Tredelt permisjon frå i dag

Frå og med i dag 1. juli, er foreldrepermisjonen tredelt – med ein mammakvote, ein pappakvote og opp til 31 veker som foreldrene sjølv kan dele etter eige ønske. Likestillings- og diskrimineringsombodet har jobba for ei tredeling av foreldrepermisjonen i mange år.

Fedrekvoten er utvida med to veker til 14 veker, og mor får eigen mødrekvote på  14 veker. Resten av permisjonsvekene kan delast mellom mor og far.

Men ikkje alle pappaer har rett til korkje fedrekvoten eller den delen av permisjonen som foreldra kan dele. Sjølv om dei har jobba i mange år, har ikkje fedre eigen oppteningsrett. Fedrane er avhengige av at mor har jobba i seks av dei siste 10 månadane, eller går ut i aktivitet som jobb, studier, deltek ved introduksjonsprogram, eller på grunn av sjukdom ikkje kan ta seg av barnet.

- Vi er svært nøgde med at vi endelig får ei tredeling av foreldrepermisjonen. Men etter 20 år med fedrekvote er det totalt uakseptabelt at far framleis er avhengig av mor sin aktivitet for å ha rett til eigen foreldrepermisjon. Fedre burde for lengst ha fått eigen oppteningsrett, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.

Lovbrudd

Far sin rett til fedrekvote er avhengig av at både mor og far har tent opp rettar til foreldrepengar. Det vil seie at både mor og far har vore i lønna arbeid i seks av dei siste 10 månadane før fødsel. Det er og føresetnaden for å kunne ta ut fedrekvoten på 14 veker.

Kravet om at mor er i aktivitet som vilkår for far sitt uttak av foreldrepenge, stiller kvinner og menn ulikt ut frå at dei er av ulike kjønn, ettersom det ikkje er stilt tilsvarande krav til far sin aktivitet som vilkår for mor sitt uttak av foreldrepermisjon.

Far har ikkje rett til fedrekvote eller annan permisjon når mor til dømes er heimeverande, er arbeidsledig, eller av anna grunn ikkje kan byrje i arbeid att. Ein slik grunn kan vere at ho har hatt ei midlertidig stilling som vart avslutta før eller undervegs i permisjonen.

- Vi meiner dette er i strid med likestillingslova, seier Ørstavik.
6000 får ikkje permisjon.

Om lag 6000 fedre fell utanfor retten til fedrekvote og deling av foreldrepermisjonen.

 – Det må bli ei endring av regelverket. Det harmoniserer ikkje med viktige prinsipp om at mor og far er likeverdige omsorgspersonar, seier Ørstavik.

– Det er mykje fint med heile permisjonsordninga, den bidreg til at mor og far får vere både omsorgsperson og arbeidstakar. Men på dette punktet verkar den såpass uheldig for mange fedre og familiar. Dei som til sjuande og sist tapar på regelverket slik det er no, er ikkje berre fedrane, men og borna, seier ho.

Å oppretthalde kravet om mors aktivitet for at far kan ta ut permisjon  kan føre til at kvinner tar ut meir av foreldrepermisjonen og menn mindre, noko som ikkje er i tråd med målet for regelverket. Å gi far rett til uttak av foreldrepermisjon utan å stille krav til mors aktivitet, kan bidra til å auke kvinner si deltaking i arbeidslivet. Da vil mor vere reell arbeidssøkjar og auke mogelegskapen til å få arbeid.

- Vi meiner dette vil bidra til ein aksept for at både kvinner og menn tar ut foreldrepermisjon.. Eit kjønnsnøytralt regelverk vil dessutan vere  i tråd med likestillingspolitiske mål om eit likestilt foreldreskap og anerkjenning av fedre som omsorgspersonar på line med mødre, sier Ørstavik.

 

Utvidelser av fedrekvoten fra 1993 til 2013

Fedrekvoten  Antall uker
Fom. 1. april 1993 4 uker (20 dager)
Fom. 1. juli 2005 5 uker (25 dager)
Fom. 1. juli 2006 6 uker (30 dager)
Fom. 1. juli 2009 10 uker (50 dager)
Fom. 1. juli 2011  12 uker (60 dager)
Fom. 1. juli 2013 14 uker (70 dager)