Situasjonsanalyse
Alle offentlege styresmakter skal ha rutinar for å gjennomføre ein situasjonsanalyse for å identifisere risiko for diskriminering, og kartleggje moglege barrierar for likestilling som ulike grupper kan oppleve i møte med verksemda deira.
Situasjonsanalysen i fire steg
Situasjonsanalysen skal brukast til eiga verksemdsstyring, styresmaktsutøving og forbetring av kvalitet i tenester. Du finn meir detaljert informasjon om dei enkelt stega i faktaboksane under.
a) Få oversikt over kva arbeidet i verksemda dykkar går ut på
Det kan vere vanskeleg å vite kvar ein skal byrje. Det kan kanskje verke banalt, men ein god stad å starte kan vere å få ei oversikt over kva verksemda di faktisk held på med. Med dette meiner vi ikkje dei overordna mandata dykkar, men heller dei ulike oppgåvene og gjeremåla som blir utførte i alle avdelingane i verksemda. Døme kan vere: saksbehandling, rettleiing til enkeltindivid, arrangere eksterne seminar, publisere informasjon på nettsidene for verksemda, utforme driftsbudsjett, utføre kontroll, med meir. Det er òg formålstenleg å identifisere kva arenaer/kanalar/verktøy de jobbar i. Dette vil gjere det lettare å vurdere om moglege barrierar kan komme av dei strukturelle rammene for arbeidet.
b) Kartlegg retningslinjene dykkar, standardar og prinsipp
No har de identifisert arbeidet og aktivitetane i verksemda dykkar. Det er no på tide å sjå om de har nokre nedfelte retningslinjer, standardar eller prinsipp knytte til desse. Døme på dette kan vere interne rutinar, sjekklister, handbøker, serviceerklæring, andre interne dokument. Det kan òg vere relevant å sjå på intern praksis dersom dette ikkje finst skriftleggjort. Ein rask gjennomgang av retningslinjene og rutinane dykkar kan tydeleggjere ambisjonane dykkar for kvaliteten på arbeidet, og kva de førebels ikkje har klare retningslinjer for. Vi tilrår at de skriftleggjer standardane dykkar. Har de ikkje gjort dette enno, er no eit godt tidspunkt å starte.
c) Utvikle standardane med tydeleg likestillingsperspektiv
Når de har kartlagt kva standardar de har for arbeidet dykkar, skal de vurdere om standardane vil vareta behova til heile befolkninga og sikre likestilling. Med likestilling meiner vi likeverd, like moglegheiter og like rettar. Likestilling føreset tilgjengelegheit og tilrettelegging.
Det kan det vere nyttig å reflektere rundt følgjande:
• Bidreg standardane til å sikre likeverd, like moglegheiter og like rettar for heile befolkninga?
• Tek standardane utgangspunkt i klare målsetjingar og prinsipp som definerer likestillingsambisjonane for arbeidet dykkar?
Døme:
• Tek standardane utgangspunkt i klare målsetjingar og prinsipp som definerer likestillingsambisjonane for arbeidet dykkar?
Døme
Aktivitet likestillingsmålsetting
Møte med eksterne «Vi har som mål at alle som deltek i møte med verksemda vår, skal oppleve at dei blir behandla med respekt og på ein likeverdig måte.»
Medieutspel
«Vi har som mål at mediehandteringa i verksemda skal bidra til å synleggjere mangfald, byggje ned stereotypiar og motarbeide stigmatiserande framstillingar.»
Arrangement
«Lokala våre skal vere tilgjengelege for heile befolkninga»
Dei nedfelte målsetjingane, standardane og prinsippa som gjeld likestillingsambisjonane for arbeidet dykkar, utgjer til saman det som kan kallast dykkar «likestillingspolicy». Det er ikkje krav om at desse må samlast i eit dokument. Samtidig opplever nokre verksemder at det er formålstenleg å samle desse på éin stad. Det kan gjere det lettare å finne fram og halde oversikt.
d) Identifiser forbetringspotensial og moglege barrierar
No har du fått ei oversikt over aktivitetane som utgjer dykkar verksemd, og kartlagd eller utvikla standardane som de jobbar ut frå. Med utgangspunkt i dette er det no mogleg å sjå om det kan vere risiko for at enkelte grupper ikkje vil oppleve verksemda sitt arbeid på ein likeverdig måte. No skal de vurdere om det kan vere barrierar for enkelte grupper, som de kan minimere.
Lova sitt forarbeid slår fast at alle offentlege verksemder skal gjennomføre ein situasjonsanalyse for å kunne seie noko om moglege barrierar til likestilling som verksemda kan påverke.
Eit døme på dette kan vere slik: De har målsetjinga «Lokala våre skal vere tilgjengelege for heile befolkninga». De har fått klagar frå rullestolbrukarar om at dei ikkje klarer å komme inn utan assistanse på grunn av ei helling framfor døra.
I dette dømet er det eit gap mellom målsetjinga og verkelegheita befolkninga opplever i møte med dykk.
Det finst mange kjelder til kunnskap når det gjeld barrierar.
Døme på opplysningar som kan vere relevante, er:
• statistikk over befolkningssamansetninga
• oversikt over innbyggjarar med ulike bakgrunnar som kan vere målgruppe for dykkar arbeid
• tal/oversikt over kven som faktisk bruker tenestene dykkar
• klagar de har fått
• brukarundersøkingar
• brukarutval / rådgivande utval i verksemda dykkar
• interne diskusjonsforum
Nokre årsaker til barrierar er enkle å finne fram til. Andre kan vere litt vanskelegare å identifisere. Dialog og tilbakemelding frå dei det gjeld, gir viktig kunnskap om kvifor ting blir opplevde slik dei gjer. Somme lover legg opp til medverknad og innbyggjarinvolvering. Det vil vere naturleg å dele situasjonsanalysen med dei organa som er oppretta for å vareta krav til medverknad, slik at de kan få hjelp til å identifisere årsaker i samråd med dei personane som blir påverka av styresmaktsutøvinga dykkar. Forsking kan vere ei anna kjelde til kunnskap om årsaker.
Vi er kjende med at dette har blitt gjort på ulike måtar. Døme:
Eit direktorat har gjennomført samlingar med representantar frå ulike grupper for å få innsikt i korleis desse opplever arbeidet til direktoratet.
Ein etat har oppretta interne dialogforum der tilsette får utveksla erfaringar om korleis tenestene kan bli meir tilgjengelege.
Eit tvisteløysingsorgan har gjennomført ein intern workshop der dei har kartlagt aktivitetane sine og identifisert barrierar som kan oppstå for ulike grunnlag.
Der verkelegheita avvik frå ideala og målsetjingane de har skissert i likestillingspolicyen dykkar, er det nødvendig å vurdere årsakene bak, og om gapet kan lukkast ved å setje inn målretta tiltak. Lova gir ingen fasit når det gjeld kva tiltak som skal setjast i verk – det er opp til verksemda sjølv å vurdere kva som trengst i den konkrete situasjonen.
Det kan vere formålstenleg å byrje med å sjå om de allereie har tiltak som svarer til utfordringa. Det kan vere nyttig å sjå korleis andre verksemder løyser liknande utfordringar. LDO kan òg kontaktast for rettleiing.
Det er avgjerande for dette arbeidet at de i ettertid kan evaluere om tiltaka har vore effektive eller ikkje. Vi tilrår at de identifiserer konkrete delmål for tiltaka som skal setjast i verk, og at det blir sett fristar for arbeidet. Konkrete personar bør tildelast ansvar for tiltaka, og ein i leiinga bør peikast ut som «eigar» for kvart tiltak, slik at den ansvarlege har nokon å diskutere framdrifta med.
Døme på ei god målformulering: «Vi har som mål at alle som møter verksemda, skal oppleve at dei blir behandla med respekt.» Formuleringa er god fordi ho oppgir eit ønskt resultat som er kvantifiserbart. Dersom ikkje «alle» opplever å bli behandla med respekt, har de ikkje oppnådd målet. Dette kan til dømes målast med ei brukarundersøking.
Det kan være nødvendig å prioritere
LOS-plikta inneber at offentlege verksemder skal jobbe for likestilling og mot diskriminering i heile verksemda si, for alle grunnlag. Sjølv om dette er ei viktig målsetjing, er det nødvendig å innsjå at det ikkje alltid vil vere mogleg å løyse alle utfordringar på same tid.
Etter at verksemda har gjennomført ein situasjonsanalyse, identifisert moglege barrierar og årsakene deira, og dessutan identifisert eigna tiltak, kan det likevel vere nødvendig å prioritere nokre tiltak framfor andre. Alternativt kan ein jobbe på fleire område over lengre tid.
Det finst ingen fasit for korleis ei verksemd skal prioritere arbeidet med å byggje ned barrierar. Ei moglegheit er å forankre kva som skal prioriterast, med partane det gjeld. Prioriteringane ein har gjort, bør beskrivast i likestillingsutgreiinga. På den måten ser interessentar at det er ein gjennomtenkt grunn til at noko eventuelt har blitt nedprioritert. Utgreiinga skal òg seie noko om forventningane dykkar for arbeidet framover.
Evaluering av tiltak krev at de samanliknar effekten av tiltaka opp mot måla og delmåla de har identifisert. Det er her ein ser viktigheita av gode målformuleringar (sjå meir om dette i punkt 3).
Det er viktig at de bruker målformuleringane når de til dømes skal utarbeide brukarundersøkingar eller intern statistikk. La oss sjå nærmare på dømet frå punkt tre. De har målformuleringa: ’’Vi har som mål at alle som møter verksemda, skal oppleve at dei blir behandla med respekt.» Effekten av tiltaket kan målast gjennom ei brukarundersøking, ved å stille spørsmålet «Opplevde du å bli møtt med respekt i møte med verksemda?»
Mottekne klagar eller andre tilbakemeldingar kan òg brukast som grunnlag for å vurdere effektiviteten av tiltak.