Eit offentleg utval foreslo i dag nye grep i likestillingspolitikken.

I dag la professor Hege Skjeie fram ein rapport om organiseringa av likestillingsarbeidet i Noreg for likestillingsminister Audun Lysbakken. Eit nytt likestillingsdirektorat, meir penger til lokale likestillingstiltak og moglegheit til å sleppe å gå til domstolane for å bli tilkjend økonomisk oppreising, er blant forslaga likestillings- og diskrimineringsombud Sunniva Ørstavik er mest fornøgd med.

- Dette er viktige grep som må til for å få bukt med dei store likestillings- og diskrimineringsutfordringane i Noreg i dag. Utvalet foreslår ein heilhetlig modell med ei tydeleg fordeling av ansvar, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.

- Rapporten er viktig, fordi han opnar for ein heilt naudsynt debatt. Vi er ikkje flinke nok på likestillingsarbeid i Noreg. Stillstand på likelønn og fortsatt omfattande vald mot kvinner viser at vi ikkje har jobba godt nok, og at det trengs nye grep og friske midler, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.

- Positivt med direktorat

Eit av forslaga frå Skjeie-utvalet er å opprette eit nytt direktorat for likestilling med fem regionskontor. Dei går også inn for eit tiårig utviklingsprogram for lokalt likestillingsarbeid, der det årlig vert overført 200 millioner kroner til arbeidet. Ørstavik ønskjer begge tiltaka velkomne, og er positiv til forslaget om å la eit direktorat få ansvar for nokre av oppgavene i likestillingspolitikken.

- Dette er noe eg har ønskt meg lenge. Vi har mangla ein regional stemme i likestillingsarbeidet. Regjeringa har lansert handlingsplanar, men det har hittil ikkje vore noen til å følgje opp arbeidet. Skal vi lukkast i å skape meir likestilling i kvardagen til folk, må vi vere tilgjengelege i heile Norge, seier ho. 

Uavhengig og nyttig for folk

Ørstavik er glad for at utvalet understreker kor viktig det er å ha eit sterkt og uavhengig likestillings- og diskrimineringsombod. Det er ein føresetnad for å kunne vere eit reelt lavterskeltilbod, meiner ho.

- Eit ombod må vere uavhengig og nyttig for folk. Det er to viktige verdiar når likestillingsarbeidet nå leggjes i støpeskjea, seier ho.

- Eg meiner at vi fortsatt må ha eit uavhengig og offensivt ombod som er nyttig for folk.  Kvart år tar fleire tusen menneske kontakt med ombodet. Det gjer oss ei unik innsikt i kvardagsdiskrimineringa i Noreg. Vi ser kor skoen trykkjer, og vi brukar moglegheita vår til å seie i frå til myndigheita og andre. Det er dette som ligg i å vere eit offensivt og uavhengig ombod. Det er ei styrke for norsk likestillingsarbeid å ha ei uavhengig røyst som ikkje er styrt av regjeringa, seier Ørstavik.

Fakta om likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO)

  • I 1979 blei Noreg det første landet i verda med eit eget likestillingsombod.
  • I 2006 fekk det nåverande Likestillings- og diskrimineringsombodet ansvar for å arbeide breitt mot diskriminering, på bakgrunn av både kjønn, etnisitet, religion, seksuell orientering, alder og funksjonsevne. 
  • Mandatet er stort. Ombodet skal både hjelpe folk som opplever diskriminering, skape møteplassar for diskusjonar om temaet og vere ein pådrivar for likestilling og mot diskriminering i samfunnsdebatten. Ombodet skal vere nyttig for folk, og gjere ein forskjell.