Mange blir diskriminert på grunn av alder

- Aldersdiskriminering i arbeidslivet er mykje vanlegare enn vi trur, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik. I dag deltek ombodet på konferansen til Senter for seniorpolitikk (SSP). - To tal, tala som fortel kor gamal du er, avgjer om du blir vurdert god nok for arbeidslivet eller ikkje. Slik kan vi ikkje ha det, fastslår Ørstavik.

Denne diskrimineringa er lik all anna diskriminering. Påklistra merkelappar og forventningar skuggar for kompetansen og kunnskapen du har. På mange arbeidsplassar blir ein rekna som utgått på dato når ein har passert 50- år.

– Ei viktig oppgåve er å synleggjere  dei utbreidde mytene om alder, og vise korleis slike myter fører til aldersdiskriminering i arbeidslivet. Derfor er det all grunn til å heie på statssekretær Astrid Nøklebye Heiberg som viser at det ikkje er reelle aldersgrenser for aktivitet og engasjement. Alder er inga hindring for eit yrkesaktivt liv, seier Ørstavik.

Ombudet ønskjer ein gjennomgang av øvre aldersgrense og særaldersgrensene, og er glad for at den nye arbeidsministeren forsikrar at dei vil fortsetje arbeidet frå forrige regjering med utgreiing av aldersgrensene i arbeidsmiljølova.