Om Likestillings- og diskrimineringsombodet
Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) har som oppgåve å kjempe mot diskriminering og vere ein pådrivar i arbeidet for likestilling og mangfald.
Forbodet mot å diskriminere handlar om usakleg forskjellsbehandling på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgåver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder eller ein kombinasjon av desse grunnlaga.
LDO har også ansvar for å føre tilsyn med Noregs etterleving av tre FN-konvensjonar: kvinnekonvensjonen, rasediskrimineringskonvensjonen og konvensjonen for personar med nedsett funksjonsevne.
Alle kan vende seg til oss
LDO skal vere lett tilgjengeleg for dei som vendar seg til oss. Anten du har blitt utsett for diskriminering sjølv, vil hjelpe nokon som har opplevd diskriminering eller du søkjer informasjon om rettar og plikter, så kan du kontakte oss. Du kan også vende deg til LDO med tips om saker du meiner vi bør engasjere oss i.
Enkeltpersonar, tillitsvalte og arbeidsgivarar kan få råd og rettleiing om korleis dei hindrar diskriminering og fremjar likestilling.
Sjå også LDOs personvernerklæring.
Dette kan LDO hjelpe med
Vi gir råd og rettleiing på telefon, skriftleg og ved oppmøte, og held kurs og foredrag om rettar og plikter.
Likestillings- og diskrimineringsombodet skal vere ein arena for aktuell debatt innan saksområda våre. Vi arrangerer jamlege møte, kurs og seminar der det blir kasta lys over og debattert aktuelle tema.
Informasjon om likestilling og diskriminering er også tilgjengeleg på LDOs heimeside www.ldo.no. Heimesida er tilpassa blinde og svaksynte.
Det er gratis å bruke Likestillings- og diskrimineringsombodet.
Slik tek du kontakt med LDO
Du kan kontakte oss per telefon, e-post eller brev og dessutan elektronisk kontaktskjema som du finn på www.ldo.no. Dersom saka di inneheld sensitive personopplysningar, vil vi oppfordre deg til å bruke det elektroniske kontaktskjemaet vårt, da vi ikkje kan gi rettleiing på e-post i slike tilfelle. Viss du ringjer til oss for å få rettleiing, vil resepsjonen ta imot beskjed om kva saka handlar om, før saka blir sendt til ein rettleiar som ringjer deg opp igjen så raskt som mogleg.
Du har krav på svar på førespurnaden din seinast innan tre veker, men vi svarer deg så raskt som mogleg. Du kan også kome innom på besøk og få snakke med rettleiarane våre. Ta kontakt med oss så gjer vi ein avtale.
Vi kan tilby både skriftleg og muntleg rettleiing. Dersom du har behov for tolk i møte med oss, skaffar vi det. Dersom LDO ikkje kan hjelpe deg, gir vi deg råd om kor du kan vende deg.
LDO legg vinn på lettfatteleg kommunikasjon. Klart språk er eit mål for oss.
Alle medarbeidarar i Likestillings- og diskrimineringsombodet har teieplikt.
Opningstider:
- 15. mai – 14. september kl. 08.00 – 15.00
- 15. september – 14. mai kl. 08.00 – 15.45
Kontaktinformasjon og kontaktskjema kan du finne her eller i banneret nedanfor.
Klage på LDOs service
Dersom du ikkje er fornøgd med LDOs service, ber vi om at du tek kontakt med oss på telefon, via dei sikre skjemaa våre på heimesida eller ved å sende oss eit brev.