Ei kvinne kontakte Likestillingsombodet på vegne av sin mann. Mannen var sagt opp fra si stilling, men skulle ha 4 veker fødselspermisjon frå då arbeidsforholdet skulle avsluttast. Han fikk eit tilbod frå arbeidsgjevar om å arbeide 2 veker av denne tida og følte seg pressa til å arbeide i staden for å ta ut permisjonen. Kvinna spurde difor om det fantest noko lovverk som vernar han slik at han kunne ta ut permisjonen sin og få den økonomiske støtta de meinte han hadde rett på.

Likestillingsombodet viste til at retten til fødselspermisjon ikkje følgjer av likestillingslova, men av arbeidsmiljølova. I følgje arbeidsmiljølova § 31 kan ikkje arbeidsgjevar nekte at ein mann tar ut fedrekvoten. I følgje folketrygdlova § 14-7 må far ta ut fedrekvoten i samanheng med fødselspemisjonen, ellers missar han retten. Det er difor ikkje mogleg for han å vente med å ta permisjon. Ombodet viste til at kvinna kunne kontakte Arbeidstilsynet og Fylkestrygdekontoret for nærare veiledning.

Likestillingslova på si side forbyr ulik behandling av kvinner og menn. Spørsmålet Ombodet kan vurdere er om det har skjedd ei ulik handsaming, dvs. om mannen er satt i ein dårlegare stilling enn han ellers ville ha vært fordi han nyttar sin rett til permisjon.

Om han får ein dårlegare attest fordi han ikkje godtar å arbeide i juni, vil dette til dømes være i strid med likestillingslova. Han blir på den måten satt i ei dårlegare stilling fordi han nytter sine permisjonsrettighetar.

Saksnummer: 2003/093
Emne: fedre, fødselspermisjon
Klager: kvinne
Lovanvendelse: § 3.0,  § 3.3