I anledning den internasjonale kvinnedagen inviterer Likestillings- og diskrimineringsombodet fredag 6. mars kl. 13.00 – 15.30 til temamøte om hijabdebatten, etter fleire veker med sterke kjensler og heftig ordskifte i media.

Kva handlar eigentleg hijabdebatten om? Kvifor har den blitt så stor? Og kva inneber eigentleg likestilling for muslimske kvinner?

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO)  meiner at spørsmålet om hijab og det hijaben måtte representere, er eit komplekst temaområde som det er viktig å belyse frå ulike vinklar.  Difor vil programmet sjå slik ut:

  • Likestillings- og diskrimineringsombod Beate Gangås innleier om hijab-bruk sett ut frå Likestillings- og diskrimineringslovgjevnaden.


  • Førsteamanuensis Berit S. Thorbjørnsrud frå Universitetet i Oslo tek føre seg hijaben si rolle og betyding gjennom historia. Ho vil kome inn på kva rolle hijaben har hatt i eit kjønnslikestillingsperspektiv og korleis me kan forstå bruken av hijab i dag. Laste ned innlegget her.

  • Tidligare nestleiar i Muslimsk Studentsamfunn Hajra Tajamal  snakker om kva hijaben og likestilling betyr for henne som ung, muslimsk kvinne.

  • Er hijaben i strid med likestillingen? Spør Tordis Borchgrevink som er sosialantropolog og forskar.


  • Lily Bandehy, forfattar, føredragshaldar og psykiatrisk sjukepleiar, fortel kva betydning hijab og likestilling har for henne og kvifor ho er i mot hijaben ut frå eit likestillingsperspektiv. Ho er sjølv født i Iran og flytta til Norge i 1988.
     
  • Open debatt rundt temaet.


Ynskjer du å melde deg på, send ein e-post innan 4. mars. Arrangementet er gratis. Sei frå ved påmelding om du treng spesiell tilrettelegging.

Tid: Fredag 6. mars kl. 13.00 – 15.30
Stad: LDO, Grensen 5, 2. etasje. Møtet vil bli flytta til eksterne lokale ved stor påmelding.

Bookmark and Share