Trakassering og seksuell trakassering på jobb

Arbeidsgivarar og leiinga i organisasjonar og utdanningsinstitusjonar har etter likestillings- og diskrimineringslova ei plikt til å førebyggje og forhindre trakassering og seksuell trakassering.

To kvinner peker på og trakasserer et mørkhudet par på gata. Foto

Arbeidsgivar sitt ansvarsområde

Plikta til å førebyggje og forhindre trakassering og seksuell trakassering gjeld innanfor heile ansvarsområdet til arbeidsgivar. Det inneber at arbeidsgivar har eit ansvar for å førebyggje trakassering på sjølve arbeidsplassen, men også i samband med aktivitetar som skjer i regi av arbeidsgivar utanfor arbeidstid. Dette kan eksempelvis vere julebord, jobbreise og samlingar.

Ombodet rettleier enkeltpersonar om rettar og pliktar i konkrete trakasseringssaker. I tillegg gir ombodet rettleiing til arbeidsgivarar om korleis dei kan jobbe førebyggjande mot trakassering og seksuell trakassering på arbeidsplassen. Alle har rett på eit trygt arbeidsmiljø.

Du finn meir detaljert informasjon om korleis du lykkast med dette i faktaboksane under.

Kvinnelig servitør med lyst hår og svart t-skjorte holder et brett med to kopper kaffe. Foto

Sett strek for seksuell trakassering

Arbeidstilsynet har i samarbeid med ombodet utarbeidd ein elektronisk rettleiar kalla Settestrek. Her kan du lese meir om seks viktige tiltak for å førebyggje og handtere seksuell trakassering på arbeidsplassen. Settestrek-rettleiaren finst òg engelsk versjon.