Tilrettelegging i arbeidslivet

I løpet av eit yrkesliv vil mange tilsette ha behov for tilrettelegging på kortare eller lengre sikt. Tilrettelegging handlar om at du som arbeidsgivar treffer tiltak som gjer at dine tilsette kan fungere i jobb. Tilrettelegging handlar ikkje om at nokon skal behandlast betre enn andre, men skal bidra til å fjerne ulemper nokon kan ha.  

Fire ansatte sitter rundt et møtebord og snakker. En av de ansatte sitter i rullestol. Foto

Les meir her om tilrettelegging for gravide og tilrettelegging som gjeld religion og livssyn.

Tilrettelegging som gjeld nedsett funksjonsevne

Arbeidsgivar har ei særleg plikt til tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne, ifølgje likestillings- og diskrimineringslova. 

Målet med tilrettelegging som gjeld nedsett funksjonsevne, er å sikre at personar med funksjonsnedsetjingar kan delta i arbeidslivet på lik linje med andre. Til dømes kan dette bety at du som arbeidsgivar må tilretteleggje arbeidstid og arbeidsoppgåver, eller fysiske forhold som dørtersklar, teleslyngje, kontrastmarkering på trapper, elektronisk døropnar eller installering av heis. Jo meir ressursar ein arbeidsgivar har, jo høgare forventning og krav blir sett til å leggje til rette for arbeidstakarar.  

Du finn meir detaljert informasjon i faktaboksane under.