Over halvparten av innvandrarane i Norge har opplevd diskriminering på eit eller fleire område.
Det viser ein nyleg publisert rapport frå Statistisk Sentralbyrå (SSB).
- Dette er eit skremmande høgt tall. Diskriminering av innvandrarar er forbode, likevel skjer det. Vi oppmodar alle som opplever diskriminering eller som kjenner til nokon som blir diskriminert om å kontakte oss for rettleiing og for å eventuelt fremme ei klagesak, seier leiar for samfunnsavdelinga Bjørg Unstad.
Dei som opplever mest forskjellsbehandling er innvandrarar med bakgrunn frå Somalia, Irak og Iran.
Dei peiker seg ut ved at mellom 60 og 70 prosent har opplevd forskjellsbehandling, ofte på fleire område. For dei andre landgrupperingane var det mellom 25 og 30 prosent som har opplevd diskriminering på eitt område.
Ulikt i arbeidslivet
I undersøkinga kom det fram at unge menn med innvandrarbakgrunn slit meir enn kvinner med innvandrarbakgrunn med å få jobb. 24 prosent av dei spurte mennene svarte at dei har opplevd diskriminering ved tilsetjing. Av kvinnene var det 16 prosent som svarte det same.
Heile fire av ti somaliarar hadde negative erfaringar ved tilsetjing på grunn av sin utanlandske bakgrunn. For personar frå Sri Lanka svarte ein av ti det same.
- Det kan sjå ut som at somaliarar er mest utsette for fordommar. Ved å utelata så mange frå arbeidslivet går arbeidsgivarar og samfunnet glipp av verdifull arbeidskraft, og konsekvensane er store for både den enkelte og familien, seier Unstad.
I undersøkinga vart innvandrarar spurt om dei hadde opplevd diskriminering i arbeidslivet, i bustadmarknaden, i utdanningsinstitusjonar og i helsevesenet.