Trakasserte treng lågterskeltilbod

- Seksuell trakassering er kvardagen for mange. Terskelen er høg for å varsle om seksuell trakassering. Vi treng gode tiltak. Lågterskeltilbod er eitt av dei, seier Sunniva Ørstavik.

- Svært mange kvinner fortel at dei vert utsett for seksuell trakassering, men dei færraste seier ifra, forteller Ørstavik.

– Eg etterlyser derfor atter ein gong eit lågterskeltilbod som alle som vert seksuelt trakassert kan melde ifrå til. Slik det er no, er domstolen det einaste alternativet om ein skal få prøvd saka si. Den terskelen er svært høg for mange, seier Ørstavik.

- Dette er eit alvorleg likestillingsproblem. Vold og seksuell trakassering er i alt for stor grad ein del av unge jenter og kvinner sine kvardagar. Framlegget om eit lågterskeltilbod er i samsvar med framlegga frå Likestillingsutvalet.

Ansvar på arbeidsgjevarane

Ifølgje Dagbladet har kvar fjerde tilsette i hotell- og servicebransjen opplevd sexpress på jobben. Også innan pleie- og omsorg, samt sjukepleiaryrket, er det mange som opplever trakassering. Unge kvinner er mest utsett for trakassering. 12 proent av unge kvinner oppgir at dei opplever seksuell trakassering ein gong i månaden eller oftare, ifølgje Statistisk Sentralbyrå. Berre to prosent av unge menn opplever det same.

Arbeidsgjevarar har si stor utfordring i å førebyggje seksuell trakassering. – Alle arbeidsgjevarar må ha gode rutiner for å fange opp trakassering, for varsling og ikkje minst for førebyggjing, seier Ørstavik.