Humanistskolen skal vurderast på nytt

Kunnskapsdepartementet endrar sitt opprinnelege vedtak. Etter at Humanistskolen fekk av slag om godkjenning på søknad om privatskole, klaga dei saka inn for Likestillings- og diskrimineringsombodet. No lovar Kunnskapsdepartementet (KD) at søknaden skal vurderast på nytt.

Humanistskolen søkte KD om godkjenning som privatskole. Men departementet avviste søknaden, og kom med ei vurdering som tilsa at det ikkje var heimel for å godkjenne sekulære livssynsskolar etter vilkåret «religiøst» i privatskolelova § 2-1 andre ledd bokstav a).

Departementet innhenta og ei utgreiing frå lovavdelinga i Justisdepartementet der det vart konstatert at det ikkje kan utelukkast at eit sekulært livssyn vil vere omfatta av privatskolelova.

Brot på diskrimineringslova

Likestillings- og diskrimineringsombodet konkluderte med at avslaget frå KD medførte at KD handla i strid med diskrimineringslova § 4.

Ombodet la vekt på uttala frå Justisdepartementet, samt det Tru- og livssynsutvalet skreiv i si offentlege utgreiing om denne saka, nemleg at utvalet ikkje kan sjå det som sakleg og naudsynt å la vere og vurdere søknaden frå Humanistskolen. LDO oppfordra derfor Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet til å vurdere søknaden på nytt.

Departementet har no lova å sjå på saka ein gong til, og ber Utdanningsdirektoratet om å vurdere søknad om godkjenning på nytt.