37 år i likestillingas teneste
I dag takka vi i Likestillings- og diskrimineringsombodet av kollega Kirsti Mejdell. Ho har jobba i 37 år som jurist for likestillingsomboda, frå Eva Kolstad til Hanne Bjurstrøm.
- Du er ei levande historiebok om likestillingas utvekling i Noreg, sa Elisabeth Lier Haugseth, då ho takka av kollega Kirsti Mejdell fredag.
Mejdell er utdanna jurist, og har jobba for alle likestillingsomboda og likestillings- og diskrimineringsomboda: Eva Kolstad, Ingse Stabel, Anne Lise Ryel, Kristin Miele, Beate Gangås, Sunniva Ørstavik og no Hanne Bjurstrøm.