Ei ung jente som mista jobben i ein Meny - butikk fordi ho brukte hijab, har fått tilbod om erstatning for tapt inntekt og jobben tilbake. Det skjedde etter at Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) tok kontakt med butikken og bad om ei utgreiing.

Meny AS har beklaga og erkjent at oppseiinga var usakleg og dermed ugyldig. 

 - Det er positivt at butikken erkjenner at oppseiinga var ugyldig og at det presiserast at arbeidsgjevar i denne saka har handla kritikkverdig, seier Likestillings- og diskrimineringsombod Beate Gangås.

Jenta ynskjer ikkje å gå tilbake til jobben i Meny, men aksepterer Meny AS sitt tilbod om erstatning. Ho er også i dialog med arbeidsgjevar når det gjeld spørsmål om oppreisning.

LDO fekk inn klage frå jenta då ho hadde motteke ei skriftleg oppseiing etter to år i butikken. I oppseiinga stod det ikkje kvifor ho måtte slutte, men jenta hadde like før hatt møte med dagleg leiar og ferskvaresjef, der ho vart orientert om at bruk av hijab var i strid med reglementet for arbeidsuniform i butikken.

Jenta brukte ikkje hijab då ho vart tilsett hos Meny, men tok til å bruke den etter om lag eit år. I same butikk jobba ei anna kvinne som brukte hijab. Denne kvinna vart ikkje sagt opp då arbeidsgjevar meinte hennar situasjon var annleis fordi ho hadde brukt hijab frå dag ein. 

- Dette tilfellet illustrerer tydelig den usaklege diskrimineringa kvinner i hijab opplever i samfunnet vårt og at forskjellar ved individa framleis er ei utfordring for norsk arbeidsliv, påpeiker Gangås.

Meny AS har i ettertid informert LDO om at arbeidsstaden sitt reglement ikkje forbyr hijab, men at reglementet no skal presiserast ytterlegare, slik at liknande situasjonar ikkje oppstår i framtida.

LDO har sidan opprettinga i 2006 motteke omtrent 13 spørsmål om hijab, og omfanget av saker der unge jenter mister jobben på grunn av at dei bruker hijab har auka.

Les også: