Ny giv i kvinnekampen

- Vi skal ikkje teie når tilbakeslaga kjem. Det er vårt ansvar å ta hand om det likestillingsarbeidet som er gjort, og ta det vidare og forme samfunnet i den leia vi meiner er riktig. Oppfordringa kjem frå Gertrud Åström, leiar for Sveriges Kvinnelobby og ei av drivkreftene bak Nordisk Forum i Malmø i juni.

Kva har skjedd etter FN sin kvinnekonferanse i Beijing i 1995? Kva har skjedd med dei internasjonale måla for likestilling? Kva er oppnådd i dei nordiske landa? Kva for nye spørsmål skal drøftast nå? Korleis kan dei nordiske landa saman oppnå reell likestilling?

Spørsmåla er mange 20 år etter den forrige nordiske kvinnekonferansen i Åbo(Turku). I dagane 12.-15. juni samlast opp mot 15.000 deltakarar i Malmø for å analysere den likestillingspolitiske situasjonen og stille nye politiske krav. Bak arrangementet står kvinnerørsla i dei nordiske landa. For som Gertrud Åström spør: - Om ikkje vi skal gjere det, kven skal gjere det da? Om vi ikkje skal gjere det nå, når då? Er vi førebudd på tilbakesteg? Hvis nei, då må vi jobbe NÅ!

12 tema på dagsorden

Kvinnekonferansen “New Action on Women`s Rights” skal setje agendaen for kvinner sine rettar og likestilling i framtida. Gjennom innlegg og debattar, gjennom musikk og underhaldning, gjennom bøker, bloggstafett og speakers corner, hundrevis av seminar på ulike tema skal det setjast eit nytt historisk avtrykk. 12 tema er så langt på dagsorden – frå feministisk økonomi, seksualisering av kvinne-/jentekroppen, kvinner, jobb og likelønn, vald mot kvinner, miljø og bærekraftig utvikling til fred og tryggleik, innvandring, makt og politisk deltaking, omsorgsarbeid i velferdssamfunnet, ny teknologi og media og feminismen si framtid i Norden.

– Vi skal bråke konstruktivt. Vi er førebudd på å ta tak og gjere noko mot ei utvikling vi ikkje likar, seier Åström, og viser til fleire tilbakeslag i arbeidet for kvinner sine rettar på den internasjonale arenaen.

– Hadde landa som underteikna Beijing-plattforma i 1995 gjort jobben sin i desse åra, hadde vi hatt eit anna samfunn i dag.

Nordisk handlingsplan for likestilling

“New Action on Women`s Rights” skal ende opp i ein ny nordisk handlingsplan. Slik Nordisk Forum i Åbo var ei førebuing til den globale kvinnekonferansen i Beijing i 1995, skal Nordisk Forum i Malmø 2014 vere førebuing til markering av Beijing +20 neste år.

8. mars vil vere opptakta til den nordiske kvinnekonferansen, og då vil Nordisk Forum presentere krava slik dei då føreligg.