Det siste året har ombodet vore i kontakt med ein person som er svaksynt og som treng tilgang til eit lesehjelp-program på jobb. Vedkommande fekk ikkje dette innvilga av NAV fordi ho ikkje har diagnosen dysleksi. Ombodet har oppfordra NAV til å sjå på saka på nytt, og understreka viktigheita av å gjere individuelle vurderingar.

I saker som gjeld tildeling av hjelpemidlar er det funksjonsevne, og ikkje ein eventuell diagnose, som skal liggje til grunn for avgjera. Ein praksis der hjelpemiddel vert tildelt etter diagnose og ikkje etter dokumentert behov, er heller ikkje i tråd med FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD). LDO har gjort NAV merksam på at deira vurdering, slik den står, kan vere ulovleg forskjellsbehandling.

NAV understrekar i sitt svar til ombodet at vurderinga av behov for hjelpemiddel ikkje skal gjerast på grunnlag av diagnose, men på grunnlag av behov. På bakgrunn av saka har NAV oppmoda personen til å klage på vedtaket. NAV skal også sende ut ei fagmelding til alle sine sentralar der dei blir gjort merksame på problemstillinga, for å sikre at liknande avgjersler blir riktige i framtida.

Har du spørsmål om funksjonsevne og arbeidslivet, treng du rettleiing i ein konkret sak, eller er du usikker på kva lovverket seier? Då kan du ta kontakt med vår rettleiingsavdeling.

Vil du vite meir?

  • Les meir om CRPD

  • Høyr LDOs Martine Guntveit snakke om arbeidsliv og funksjonsevne i podkasten «Hør på meg» av Hørselshemmedes Landsforbund 

Newsletter