09/2273: Plan om å utbetre kyrkjegard frå middelalderen

Ombudet fann at St Jetmunds kyrkjegard i Vanylven ikkje er universelt utforma. Rullestolbrukarar har ikkje tilgong til gravplassen på kyrkjegarden. Kyrkja og kyrkjegarden er imidlertid freda etter kulturminnelova fordi kyrkja er frå middelalderen.

Kyrkja har også utarbeidd en plan i samråd med landskapsarkitekt om å utbetre kyrkjegarden, så også rullestolbrukarar får tilgong til gravplassen. Det skal lagast ein gangveg langsmed trappa. Planen er send til Riksantikvaren for godkjenning som har uttalt at tiltaket kan aksepterast. Ombodet finn derfor at kyrkja ikkje bryt plikta til universell utforming i DTL § 9.

Saksnummer: 09/2273
Dato: 2. august 2011
Lov: DTL § 9

 

Utsegn i klagesak - Spørsmål om tilkomst til kyrkjegard

Likestillings- og diskrimineringsombodet viser til klage av 4.november 2009.

Klagar meiner St Jetmunds kyrkjegard i Vanylven ikkje er universelt utforma. Klager viser blant anna til at rullestolbrukare ikkje har tilgong til gravplassen på kyrkjegarden fordi det er ein steintrapp med fleire trinn opp til plassen.

Ombodet har vurdert saka, og konkluderar med at Vanylven kyrkjekontor ikkje bryt plikta til å sikre universell utforming av kyrkjegarden, jf. diskriminerings- og tilgjengelighetsloven § 9 tredje ledd. Ombodet beklager lang sakshandsamingstid.

Likestillings- og diskrimineringsombodet sitt utsegn kan klagast inn for Likestillings- og diskrimineringsnemnda innan tre veker frå det tidspunktet Klagar (NHF) fekk brev frå ombodet, sjå orienteringa som er lagt ved brevet.

Bakgrunn i saka

St. Jetmund kyrkje og kyrkjegard er verna etter kulturminnelova, og underlagt Riksantikvaren sitt mynde. Både kyrkja og kyrkjegarden er frå middelalderen. Kyrkja har status som soknekyrkje, og kyrkja og kyrkjegarden blir forvalta av kyrkjeleg fellesråd, finansiert av kommunen.

Det går ein bratt trapp med seks trappetrinn opp til gravplassen. Dette gjør det vanskeleg for brukarar av rullestol å komme opp på området. Gravplassen er der alle folk går for å leggje ned blomar og liknande. Det er ingen anna tilkomst til gravplassen viss ein ikkje har moglegheit til å bruke trappa.

Klagar har vist til at det ikkje er mogleg for rullestolbrukarar å komme opp til gravane. Klagar hevdar dette er noko ein har klaga på i mange år utan at noko er blitt gjort.

Vanylven kyrkjelege fellesråd ser at behovet for tilkomst for rullestolbrukarar er reelt. Fellesrådet ønskjer å utforme kyrkjegarden på ein måte som gjer at også rullestolbrukarar har tilgong til gravplassen.

Fellesrådet har i sine brev til ombodet vist til at moglegheit for betre tilkomst for rullestolbrukarar ved utviding av kyrkjegarden, har vore vurdert på uformelt plan fleire gongar. Arbeidet har stoppa opp fordi det er kome signal frå grunneigar om at sal av grunn er uaktuelt. Fellesrådet har engasjert ein landskapsarkitekt til å leggje fram forslag til utbetring. Landskapsarkitekten har laga skisse for gangveg skråande opp til kyrkja frå eksisterande trappehol, med stigning på 1:12. Fellesrådet viser til at dei ønskjer å gjøre det landskapsarkitekten har foreslått, ei løysing med gangveg med stigning 1:12 frå eksisterande trapp. Rådet legg til grunn at dette nok er den einaste moglege løysinga for integrert tilkomst til gravplassen. Av omsyn til drifta må ein også få til ein vegtilkomst i aust med stigning på ca 1:7. Arbeidet inneber eit markert inngrep i anlegget, så det er nødvendig med innspel frå Riksantikvaren før endeleg løysing kan skje.

Riksantikvaren skriv i  brev til ombodet av 9. desember 2010 at det er gjort ein førebels vurdering av den løysinga som Fellesrådet har lagt fram. Riksantikvaren skriv at ein gangveg for rullestolbrukarar frå eksisterande trapp er ein løysing som kan aksepterast for kyrkja frå middelalderen. Riksantikvaren presiserar likevel at kyrkja er frå middelalderen, og er verna etter kulturminnelova. Tiltaket må derfor også vurderast etter konfliktar med restar etter kyrkjegarden frå middelalderen. Riksantikvaren har i brev til Fellesrådet i desember 2009 bedd om informasjon om kva tiltaket vil føre til av inngrep i grunna. Riksantikvaren skal ha motteke denne informasjonen no, og er i gong med å behandle saka. Ombodet har ikkje fått meir informasjon frå Riksantikvaren om endeleg godkjenning av forslaget.

Rettsleg grunnlag

Ombodet kan gi utsegn om et forhold er i strid med diskriminerings- og tilgjengelighetsloven, jf. diskrimineringsombudsloven § 3 tredje ledd, jf. § 1 andre ledd nr. 3.

Denne saka reiser spørsmål om verksemder si plikt til å sikre universell utforming etter diskriminerings' og tilgjengelighetslovens § 9. Offentlege og private verksemder som blir brukt av ”allmennheten” har ei plikt til å sikre universell utforming av verksemda si allminnelege funksjon. Gjennom fysisk tilrettelegging skal flest mogleg få tilgang til lokala til verksemda. Det er i utgangspunktet i strid med lova at det blir laga eigne inngangar, område eller liknande for bestemte grupper.

Plikta til universell utforming fell bort dersom gjennomføringa av tiltaka er en uforholdsmessig byrde for verksemda, sjå § 9 tredje ledd. I den konkrete vurderinga vil den positive effekten og kor viktig tilrettelegginga er vege opp mot dei kostnadene og andre former for belastning som tilrettelegginga kan føre med seg. Lovgjevar har bestemt at det særleg skal leggjast vekt på:

  1. tilrettelegginga si effekt for å byggje ned funksjonshemmande barrierar (nytte vs kostnad)
  2. om funksjonen til verksemda er av offentleg art de nødvendige kostnadane ved tilrettelegginga
  3. ressursane til verksemdene
  4. omsyn til tryggleik
  5. omsynet til vern

Sjølv om det er ei uforhaldsmessig byrde å sikre universell utforming har verksemda uansett plikt til å sikre best mogleg tilgjenge til verksemda innanfor dei rammene som ikkje er uforholdsmessige.

Vurderinga til ombodet

Vanylven kyrkjelege fellesråd og St. Jetmunds kyrkje er ei verksemd som har plikt til å sikre at verksemda sine hovedløysingar er universelt utforma etter diskriminerings-og tilgjengelighetsloven § 9.Kyrkja og fellesrådet skal leggje til rette dei delane kyrkja som blir brukt av allmenta på ein slik måte at flest mogleg, uavhengig av individuelle føresetnadar, vil ha tilgang til ho. Ein gravplass på ein kyrkjegard er heilt klart retta mot allmenta. Fellesrådet har såleis ei plikt til å sjå til at gravplassen og kyrkjegarden er utforma universelt.

Det er semje mellom partane om at det ikkje er mogleg å ta seg opp til gravplassen viss ein sitter i rullestol. Det er ein trapp opp til plassen som gjer dette vanskeleg. Kyrkjegarden på Vanylven er såleis ikkje utforma universelt sånn som den er i dag.

Er krav om UU av kyrkjegarden uforholdsmessig?

Ombodet må så vurdere om det vil være ei uforholdsmessig byrde å sikre universell utforming av kyrkjegarden. Det er Vanylven kyrkjelege fellesråd som har bevisbyrda for at det vil være ei uforholdsmessig byrde å gjere kyrkjegarden universelt utforma.

I vurderinga av om det er uforholdsmessig å kreve universell utforming skal det leggjast vekt på bl.a. omsynet til vern og effekten av tilrettelegginga.

Effekten av at kyrkjegarden utbetras vil bli høg. Det vil bli lettare for rullestolbrukare å ta seg opp til gravplassen viss det etablerast ein gangveg.

Kyrkjegarden på Vanylven er imidlertid frå middelalderen med høg kulturminneverdi. Det er eit automatisk fredet kulturminne etter kulturminnelova. Det følgjer av kulturminnelova § 3 at

”… Ingen må – uten at det er lovlig etter § 8 – sette i gang tiltak som er egnet til å skade, ødelegge, grave ut, flytte, forandre, tildekke, skjule eller på annen måte utilbørlig skjemme automatisk fredet kulturminne eller fremkalle fare for at dette kan skje…”

Videre står det på nettsidane til Riksantikvaren at

”…fredning skal brukes for å sikre langsiktig vern av kulturminner av nasjonal verdi. Et vedtak om fredning skjer etter kulturminneloven og innebærer at det er forbudt å gjennomføre endringer av kulturminnet uten tillatelse fra kulturminnemyndighetene. Det må søkes om tillatelse til gjennomføring av alle tiltak som på en eller annen måte kan virke inn på eller forandre kulturminnet. Kulturminnemyndighetene kan i særlige tilfeller gi dispensasjon fra fredningsbestemmelsene for tiltak som ikke medfører vesentlige inngrep. (jf. kulturminneloven §§ 15a og 19 tredje ledd)…”

Omsynet til vern i uforholdsmessighetsvurderinga gjer seg særleg gjeldande her fordi St.Jetmunds kyrkje er ein automatisk fredet kyrkje etter kulturminnelova. Dette er det sterkaste juridiske virkemiddelet i kulturminnevernet.  Å utbetre kyrkjegarden på ein måte som gjer at gravplassen blir tilgjengeleg vil krevje graving i middelaldergrunnen, noko som vil kunne gå utover kulturminnet. Ombodet forstår at kyrkja og kyrkjegarden er eit automatisk fredet kulturminne som det er viktig å bevare.

Vanylven fellesråd har imidlertid fremma eit konkret løysingsforslag i samråd med ein landskapsarkitekt. Ombodet er positive til dette. Riksantikvaren er også av den oppfatning at løysinga (gangveg med stigning 1:12) som Vanylven Fellesråd har presentert kan aksepterast. Riksantikvaren meiner dette kjem an på kor mykje graving i middelaldergrunnen tiltaket vil krevje. Kor mykje graving som er aktuelt er uklart på noverande tidspunkt.

Ombodet oppfordrer Vanylven kyrkjelege fellesråd til å gjennomføre tiltaket med gangveg til gravplassen i samråd med Riksantikvaren. Vi ber Vanylven kyrkjelege fellesråd ta kontakt med Riksantikvaren for meir informasjon om korleis tiltaket kan gjennomførast, utan at det vil forringe middelaldergrunnen. Ombodet ber om å bli helde vidare oppdatert i saka.

Konklusjon

Ombodet finn at Vanylven kyrkjelege fellesråd ikkje bryt plikta til universell utforming i diskriminerings- og tilgjengelighetsloven § 9.

Vi ber om tilbakemelding på utsegnet innan 12. september 2011. Vi ber også Vanylven kyrkjelege fellesråd kontakte Riksantikvaren snarast mogleg for å finne ei løysing.

Med vennleg helsing

Sunniva Ørstavik, likestillings- og diskrimineringsombud.