Tysvær kommune har latt seg inspirera av den nye diskriminerings- og tilgjengelegheitsloven og vil opprette ein pris for beste tilgjengeligheit. Rogalands-kommunen med sine 9600 innbyggarar går dermed foran med eit godt døme.

Den nye prisen skal kunne gå til personar, organisasjonar, bedrifter eller offentlige etatar som har gjort eit særs verdifull arbeid for å betre tilgjengeligheiten for alle i Tysvær kommune. Prisen vil bli delt ut fyrste gong i 2009.

Det er det kommunale rådet for menneske med nedsett funksjonsevne som vil dele ut prisen. Førebels har heile formannskapet gått inn for nyskapinga. Kommunestyret skal handsama forslaget i februar.