Funksjonshemma sitt diskrimineringsvern og likestillingssituasjon

Ombodet har samla erfaringar med korleis dagens lovverk, politikk og praksis har evna å oppfylle målsetjinga om full deltaking og likestilling. Les rapporten her.

Uskarpt bilde av en mengde mennesker som går på sebraovergang i København sent på ettermiddagen. Noen av dem har også med seg sykkel, typisk transportmiddel i byen. Foto

Omfattande, systematisk og strukturell. Slik skildrar mange funksjonshemma diskrimineringa dei opplever i Noreg i dag. Fleire peikar på at etablerte strukturar, praksisar og haldningar må endrast.

Likestillings- og diskrimineringsombodet har den siste tida samla inn funksjonshemma sine eigne erfaringar med likestillingssituasjonen i det norske samfunnet. Vi har spurt korleis dagens diskrimineringslovverk, politikk og praksis har evna å oppfylle målsetjinga om full deltaking og likestilling.

Funksjonshemma sine organisasjonar har gjennomgåande som utgangspunkt at funksjonshemma som gruppe er langt frå å vere likestilte i Noreg. Det er stor bekymring for at menneskerettane ikkje i tilstrekkeleg grad er førande for helse- og omsorgstenester, skule/utdanning, arbeidslivet, tilgjenge til bygg og IKT, og verjemålsinstituttet. Bustadpolitikken, spesielt ny-institusjonalisering av kommunale bustadar, blir opplevd av mange som urovekkjande. Det kjem òg tydeleg fram at CRPD må inkorporerast i norsk menneskerettslov, og at norsk lovverk og praksis må rette seg etter konvensjonen sine krav.

Funksjonshemmedes diskrimineringsvern og likestillingssituasjon