LDO på Skeive dagar

Om ei veke brakar Skeive dagar laus i Oslo. Likestillings- og diskrimineringsombodet skal delta på fleire arrangement, og hovudbodskapen er klar: Rett er rett – også for skeive.

- Skeive dagar er viktig. Sjølv om vi har vunne mange homokampar i Noreg, er det framleis ein lang veg igjen. Skeive dagar bidrar til aksept og respekt for homofile, lesbiske, bifile og transpersonar. Eg gler meg til å vere med, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.

Opning av Pride House

Pride house er den politiske verkstaden under Skeive dagar, og blir arrangert for andre gong i år. På Litteraturhuset i Oslo vil det bli debattar, foredrag og paneldiskusjonar om viktige tema.

Ombod Sunniva Ørstavik vil halde tale under den offisielle opninga av Pride House laurdag 23. juni klokka 12. Dersom du ikkje kan vere til stade på Litteraturhuset kan du sjå vår live streaming.

Følg opninga her.

Stand i Pride Park

Frå onsdag 27. juni til laurdag 30. juni treff du mange av dei som jobbar i Likestillings- og diskrimineringsombodet på standen i Pride park. Pride park er samlingsstaden under Skeive dagar, og er i år i Spikersuppa i Oslo.

- Vi har vore i Pride Park i fleire år og det er alltid hyggeleg. Vi håper mange kjem innom for å helse på oss, seier Lucien Chen, som jobbar med ombodet sin stand.

På standen kan du få få rettleiing frå juristar om kva du kan gjere dersom du har opplevd diskriminering. Du kan også bli med på å stille krav til helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen om likeverdige helsetenester for lesbiske, homofile, bifile og transepersonar. Eller du kan teste kunnskapane dine om LHBT-rettar i ombodet sin quiz.

Homotinget

Fredag 29. juni klokka 12er det Homoting på Stortinget. Tema for debatten er minoritetsungdom, HIV, asyl, kjønnskorrigerende kirurgi og tilbakeslag i LHBT-rettar i Aust-Europa. Homonettverket i Arbeiderpartiet arrangerer Homotinget, og ombod Sunniva Ørstavik sit i panelet saman med Bård Nylund frå LLH, Patricia Kaatee frå Amnesty International og Hanne Grasmo frå LHBT-senteret.