernsynsreporter. A har alltid levert p\u00e5 vaktene sine. Ho vet ikkje kva X baserer uttalen om at A ikkje har personleg drivkraft for \u00e5 utvikle nettproduktet p\u00e5. Ho har gitt uttrykk for at ho er sv\u00e6rt glad i nettjournalistikk, ho har studert informasjonsvitskap p\u00e5 universitetet og har skrive oppg\u00e5ve om nettjournalistikk og blogging. A har ogs\u00e5 l\u00e6rt seg gode metodar for \u00e5 skrive gode nettsaker. Ho har heller aldri f\u00e5tt tilbakemelding p\u00e5 at X saknar noko n\u00e5r det gjeld nettarbeidet ho har gjort. <\/p>\n<p>A er ueinig i at dei faglege vurderingane som l\u00e5g til grunn for tilsetjingane, blei gjennomg\u00e5tt med henne i m\u00f8tet den 13. januar. A blei fortalt at kompetansen ho har, ikkje var god nok, men ho fikk ikkje vite kva ho mangla. Ho blei heller ikkje fortalt kva for slag kompetanse C hadde som ho ikkje hadde. X meinte det var feil \u00e5 kommentere det utan at C var til stades. Det g\u00e5r heller ikkje fram av referatet kva for slag kvalifikasjonar det er snakk om. <\/p>\n<p>X skriver at A manglar den naudsynte tryggleiken med omsyn til direktesendingar. A har aldri grua seg for \u00e5 g\u00e5 direkte i radio. Da ho jobba i X, avdeling 2 hadde ho aleine ansvaret for fleire direktesendte radiosendingar. A har tilbydt seg \u00e5 lese nyheiter for X, avdeling 1, men f\u00e5tt beskjed om at det ikkje har v\u00e6rt behov for det. Det einaste A ikkje har gjort, er \u00e5 g\u00e5 direkte p\u00e5 fjernsyn. Hovud\u00e5rsaka er at ho aldri har blitt tilbydt skikkeleg oppl\u00e6ring, men har blitt bedt om \u00e5 gj\u00f8re det utan oppl\u00e6ring. Ho har gitt uttrykk for at ho p\u00e5 sikt kan tenkje seg ogs\u00e5 direktesendingar p\u00e5 fjernsyn. C har ikkje erfaring med fjernsyn. Argumentet om at A gruar seg for direktesendingar p\u00e5 fjernsyn b\u00f8r derfor ikkje veie tungt. <\/p>\n<p>A kjenner til at andre vikarar som har vore i foreldrepermisjon, har tilegna seg ansiennitet det \u00e5ret dei har v\u00e6rt i permisjon. A meiner p\u00e5 denne bakgrunn at kompetansen ho har p\u00e5 nett ikkje er d\u00e5rlegare enn kompetansen C har, sj\u00f8lv om ho har arbeidd med nettjournalistikk \u00e5ret A har v\u00e6rt i permisjon. If\u00f8lgje C er det ikkje mykje som har endra seg p\u00e5 denne tida. <\/p>\n<p>X, avdeling 1 avviser at dei har handla i strid med likestillingsloven ved tilsetjingane. <\/p>\n<p>Alle s\u00f8knadene blei gjennomg\u00e5tt og vurdert ut fr\u00e5 dei faglege behova X hadde i redaksjonen. Vurderingane blei gjort av F og d\u00e5verande redaksjonssjef nyheiter, I. Etter ei samla vurdering av kompetansen til den enkelte haldt saman med dei faglige behova i redaksjonen, blei B og C tilsett i dei to heil\u00e5rsvikariata. <\/p>\n<p>Til grunn for tilsetjinga av B l\u00e5g den solide nyheitserfaringa ho har, h\u00f8y utdanning, ekstern kompetanse med nettarbeid og evne til rask og sj\u00f8lvstendig jobbing. B har bachelorgrad i journalistikk med spesialisering i radio. I utdanninga inng\u00e5r til saman 22 veker intern og ekstern praksis med avvikling av direktesendingar i radio, reportasjearbeid og direkterapportering. Ho har i tillegg eit delfag i tv-produksjonen fr\u00e5 same stad. Av tilleggskompetanse var erfaring med prosjektleiing og motivasjon for framtidig arbeidsleiaransvar i redaksjonen. X vurderte erfaringa fr\u00e5 nyheitsarbeid og nettarbeid i kombinasjon med evne til \u00e5 lede arbeidet som ekstra verdifull i ei tid der X omorganiserte arbeidet p\u00e5 desken med meir vektlegging av nettarbeidet. B er i dag ein av fire vaktsjefar i redaksjonen. B har avvikla eigne sendingar med radionyheiter i fleire periodar og har ogs\u00e5 god erfaring med direkterapportering i radio. B har i tillegg hatt vakter som tv-reportar.<\/p>\n<p>Til grunn for tilsetjinga av C l\u00e5g god erfaring med nyheitsarbeid, spesielt p\u00e5 radio og nett, utprega id\u00e9rikdom og godt kjeldenett, teft for gode nyheitshistorier, evne til sj\u00f8lvstendig arbeid og sterk faglig utvikling den tida ho har vore hos X. C har ogs\u00e5 journalistutdanning; bachelorgrad i journalistikk med djupning i radio. I utdanninga inng\u00e5r til saman 22 veker intern og ekstern praksis med avvikling av direktesendingar i radio, reportasjearbeid og direkterapportering. <\/p>\n<p>Av tilleggskompetanse la X vekt p\u00e5 den spesielle evna ho har som nettjournalist. C har ein rekke gonger vore p\u00e5drivar i redaksjonen for \u00e5 f\u00e5 fleire personar til \u00e5 bes\u00f8ke nettsidene. Samansetjinga av kvalifikasjonar i kombinasjon med teften som nettjournalist vurderte X som eit vesentlig behov i den nye organiseringa av nettarbeidet fr\u00e5 \u00e5rsskiftet. I ein samla vurdering var det ogs\u00e5 positivt at C er fr\u00e5 nord i O og har eit talem\u00e5l X trenger \u00e5 rekruttere fr\u00e5. X, avdeling 1 er det einaste mediehuset i regionen som dekker heile O. I X, avdeling 1 har ho i hovudsak vore reporter p\u00e5 radio og nett, og rapportert direkte p\u00e5 radio.<\/p>\n<p>Fordi alle s\u00f8kjarane hadde tilstrekkelig formalkompetanse i botn og i utgangspunktet var kvalifiserte, var vurderinga av realkompetanse viktig. Ved tilsetjingar m\u00e5 ein sj\u00e5 hen til kva for slag kompetanse X treng for den personen som skal erstattast, samansetjing av kompetanse i redaksjonen elles og kva for behov X har med omsyn til kommande redaksjonell satsing og utvikling. <\/p>\n<p>P\u00e5 denne bakgrunnen vurderte X kvalifikasjonane til A som ikkje tilstrekkelege til dei to vikariata. A har utvikla seg som ein god fleirmediell nyheitsjournalist i tida hos X, men mangla den naudsynte tryggleiken n\u00e5r det gjeld direktesending, noko X er avhengig av i nyheitsturnusen sin. I tillegg hadde A ikkje tilstrekkeleg spisskompetanse i utviklinga av det redaksjonelle arbeidet p\u00e5 nett, mellom anna ein personleg drivkraft for \u00e5 utvikle nettproduktet.<\/p>\n<p>Dei tillitsvalde fikk innsyn i s\u00f8kjarlista og s\u00f8knadane. Den einaste merknaden som er registrert, var ein munnleg uttale fr\u00e5 X sitt Journalistlag om at leiinga burde legge vekt p\u00e5 erfaring i tilsetjingane. Etter at tilsetjinga blei gjort kjent, registrerte X ingen kommentarar p\u00e5 vala. X stiller seg derfor uforst\u00e5ande til reaksjonane tilsetjingane skal ha skapt slik dei er presentert i uttalen dagsett 27. februar 2009. <\/p>\n<p>Heyerdahl skriv i klaga p\u00e5 vegne av A at den f\u00f8rste grunngjevinga ho fikk for ikkje \u00e5 n\u00e5 opp i tilsetjingane, var i e-post dagsett 12. november 2008 fr\u00e5 F der det mellom anna st\u00e5r at ho ikkje var klar p\u00e5 nokre m\u00e5nadar. X er ikkje einig i dette. Etter vurderinga til X, g\u00e5r tilbakemeldinga fram av den f\u00f8rste e-posten fr\u00e5 F, dagsett 11. november s.\u00e5. Det blei sendt tilsvarande svar til dei andre s\u00f8kjarane. <\/p>\n<p>A ga i e-post uttrykk for at ho var skuffa og meinte seg betre kvalifisert enn den eine av dei to som blei tilsett. F \u00f8nskte av prinsipp ikkje \u00e5 g\u00e5 inn i ein n\u00e6rmare fagleg vurdering av A per e-post, ogs\u00e5 av omsyn til vedkommande som blei tilsett. F formulerte e-posten utan \u00e5 sikte til foreldrepermisjonen til A. X ser at formuleringa kan bli tolka p\u00e5 ein annan m\u00e5te og at dei burde ha klargjort dei faglige vurderingane som l\u00e5g til grunn for at ho ikkje blei tilsett. Dei faglige vurderingane som l\u00e5g til grunn for tilsetjingane blei gjennomg\u00e5tt med A i m\u00f8tet den 13. januar 2009, der F ogs\u00e5 beklaga formuleringane i den aktuelle e-posten.<\/p>\n<p>X meiner det er viktig \u00e5 sj\u00e5 vurderingane i lys av at A tidligare har s\u00f8kt p\u00e5 vikariat og fast stilling i X, avdeling 1 utan \u00e5 n\u00e5 opp i konkurransen med andre s\u00f8kjarar. A s\u00f8kte p\u00e5 ein fast stilling som journalist hos X i februar 2007. Kompetansen ho har blei ikkje vurdert som tilstrekkelig og ho var verken p\u00e5 intervju eller innstilt til stillingen. Seinare same \u00e5r gjennomf\u00f8rte X tilbakemeldingssamtaler med alle vikarane. X gjorde det da helt klart for A at kompetansen ho hadde ikkje blei vurdert som tilstrekkelig til \u00e5 n\u00e5 opp til lengre vikariat eller fast stilling hos X.<\/p>\n<p>A s\u00f8kte ogs\u00e5 p\u00e5 eit heil\u00e5rsvikariat i mars 2008. Det var elleve s\u00f8kjarar til stillingen og A var blant dei som var inne til samtale om vikariatet. Etter ein grundig faglig vurdering ut fr\u00e5 behova redaksjonen hadde, blei B tilsett. <\/p>\n<p>X, avdeling 1 har i l\u00f8pet av dei siste tre \u00e5ra tilsatt to medarbeidarar i faste stillingar som enten var p\u00e5 vei ut i eller i foreldrepermisjon. <\/p>\n<h2>Rettsleg grunnlag<\/h2>\n<p>Likestillings- og diskrimineringsombodet kan gi uttale om eit forhold er i strid med likestillingsloven eller ikkje, jf. diskrimineringsombudsloven \u00a7 3 tredje ledd, jf. \u00a7 1 andre ledd nr. 1. <\/p>\n<p>Likestillingsloven \u00a7 4 andre ledd, jf. \u00a7 3, sett forbod mot direkte og indirekte forskjellsbehandling p\u00e5 grunn av kj\u00f8nn. Direkte forskjellsbehandling er handlingar som stiller kvinner og menn ulikt fordi dei er av forskjellig kj\u00f8nn. Handlingar som sett ei kvinne i ei d\u00e5rlegare stilling enn ho elles ville ha vore p\u00e5 grunn av graviditet eller f\u00f8dsel strir mot lova. Skjer diskriminering p\u00e5 eit tidspunkt av permisjonen som er tilskriven mor eller far, er det tale om direkte diskriminering. Tre veker f\u00f8r og seks veker etter f\u00f8dsel er foreldrepermisjonen tilskriven mor. <\/p>\n<p>Med indirekte forskjellsbehandling meiner ein einkvar tilsynelatande n\u00f8ytral handling som faktisk verkar slik at det eine kj\u00f8nnet kjem d\u00e5rlegare ut enn det andre. Det er framleis slik at langt fleire kvinner enn menn som tar ut foreldrepermisjon. Ei vektlegging av slikt fr\u00e5v\u00e6r vil derfor ramme kvinner i langt st\u00f8rre grad enn menn. Forskjellsbehandling p\u00e5 grunn av foreldrepermisjon som varer lengre enn den som er tilskriven i lova er omfatta av forbodet mot indirekte forskjellsbehandling i likestillingsloven, jf. Ot.prp. nr. 77 (2000-2001) side 36 og 111. <\/p>\n<p>Forbodet gjelder b\u00e5de ved kortvarige og langvarige arbeidsforhold, ogs\u00e5 ved tilsetjing i vikariat. <\/p>\n<p>Likestillingsloven \u00a7 16 har ein regel om delt provtyngsle. Det betyr at den som klager i f\u00f8rste omgang m\u00e5 peike p\u00e5 forhold som gir grunn til \u00e5 tru at forskjellsbehandling har skjedd. Dei ytre omstende i saka m\u00e5 gi st\u00f8tte til klagar sin p\u00e5stand. Dersom det er vist til omstende som gir grunn til \u00e5 tru, m\u00e5 arbeidsgjevar gjere sannsynleg at forskjellsbehandling ikkje har skjedd. <\/p>\n<h2>Ombodet si vurdering <\/h2>\n<p>Norsk Journalistlag v\/advokat Ketil Heyerdahl har bedt ombodet vurdere om A p\u00e5 grunn av foreldrepermisjon har blitt forbig\u00e5tt ved tilsetjing i to heil\u00e5rsvikariat som reporter. Ombodet vil f\u00f8rst ta stilling til om det er grunn til \u00e5 tru at X, avdeling 1 har lagt vekt p\u00e5 at A var i foreldrepermisjon ved tilsetjinga i dei to vikariata. <\/p>\n<p>I e-post dagsett 12. november 2008 skriver F til A at vikariata var utl\u00f8yst av behov allereie fr\u00e5 nytt\u00e5r og at han forstod det som at ho ikkje var klar p\u00e5 nokre m\u00e5nadar enn\u00e5. Det nemnes ogs\u00e5 i e-posten dagsett 11. november 2008 at vikariata starta ved \u00e5rsskiftet. Viss F meinte A ikkje var klar erfaringsmessig\/faglig, m\u00e5 ein rekne med at ho heller ikkje ville ha vore kvalifisert berre nokre f\u00e5 m\u00e5nader seinare. Ombodet meiner e-postkorrespondansen gir en klar indikasjon p\u00e5 at X har lagt negativ vekt p\u00e5 at A var i foreldrepermisjon, og dermed ikkje kunne tiltre fr\u00e5 nytt\u00e5r. A var i permisjon fram til april 2009. E-postsvaret er slik ombodet ser det, direkte knytt til tidspunktet for avslutninga av A sin permisjon. X argumenterar med at den riktige tilbakemeldinga blei gitt i e-post dagsett 11. november, der det st\u00e5r at A ikkje n\u00e5dde opp. At X har sendt denne e-posten f\u00f8rst endrar sj\u00f8lvsagt ikkje p\u00e5 at X dagen etterp\u00e5, etter \u00e5 ha mottatt svar fr\u00e5 A, skreiv at ho ikkje var klar p\u00e5 nokre m\u00e5nadar. Ombodet kan heller ikkje sj\u00e5 at e-postane sett i samanheng gir st\u00f8tte til forklaringa til X om at dei ikkje har lagt vekt p\u00e5 permisjonen. <\/p>\n<p>Ombodet finner p\u00e5 denne bakgrunnen at det er grunn til \u00e5 tru at X, avdeling 1 la negativ vekt p\u00e5 at A var i foreldrepermisjon, jf. likestillingsloven \u00a7 16. Det er dermed opp til X \u00e5 gjere sannsynleg at det berre var andre \u00e5rsaker enn at A var i foreldrepermisjon som l\u00e5g til grunn for utveljinga til vikariata.<\/p>\n<p>X argumenterar mellom anna med at A er tilbakehalden med \u00e5 gjere direkterapportering p\u00e5 fjernsyn. Det g\u00e5r ogs\u00e5 fram av notat dagsett 19. oktober 2007. Argumentet er saklig, og A erkjenner at hun er og har vore tilbakehalden p\u00e5 dette punktet, men at ho \u00f8nskjer \u00e5 arbeide med direkterapportering i framtida. A har til tross for dette jobba der og blitt innkalla til intervju tidlegare. Dei to andre s\u00f8kjarane, som blei tilsett, hadde heller ikkje erfaring med direkterapportering p\u00e5 fjernsyn. Argumentet har derfor avgrensa vekt. <\/p>\n<p>X hevdar vidare at A ikkje hadde tilstrekkeleg spisskompetanse med omsyn til det redaksjonelle arbeidet p\u00e5 nett, medrekna ein personleg drivkraft for \u00e5 utvikle nettproduktet. Denne p\u00e5standen er ikkje dokumentert. A er ueinig i p\u00e5standen, og meiner ho berre har f\u00e5tt gode tilbakemeldingar. Ombodet kan dermed ikkje leggje vekt p\u00e5 den.<\/p>\n<p>Forbodet mot forskjellsbehandling gjeld alle deler av tilsetjingsprosessen og ikkje berre det endelige valet av kven som blir tilsett. X har oppgitt at dei har kasta notata fr\u00e5 intervjua, slik at det er vanskelig i ettertid \u00e5 vise til kva for kvalifikasjonar som har vore avgj\u00f8rande for utveljinga. X har dermed ikkje klart \u00e5 vise tilbake at bruk av foreldrepermisjon har spilt ein ufordelaktig rolle i tilsetjing i dei to vikariata. Ombodet har ikkje med dette tatt stilling til kven som er best kvalifisert for stillinga eller kven som burde vore innkalla til intervju. <\/p>\n<p>Ombodet finner at X, avdeling 1 ikkje har gjort sannsynleg at dei berre har lagt vekt p\u00e5 andre forhold enn foreldrepermisjonen til A. X, avdeling 1 handla dermed i strid med likestillingsloven \u00a7\u00a7 4 andre ledd, jf. \u00a7 3. <\/p>\n<h2>Konklusjon<\/h2>\n<p>X, avdeling 1 handla i strid med forbodet mot indirekte forskjellsbehandling i likestillingsloven \u00a7\u00a7 4, jf. \u00a7 3 p\u00e5 grunn av kj\u00f8nn i tilknyting til tilsetjing i vikariat som reporter. <\/p>\n<p>* * *<\/p>\n<p>Likestillingsloven gir arbeidss\u00f8kjar som har blitt behandla i strid med likestillingsloven rett til \u00e5 krevje oppreisning og erstatning utan omsyn til arbeidsgjevars skyld. Likestillings- og diskrimineringsombodet handhevar ikkje f\u00f8resegna om erstatning. Viss A \u00f8nskjer \u00e5 krevje oppreisning og\/eller erstatning, m\u00e5 ho reise s\u00f8ksm\u00e5l ved dei alminnelege domstolar. <\/p>\n<p>Ombodet vil likevel oppfordre X, avdeling 1 til \u00e5 gi A oppreisning og erstatning for eit eventuelt \u00f8konomisk tap. Ombodet ber om ei tilbakemelding p\u00e5 om X, avdeling 1 vil f\u00f8lgje oppfordringa til ombodet innan 30. mars 2010.<\/p>\n<\/section>\n<\/section>\n<\/article>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Arbeidsgivar hadde ikkje gjort det sannsynleg at dei i samband med tilsetjing berre hadde lagt vekt p\u00e5 andre forhold enn foreldrepermisjon.<\/p>\n","protected":false},"template":"","meta":{"footnotes":""},"ldo-archive-year":[22],"class_list":["post-14842","ldo-complaint","type-ldo-complaint","status-publish","hentry","ldo-archive-year-22"],"yoast_head":"<!-- This site is optimized with the Yoast SEO plugin v22.9 - https:\/\/yoast.com\/wordpress\/plugins\/seo\/ -->\n<title>Diskriminering i samband med tilsetjing - Arkiv<\/title>\n<meta name=\"robots\" content=\"index, follow, max-snippet:-1, max-image-preview:large, max-video-preview:-1\" \/>\n<link rel=\"canonical\" href=\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-diskriminering-i-samband-med-tilsetjing\/\" \/>\n<meta property=\"og:locale\" content=\"nb_NO\" \/>\n<meta property=\"og:type\" content=\"article\" \/>\n<meta property=\"og:title\" content=\"Diskriminering i samband med tilsetjing - Arkiv\" \/>\n<meta property=\"og:description\" content=\"Arbeidsgivar hadde ikkje gjort det sannsynleg at dei i samband med tilsetjing berre hadde lagt vekt p\u00e5 andre forhold enn foreldrepermisjon.\" \/>\n<meta property=\"og:url\" content=\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-diskriminering-i-samband-med-tilsetjing\/\" \/>\n<meta property=\"og:site_name\" content=\"Arkiv\" \/>\n<meta name=\"twitter:card\" content=\"summary_large_image\" \/>\n<meta name=\"twitter:label1\" content=\"Ansl. lesetid\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data1\" content=\"19 minutter\" \/>\n<script type=\"application\/ld+json\" class=\"yoast-schema-graph\">{\"@context\":\"https:\/\/schema.org\",\"@graph\":[{\"@type\":\"WebPage\",\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-diskriminering-i-samband-med-tilsetjing\/\",\"url\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-diskriminering-i-samband-med-tilsetjing\/\",\"name\":\"Diskriminering i samband med tilsetjing - Arkiv\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#website\"},\"datePublished\":\"2010-01-01T00:00:00+00:00\",\"dateModified\":\"2010-01-01T00:00:00+00:00\",\"breadcrumb\":{\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-diskriminering-i-samband-med-tilsetjing\/#breadcrumb\"},\"inLanguage\":\"nb-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"ReadAction\",\"target\":[\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-diskriminering-i-samband-med-tilsetjing\/\"]}]},{\"@type\":\"BreadcrumbList\",\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-diskriminering-i-samband-med-tilsetjing\/#breadcrumb\",\"itemListElement\":[{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":1,\"name\":\"Arkiv\",\"item\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":2,\"name\":\"Klagesaker\",\"item\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/?post-type=ldo-complaint\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":3,\"name\":\"Diskriminering i samband med tilsetjing\"}]},{\"@type\":\"WebSite\",\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#website\",\"url\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/\",\"name\":\"LDO Arkiv\",\"description\":\"Dette er ombudets arkiv. Her finner du klagesaker som ombudet i sin tid behandlet fra 1996 til 2017. Klagesaker utover dette finner du p\u00e5 Diskrimineringsnemndas hjemmeside. P\u00e5 disse arkivsidene finner du ogs\u00e5 eldre h\u00f8ringssvar som strekker seg fra 2023 og tilbake til 2006. Nyere h\u00f8ringssvar finner du p\u00e5 Publikasjoner, som du kan bes\u00f8ke ved \u00e5 klikke p\u00e5 menyknappen \u00f8verst i h\u00f8yre hj\u00f8rne.\",\"publisher\":{\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#organization\"},\"potentialAction\":[{\"@type\":\"SearchAction\",\"target\":{\"@type\":\"EntryPoint\",\"urlTemplate\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/?s={search_term_string}\"},\"query-input\":\"required name=search_term_string\"}],\"inLanguage\":\"nb-NO\"},{\"@type\":\"Organization\",\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#organization\",\"name\":\"LDO Arkiv\",\"url\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/\",\"logo\":{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nb-NO\",\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#\/schema\/logo\/image\/\",\"url\":\"https:\/\/ldo.no\/content\/uploads\/sites\/2\/2025\/05\/Property-1Default.svg\",\"contentUrl\":\"https:\/\/ldo.no\/content\/uploads\/sites\/2\/2025\/05\/Property-1Default.svg\",\"caption\":\"LDO Arkiv\"},\"image\":{\"@id\":\"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#\/schema\/logo\/image\/\"}}]}<\/script>\n<!-- \/ Yoast SEO plugin. -->","yoast_head_json":{"title":"Diskriminering i samband med tilsetjing - Arkiv","robots":{"index":"index","follow":"follow","max-snippet":"max-snippet:-1","max-image-preview":"max-image-preview:large","max-video-preview":"max-video-preview:-1"},"canonical":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-diskriminering-i-samband-med-tilsetjing\/","og_locale":"nb_NO","og_type":"article","og_title":"Diskriminering i samband med tilsetjing - Arkiv","og_description":"Arbeidsgivar hadde ikkje gjort det sannsynleg at dei i samband med tilsetjing berre hadde lagt vekt p\u00e5 andre forhold enn foreldrepermisjon.","og_url":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-diskriminering-i-samband-med-tilsetjing\/","og_site_name":"Arkiv","twitter_card":"summary_large_image","twitter_misc":{"Ansl. lesetid":"19 minutter"},"schema":{"@context":"https:\/\/schema.org","@graph":[{"@type":"WebPage","@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-diskriminering-i-samband-med-tilsetjing\/","url":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-diskriminering-i-samband-med-tilsetjing\/","name":"Diskriminering i samband med tilsetjing - Arkiv","isPartOf":{"@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#website"},"datePublished":"2010-01-01T00:00:00+00:00","dateModified":"2010-01-01T00:00:00+00:00","breadcrumb":{"@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-diskriminering-i-samband-med-tilsetjing\/#breadcrumb"},"inLanguage":"nb-NO","potentialAction":[{"@type":"ReadAction","target":["https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-diskriminering-i-samband-med-tilsetjing\/"]}]},{"@type":"BreadcrumbList","@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/klagesaker\/2010-diskriminering-i-samband-med-tilsetjing\/#breadcrumb","itemListElement":[{"@type":"ListItem","position":1,"name":"Arkiv","item":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/"},{"@type":"ListItem","position":2,"name":"Klagesaker","item":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/?post-type=ldo-complaint"},{"@type":"ListItem","position":3,"name":"Diskriminering i samband med tilsetjing"}]},{"@type":"WebSite","@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#website","url":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/","name":"LDO Arkiv","description":"Dette er ombudets arkiv. Her finner du klagesaker som ombudet i sin tid behandlet fra 1996 til 2017. Klagesaker utover dette finner du p\u00e5 Diskrimineringsnemndas hjemmeside. P\u00e5 disse arkivsidene finner du ogs\u00e5 eldre h\u00f8ringssvar som strekker seg fra 2023 og tilbake til 2006. Nyere h\u00f8ringssvar finner du p\u00e5 Publikasjoner, som du kan bes\u00f8ke ved \u00e5 klikke p\u00e5 menyknappen \u00f8verst i h\u00f8yre hj\u00f8rne.","publisher":{"@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#organization"},"potentialAction":[{"@type":"SearchAction","target":{"@type":"EntryPoint","urlTemplate":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/?s={search_term_string}"},"query-input":"required name=search_term_string"}],"inLanguage":"nb-NO"},{"@type":"Organization","@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#organization","name":"LDO Arkiv","url":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/","logo":{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nb-NO","@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#\/schema\/logo\/image\/","url":"https:\/\/ldo.no\/content\/uploads\/sites\/2\/2025\/05\/Property-1Default.svg","contentUrl":"https:\/\/ldo.no\/content\/uploads\/sites\/2\/2025\/05\/Property-1Default.svg","caption":"LDO Arkiv"},"image":{"@id":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/#\/schema\/logo\/image\/"}}]}},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/wp-json\/wp\/v2\/ldo-complaint\/14842"}],"collection":[{"href":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/wp-json\/wp\/v2\/ldo-complaint"}],"about":[{"href":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/wp-json\/wp\/v2\/types\/ldo-complaint"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/wp-json\/wp\/v2\/ldo-complaint\/14842\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=14842"}],"wp:term":[{"taxonomy":"ldo-archive-year","embeddable":true,"href":"https:\/\/ldo.no\/arkiv\/wp-json\/wp\/v2\/ldo-archive-year?post=14842"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}