09/2594: Student ved universitet ikkje diskriminert grunna nedsett funksjonsevne, eller utsett for ulovlege reaksjonar

Ein student ved eit universitet meinte seg diskriminert grunna manglande tilrettelegging, da universitetet ikkje hadde gitt henne fast lesesalplass eller meir vegleiing da ho blei tatt opp som mastergradsstudent for andre gong hausten 2010. Ombodet la til grunn at plikten til individuell tilrettelegging i denne saka vil vere ei uforholdsmessig byrde, da klagaren tidligare hadde hatt individuell tilrettelegging over fleire år, utan at dette hadde hatt den ønska effekten.

Klagaren følte seg vidare diskriminert då ho ikkje fekk gå på førelesningar eller ta opp att eksamenar, og at ho også vart ekskludert frå det sosiale samveret på universitetet. Ombodet meinte at det ikkje var sannsynleggjort at grunnlaget for at klagaren eventuelt ikkje fekk delta på førelesningane eller ta opp att eksamenar, var basert på hennar nedsette funksjonsevne. Ombodet fant det heller ikkje sannsynleggjort at klagaren ikkje fekk delta i det sosiale samveret grunna si nedsette funksjonsevne.

Klagaren opplyste vidare at ho hadde vert utsett for ulovlege reaksjonar etter at ho hadde klaga til LDO, då universitetet no la utilbørleg vekt på hennar manglande studieprogresjon. LDO fant ikkje at dette var tilfelle.

LDO viste vidare til at ei fråsegn som klagaren opplyste at ein vegleiar kom med, kunne vere diskriminerande og i strid med lova § 6. Ombodet kunne ut frå dei tilgjengelege opplysningane vanskeleg avgjere om ei slik fråsegn verkeleg hadde blitt ytra.

Ombodet kom etter dette til at universitetet ikkje hadde handla i strid med plikten til tilrettelegging etter diskriminerings- og tilgjengelighetsloven § 12. Universitetet hadde heller ikkje utsett klagaren for diskriminering i strid med loven § 4 eller ulovelege reaksjonar i strid med loven § 8.

Nemnda har behandlet klage på ombudets uttalelse, og opprettholdt konklusjonen.

Saksnr.: 09/2594
Lovanvendelse: diskriminerings- og tilgjengelighetsloven § 12, § 4, § 8, § 6
Dato: 15.04.2011

 

Fråsegn frå ombodet

Bakgrunn for saka

A blei teke opp som student ved universitetet B hausten 2004. A har mellom anna diagnosane multippel sklerose (MS), hypotherose og problem med synet, og har vore sjukmeldt og studert på deltid (50 %). Ho skulle etter normert studieplan vore ferdig med  mastergradsoppgåva si våren 2006, men fikk utsetting av fristen til 01.02.2009. Etter å ha klaga på dette, fekk ho ny utsetting av fristen fram til 01.02.2010.

A søkte om ny utsetting av fristen, men dette blei ikkje godteke av universitetet. Ho leverte ikkje mastergradsoppgåve 01.02.2010. Hausten 2010 blei A igjen teke opp som student ved universitetet. Ho blei ved det nye opptaket ikkje tildelt fast lesesalplass eller ny vegleiing, og blei oppforda om å konsentrere sine ressursar opp mot å levere mastergradsoppgåva.

A påklaga vedtaket om at ho ikkje blei tildelt fast lesesalplass. Klagen blei ikkje teke til følgje av universitetets klagenemnd.

Partane sitt syn på saka

A:

A hevdar at ho har blitt utsett for diskriminering da ho ikkje har fått fast lesesalplass og vegleiing som skrivehjelp etter at ho blei tatt opp på ny hausten 2010. Ho føler vidare at universitetet har nekta ho å følje undervisning. Ho føler av denne orsak seg utelukka frå det sosiale og faglege samværet på universitetet. Ho har mellom anna ikkje blitt invitert på sommarfestar.

Årsaka til at ho ikkje leverte mastergradsoppgåva si i tide, var sjukefråvær og manglande tilrettelegging frå B. Ho seier at ho har blitt trakassert av sin dåverande vegleiar, som har sagt at det ikkje er mykje positivt å seie om henne. Ho hadde grunna sjukdomen problem med å formulere seg slik vegleiaren ville.   

Ho opplyser at ho har skrive mastergradsoppgåve i seks semester på 50 % progresjon, ikkje åtte semester som universitetet hevdar, fordi alle studiepoeng måtte omreknast til 50 % progresjon. Ho har vidare vore sjuk og ”oskefast”, og har teke eksamen i anbefalte støttefag. Ho har òg måtte skifte bustad grunna sopp, noko som tok kreftar.

Ho opplyser at ho treng fast lesesalplass, sidan ho har særlege behov for større skrift og repetisjonar og eigne bøker å merke av i, noko som tilseier at ho treng meir plass til bøker og papir enn den gjennomsnittlege studenten. Ho har problem med trøttleik som skyldast hennar MS, og ho har òg fysiske plagar som ryggproblemer og inkontinens. Ho reagerer òg på at universitetet har same krav til progresjon, til tross for at ho no ikkje lenger har meir vegleiingstid att. Ho ønskjar å kunne snakke med professorar og vegleiare utan at dette blir tatt av hennar vegleiingstid.

Ho har ikkje, slik universitetet hevdar, skifta vegleiar. Ho har heile tida hatt dei same to vegleiarane, men desse har sagt at dei ikkje ønskjer å være vegleiar for henne med mindre ho sluttar å gå på førelesningar. Ho meiner vidare at universitetets ”snakk” om manglande progresjon berre er ein reaksjon på at ho har tatt saken til klagenemnda og Likestillings- og diskrimineringsombodet. Ho opplever heller ikkje at ho har ”monopolisert undervisninga”.

Universitetet B:

B viser i si forklaring til at studietida på mastergradsstudiet normalt er to år. Det kan avtalas deltidsstudiar ned til 50 %, og studietida blir då fire år. Viss bakgrunnen for forsinkinga er sjukdom, kan studietida forlengast ytterligare, men normalt ikkje ut over fem år. A blei tatt opp til masterstudiet hausten 2004, og fikk etter kvart frist til å levere mastergradsoppgåve til 01.02.2010. Ho søkte om utsetting av denne fristen, men fikk ikkje medhald fordi progresjonen hennar ikkje hadde vore slik at dei kunne sjå seg i stand til å få henne gjennom eit masterlaup innan normert tid. Ho har ikkje blitt nekta å fylgje undervisning, men vegleiarane har gjeve henne beskjed om at ho burde konsentrere seg om oppgåva si. Dei faga ho ønskte å fylgje førelesningar i, har ikkje samanheng med oppgåva. Ho har nok òg ”opplevd at medstudentane hennar ikkje har satt pris på det dei har opplevd som monopolisering av førelesningar med spørsmål og problemstillinger som blei opplevd som på sida og irrelevante…”.

A har fått betydeleg meir vegleiing enn det som er normert, og ho har òg skifta vegleiar i studiet. B skriv at ”når veiledere opplever at studenter ikke makter å nyttiggjøre seg veiledning, og/eller ikke makter å arbeide på en slik måte at det blir fremgang i arbeidet med en masteroppgave, er det en del av veiledningen å prøve å få studenten til å forstå dette.” Universitetet opplys vidare at A har hatt fast lesesalplass med heve- og senkebord, stol og ekstra hyller, samt særleg tilrettelagt eksamen.

I avslaget på søknaden til A om lesesalplass hausten 2010, skriv universitetet at A har hatt studierett på masterprogrammet i over åtte semester, uavhengig av korleis dette blir rekna. Dei støtter seg vidare på vurderingane gjort av vegleiarane hennar. Klagenemnda til universitetet er einig i dette, og skriv at den på grunn av dette og det at det er eit avgrensa tal faste lesesalplassar, ikkje har nokon merknader på at ho ikkje fekk lesesalplass. Nemnda hadde òg merka seg ”at det fra faglig hold foreligger uttalelser som indikerer at en ytterligere utvidelse av ordninga med tilrettelagt lesesalplass ikke vurderes som kritisk i forhold til mulighetene for å få avsluttet studieløpet for A.”

Rettsleg grunnlag

Ombodet kan gje fråsegn om eit forhold er i strid med diskriminerings- og tilgjengelighetsloven eller ikkje, jf. diskrimineringsombudsloven § 3 tredje ledd, jf. § 1 andre ledd nr. 3.

Diskriminerings- og tilgjengelighetsloven:

Direkte og indirekte diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne er forbode, jf. diskriminerings- og tilgjengelighetsloven (DTL) § 4 første ledd.

Med direkte diskriminering meinast at ei handling eller unnlating har som formål eller verknad at personar på grunn av nedsett funksjonsevne blir behandla dårlegare enn andre blir, har blitt eller ville blitt behandla i ein tilsvarande situasjon.

Med indirekte diskriminering meinast kvar tilsynelatande nøytral bestemming, føresetnad, praksis, handling eller unnlating som fører til at personar på grunn av nedsett funksjonsevne blir stilt dårligare enn andre.

Forskjellsbehandling som er nødvendig for å oppnå eit saklig formål, og som ikkje er uforholdsmessig inngripande overfor den eller dei som blir forskjellsbehandla, blir ikkje sett på som diskriminering etter lova. Forskjellsbehandling i arbeidslivet må i tillegg være nødvendig for utøvinga av arbeid eller yrke, jf. diskriminerings - og tilgjengelighetsloven § 4 fjerde ledd.

Etter diskriminerings - og tilgjengelighetslovens § 12 andre ledd har skuler og utdanningsinstitusjonar ei plikt til å ”foreta rimelig individuell tilrettelegging av lærested og undervisning for å sikre at elever og studenter med nedsatt funksjonsevne får likeverdige opplærings- og utdanningsmuligheter.” Brot på plikta til slik individuell tilrettelegging skal reknast som diskriminering, sjå loven § 12 sjette ledd. Etter forarbeida til loven gjev ikkje § 12 andre ledd større rettar enn dei som følg av universitets- og høgskoleloven § 4-3 femte ledd. Me viser til ot.prp. nr. 44 for 2007-2008, s. 184: ”Departementet [kan] ikke se at forslaget om individuell tilrettelegging i diskriminerings- og tilgjengelighetsloven stiller større krav til individuell tilrettelegging enn universitetsloven § 4-3 femte ledd.” Universitets- og høyskoleloven § 4-3 femte ledd seier at eit universitet, ”så langt det er mulig og rimelig, [skal] legge studiesituasjonen til rette for studenter med særlige behov. Tilretteleggingen må ikke føre til en reduksjon av de faglige krav som stilles ved det enkelte studium.”
 
Dersom det føreligg forhold som gir grunn til å tru at det har skjedd diskriminering, skal det leggjast til grunn at diskriminering har funne stad, viss ikkje den som er ansvarlig for handlinga, unnlatinga eller ytringa gjer det sannsynleg at det likevel ikkje har skjedd diskriminering, jf. diskriminerings- og tilgjengelighetsloven § 13.

Ei påstand om diskriminering er ikkje nok til at ombodet kan konkludera med at det er ”grunn til å tru” at diskriminering har skjedd. Påstanden må støttast av andre opplysningar eller fleire forhold i saka.

Det er forbod mot å utsette personar som har brukt sin klagerett til LDO for reaksjonar (”gjengjeldelse”), sjå diskriminerings- og tilgjengelighetsloven § 8.

Ombodet si vurdering

Ombodet vil innleiingsvis opplyse at det ikkje er naudsynt å ta stilling til om A vert diskriminert ved at hennar søknad om forlenga frist for innlevering av masteroppgåve ikkje blei tatt til følgje. Grunnen til dette er at A blei tatt opp på ny hausten 2010, og ei mogleg diskriminering av henne har difor opphørt.

Ombodet kan ikkje overprøve vedtaket om avslag på tilrettelegging frå universitetet B si sentrale klagenemnd, men kan gje fråsegn om diskriminerings- og tilgjengelighetsloven er brote.

Individuell tilrettelegging

Det er ikkje omstridt at A har nedsett funksjonsevne og at ho treng tilrettelegging. Ho har hatt individuell tilrettelegging i form av fast lesesalsplass frå hausten 2005 og forlenga frist for innlevering av masteroppgåva. Det er heller ikkje omstridt at A ikkje har fått individuell tilrettelegging av sine studiar gjennom til dømes fast lesesalplass og rett til meir vegleiing etter å ha blitt tatt opp på ny hausten 2010.
 
Det ombodet må ta stilling til, er om A frå hausten 2010 av denne årsaka har blitt diskriminert, sjå DTL § 12, jf. universitets- og høyskoleloven §4-3 femte ledd. Som nemnt ovanfor har utdanningsinstitusjonar ei plikt etter DTL § 12 til rimeleg individuell tilrettelegging for studentar som har nedsett funksjonsevne. Manglande individuell tilrettelegging reknast som diskriminering, men plikta er ikkje absolutt. Det heiter i § 12 femte ledd:

”Plikten etter første til fjerde ledd omfatter ikke tilrettelegging som innebærer en uforholdsmessig byrde. Ved vurderingen av om tilretteleggingen medfører en uforholdsmessig byrde skal det særlig legges vekt på tilretteleggingens effekt for å nedbygge funksjonshemmende barrierer, de nødvendige kostnadene ved tilretteleggingen og virksomhetens ressurser.”

Spørsmålet for ombodet er etter dette om unntaket frå plikta til individuell tilrettelegging kan nyttast i denne saka, med andre ord om tilrettelegging for A vil vere ei uforholdsmessig byrde for universitetet B.

Når ein skal avgjere om noko er uforholdsmessig må ein bruke skjønn. Eit vurderingstema som går fram av loven er effekten tilrettelegginga har for å byggje ned dei funksjonshemmande barrierene.

Universitetet B viser til at den tilrettelegginga som er gjort hittil, med forlenga fristar for innlevering av masteroppgåva og fast lesesalplass ikkje har ført til at A har klart å fullføre oppgåva si. Heller ikkje har den ekstra vegleiinga i perioden ført fram. Vegleiarane si vurdering er at meir vegleiing ikkje vil ha vidare effekt for A. Ombodet kan ikkje overprøve denne faglege vurderinga. Ombodet kan heller ikkje overprøve universitetets vurdering av kva som reknast som vegleiing eller korleis vegleiingstida blir rekna.

Når det gjeld kostnadene ved tilrettelegginga og dei ressursane universitetet har, så legg ombodet til grunn at faste lesesalplassar på universitetet B, som på andre universitet, er eit avgrensa gode, og at det er fleire søknadar til slike plassar enn det er plassar tilgjengeleg. B har difor rett til å sette opp kriterier for tildeling av slike plassar. 

Sjølv om ein ikkje kan sette ei fast grense for kor lenge ein person har krav på individuell tilrettelegging etter loven, er det eit moment i denne saka at ho har hatt tilrettelegging i fem år, og at normert studietid for masterstudiet er to år, mens deltid tilsvarer ei studietid på fire år.

Etter ei samla vurdering er ombodet kome til at plikt til individuell tilrettelegging i denne saka vil vere ei uforholdsmessig byrde. Ombodet legg særleg vekt på at den tilrettelegginga A har hatt over fleire år ikkje har hatt den ønska effekten.

Diskriminering ved utelukking frå førelesningar/eksamenar og sosialt samvær

LDO har vidare vurdert A si påstand om at ho vart utelukka frå det faglege miljøet på B ved at ho ikkje fekk gå på førelesningar eller ta opp att eksamenar. Ombodet har også vurdert hennar påstand om at ho har blitt utestengt frå det sosiale samveret på universitetet. Viss grunnlaget for dette er hennar nedsette funksjonsevne, vil dette vere diskriminering etter loven § 4. Dersom ombodet finn at det er grunn til å tru at nedsett funksjonsevne har hatt verka inn på det at ho ikkje fekk gå på førelesningar eller ta opp at eksamenar, går bevisbyrda over på B, sjå DTL § 13. B må då gjere det sannsynleg at diskriminering ikkje har skjedd.

Spørsmålet for ombodet er om A har blitt behandla dårligare enn andre studentar var/ville ha blitt behandla i ein tilsvarande situasjon, og om forskjellsbehandlinga i så fall hadde samanheng med hennar MS og andre sjukdomar.

Universitetet B har sagt at ho ikkje vert nekta å gå på førelesningar eller ta opp att eksamenar, men at vegleiarane har gjeve ho beskjed om å fokusere på oppgåva. LDO ser at A har følt seg ekskludert frå det faglege miljøet på universitetet, mellom anna frå førelesningar og eksamenar, og kan ikkje utelukke at grunnen til dette var kommentarar frå vegleiarar og andre tilsette på universitetet. Dette sjølv om dette ikkje trenger å ha vore deira intensjon, og utan at ho reint faktisk blei utelukka. For at dette skal vere eit brot på loven, må bakgrunnen for at ho eventuelt har vore utelukka, vere hennar nedsette funksjonsevne.

Ombodet kan ikkje sjå at grunnlaget for at A eventuelt ikkje fekk delta på førelesningane eller ta opp att eksamenar, var basert på hennar nedsette funksjonsevne. Ut frå dei opplysningane som ligg i saka er det etter ombodet si meining meir truleg at universitetet ønskjar at ho skal fokusere fullt og heilt på oppgåva for å gjere ho ferdig, og at det å delta på førelesningar eller ta opp att eksamenar ikkje etter deira syn vil gje noko hjelp til dette. Denne faglege vurderinga frå universitetet kan LDO ikkje overprøve.

Me finn heller ikkje objektive haldepunkt utover A si påstand for å seie at ho grunna si nedsette funksjonsevne har blitt utelukka frå det sosiale samværet på universitetet.

Ulovlege reaksjonar etter klage til LDO

A opplys òg at ho har vore utsett for reaksjonar grunna si klage til LDO ved at universitetet no legg utilbørleg vekt på hennar manglande studieprogresjon. Slike reaksjonar kan vere i strid med loven § 8, men ombodet kan ikkje sjå at ho har vore utsett for slike reaksjonar. Me viser til at studieprogresjon må vere eit relevant omsyn i denne vurderinga. B har lagt vekt på dette også før A klaga til ombodet, sjå til dømes den nye mastergradsavtala av 05.03.2009 der dette blir framheva i eit eige tilleggspunkt.

Trakassering

A har òg opplyst at ein vegleiarane har sagt at hennar oppgåve vil vere lite verdt då ho har brukt lang tid på den (”ein master på 10 år har ikkje same verdi enn ein på 2”). Ombodet kan ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg vanskeleg avgjøre om ein slik påstand har blitt ytra. Ombodet vil likevel vise til at ei slik fråsegn vil kunne vere i strid med forbodet mot trakassering etter loven § 6, sidan årsaka til at A har brukt lengre tid enn den normale studenten er hennar nedsette funksjonsevne.

Konklusjon

Universitetet B har ikkje handla i strid med plikten til tilrettelegging etter diskriminerings- og tilgjengelighetsloven § 12.

Universitetet B har heller ikkje utsett A for diskriminering i strid med loven § 4 eller ulovelege reaksjonar i strid med loven § 8.

Fråsegna til ombodet kan bringes inn for Likestillings- og diskrimineringsnemnda, sjå vedlagte orientering. 

Nemnda har behandlet klage på ombudets uttalelse, og opprettholdt konklusjonen.

Oslo, 15.04.2011

Sunniva Ørstavik, likestillings - og diskrimineringsombod.