Hatprat på dagsordenen

Ombodet har sidan 2014 arbeidd målretta mot hatkriminalitet og hatefulle ytringar. I 2015 gav vi ut den fyrste statusrapporten om hatkriminalitet og hatefulle ytringar, som blant anna peika på sentrale manglar ved det nasjonale arbeidet mot hatkriminalitet. Ombodet foreslo fleire konkrete tiltak og var ein av dei fyrste som peika på behovet for ein heilskapleg nasjonal strategi mot hatkriminalitet og hatytringar.

Sidan den gong har vi vore ein sentral aktør i debatten om kampen mot hatkriminalitet og hatefulle ytringar. Ombodet har vore pådrivar for å få fenomenet på den politiske dagsordenen, og vi har utfordra politikarar, politiet og andre sentrale aktørar på i kva grad dei gjer nok for å hindre og kjempe mot hatkriminalitet i Noreg. Ombodet hadde også ei sentral rolle i utarbeidinga av regjeringa sin fyrste nasjonale strategi mot hatefulle ytringar.

Ombodet har også ved fleire høve spelt inn bekymringane våre om manglar ved hatkriminalitetsarbeidet i dei supplerande rapportane våre til CERD, CEDAW og CRPD-komiteane. Noreg har også ved fleire høve blitt kritisert av FN for ikkje å gjere nok for å førebyggje og kjempe mot hatkriminalitet og hatefulle ytringar.

Hatytringar

Hatytringar er ytringar som er av hatefull eller diskriminerande art, og som rettar seg mot ei gruppe eller mot eit individ si (anteke) gruppetilhøyre.

Hatkriminalitetsnettverk

I 2016 oppretta ombodet det fyrste hatkriminalitetsnettverket beståande av ulike brukarorganisasjonar med Oslo politidistrikt, Kripos, Bufdir og Justisdepartementet som observatørar. Nettverket er pådrivarar for at myndigheiter prioriterer og arbeider aktivt for å kjempe mot hatkriminalitet. Nettverket har blant anna hatt konstruktive møte med statsministeren, justisministeren og politimeisteren i Oslo, der ein har drøfta korleis myndigheitene betre kan motarbeide hatkriminalitet.

Nordisk samarbeid

I 2017 inngjekk ombodet eit nordisk samarbeid med det danske Institutt for Menneskerettigheter og det islandske senteret for menneskerettar, støtta av Nordisk ministerråd. Saman arrangerte vi tre nordiske seminar der vi tok opp felles utfordringar relatert til hatefulle ytringar og hets retta mot kvinner. Formålet med nettverket er å styrkje kunnskapsgrunnlaget for debatten om hets av kvinner i dei nordiske landa. Dette arbeidet resulterte i ein felles nordisk antologi, «Hadefulde ytringer i et nordisk perspektiv».

Hatprat på sosiale medium

Ombodet følgjer nøye med på hatefulle ytringar på sosiale medium. I 2018 til 2019 gjennomførte vi den fyrste norske omfangsundersøkinga av hatefulle ytringar på norske Facebook-sider og ei undersøking av norske Facebook-brukarar sine erfaringar med debattane på plattforma. I 2021 undersøkte vi norske Facebook-brukarar sine erfaringar med hatprat og haldningar til ytringsfridom på sosiale medium på ny. 

Begge rapportane viser tydeleg at hatefulle ytringar på Facebook opplevast som eit problem, og gjer at mange avstår frå å delta i debattar på grunn av den harde tonen.