Likestillings- og diskrimineringsombodet inviterer til temamøte om Graverutvalets innstilling og aktivitets-  og utgreiingsplikta 9. desember kl. 13.30 – 15.30.

Innleiarane Ronald Craig og Claus Jervell, begge tilsette i LDO, vil ta føre seg kva utfordringar som ligg i modellen som Graverutvalet foreslår og om modellen er ei styrking eller ei svekking av arbeidet for likestilling i arbeidslivet.


 

Craig er tidlegare medlem av Graverutvalet og vil legge fram utvalet si innstilling. Jervell har ansvar for aktivitets- og utgreiingsplikta i LDO og vil kome med kritiske merknader til innstillinga.

 

Stad: LDO, Mariboes gt. 13, 4 etg., Oslo
Tid: Onsdag 9.desember kl. 13.30 - 15.30

Påmelding: pamelding@LDO.no eller bruk vårt elektroniske påmeldingsskjema.
Påmeldingsfrist: 4.des 

Sjå invitasjon.