Kapittel 1 Føreord

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) skal hjelpe menneske som blir diskriminert, og jobbe for eit samfunn der alle har like moglegheiter og rettar. Det er eit oppdrag eg er stolt og glad for å overta ansvaret for.

I dei første månadane som ombod har det vore viktig for meg å bruke tid på å sette meg inn i alt arbeidet som blir gjort i LDO, og bli kjent med fagmiljøet og ekspertisen som ligg i og utanfor organisasjonen. Eg har møtt dei som kjenner diskrimineringa på kroppen kvar dag. Dei sit med viktig kunnskap om kor skoen trykkjer, og saman med førespurnadane og klagesakene vi får, gir dei eit unikt innblikk i kvar og korleis diskriminering skjer. Og eg har møtt dei som har makt og moglegheit til å gjere noe med strukturane som fører til diskriminering.

Eg kjem inn i ein organisasjon som i 2015 hjelpte fleire diskriminerte enn nokon gong tidlegare. Sakene våre viser at diskriminering er eit stort samfunnsproblem i Noreg, og eg er redd vi, på tross av at fleire no seier i frå, framleis berre høyrer frå ein brøkdel av dei som opplever diskriminering.

Det aller viktigaste for meg vil vere å sikre at alt vi i LDO gjer er forankra i det vi veit om dei som blir diskriminerte. Som ombod er min aller viktigaste oppgåve å styrke deira sak. Derfor er det viktig for meg å få sakshandsamingstida hos ombodet ytterligare ned, slik at dei som opplever diskriminering får raskare og betre hjelp.

Men skal vi kome diskrimineringa til livs, kan vi ikkje berre jobbe reaktivt. Vi må også styrke det førebyggjande arbeidet, slik at ein større del av diskrimineringa kan stoppast. Som ombod er eg opptatt av at likestillingsarbeidet skal vere kunnskapsbasert og målretta, og eg kjem til å arbeide tett både med offentlege myndigheiter og partane i arbeidslivet for å sikre at det skjer. Deltaking i arbeidslivet er sentralt for deltaking i samfunnet, og et område eg derfor vil prioritere høgt. Eg er også opptatt av å styrke ombodet som ein sentral aktør i den offentlege debatten. Ombodet har i 2015 hatt ei tydeleg stemme i arbeidet mot hatytringar og hatkriminalitet. Dette arbeidet er det viktig for meg å føre vidare.

Eg har vore engasjert i likestillingsarbeidet sidan eg var ung. Sidan den gongen har mykje endra seg i positiv retning, men det er langt igjen før vi har eit godt samfunn for alle. Nye utfordringar kjem stadig. Eg overtar som ombod i ein periode der vi har sett store endringar i Noreg og Europa. Det utfordrar oss, og gjer det viktigare enn nokon gong å halde fana om eit likestilt samfunn høgt. Eg gler meg til å gjere ein forskjell for dei som opplever diskriminering i samfunnet vårt.

Hanne Inger Bjurstrøm

Likestillings- og diskrimineringsombod