Likeverdige tenester til eldre skeive

Eldre blir ein stadig større og meir mangfaldig gruppe. Samtidig viser forsking at eldre som er skeive kan oppleva uvisse og aksept i møte med eldreomsorga. Både når det gjeld psykisk uhelse, tillit til helsevesenet og oppleving av diskriminering så kjem skeive eldre dårlegare ut enn resten av befolkninga.

Korleis kan sjukeheimar, seniorsenter og andre som yter tenester til eldre, jobba aktivt for å sikra at eldre skeive kjenner seg trygge i møte med dei? Me har laga eit par døme på korleis dette likestillingsarbeidet kan sjå ut.

Eldre gråhårig kvinne holder en regnbueformet ballong over hodet sitt. Foto

Plikt til aktivt likestillingsarbeid

Som offentleg tenesteytar har du en plikt (LOS-plikten) til å jobba for at mellom anna skeive eldre skal sikrast eit likeverdig tilbod. Heile offentleg sektor skal jobba for å fremja likestilling og hindre diskriminering. Dette arbeidet skal også gjerast greie for. LOS-plikta skil seg frå ARP som er aktivitets- og utgreiingsplikt for arbeidsgivarar.

Los-plikta gir stor fridom i korleis det blir jobba med likestilling, så lenge arbeidet er “aktivt, målretta og planmessig”. Utover desse krava kan metoden for LOS-arbeidet sjå slik ut.

  1. Situasjonsanalyse


    Lag ei oversikt over ansvarsområda og måla for verksemda for likestillingsarbeidet. Beskriv ein idealsituasjon for likeverdige tenester og samanlikn med dagens situasjon. Identifiser barrierar befolkninga møter og undersøk dette med både tilsette og brukarar.

  2. Årsak


    Undersøk kvifor risikoane for diskriminering og barrierane for likestilling er der. Å ha trygge kanalar for deling av erfaringar frå både pasientar og tilsette kan bidra stort i denne delen av arbeidet.

  3. Tiltak


    Bestem konkrete tiltak som skal redusera risikoen for diskriminering og fjerne barrierar som målgruppa møter. Vel nokre område de vil fokusera på og angrip problemet. Det er viktig å visa korleis tiltaka er forankra i leiinga, og kva dei konkrete måla med tiltaka er.

  4. Evaluering


    Finn ut korleis tiltaka fungerte i praksis og om de nådde målet i likestillingsarbeidet dykkar. Det er viktig å finna ut kva de eventuelt skal føra vidare, eller eventuelt tilføra av nye element.  

✌️

Jobb systematisk for å sikra likeverdige tenester til eldre skeive

Skeive eldre skal vera sikra likeverdige tenester i alle dei offentlege tilboda dei nyttar seg av, anten det er helsetenester, seniorsenter eller andre tilbod. Då er det viktig at tilsette har kompetanse om gruppa, og at verksemda gjer tydeleg at det er opne for alle legningar og kjønnsidentitetar.

Me har laga nokre døme som kan vera til hjelp når de skal jobba systematisk for å sikra likeverdige tenester til eldre skeive. Under ser du ein guide for tanken i kvart steig av Los-arbeidet for eldre skeive.

Korleis kan eg i førstelinja vera inkluderande i møtet med eldre skeive?

  • Bruk et kjønnsnøytralt språk som standard både muntlig og skriftlig.
  • For å beskrive kjærlighetsrelasjoner er ‘partner’ et nøytralt begrep.
  • Ha et kjønnsnøytralt alternativ til mann eller kvinne på skriftlige skjema.
  • Ved kartlegging av nære relasjoner, åpne samtalen med en bred og åpen formulering: for eksempel; ‘hvem anser du for å være din familie’ eller ‘har du noen i ditt liv som du anser er spesielt viktige for deg?’ framfor å begynne med ‘er du gift’ og/eller ‘har du noen barn’- da får du fram mer informasjon.
  • Om du er usikker på hvordan du skal tiltale en person, kan du for eksempel spørre: ‘Hvilket pronomen foretrekker du at jeg bruker?’ eller ‘Hvordan skulle du identifisere deg selv?’.

Desse tipsa er referert frå s. 79 i Janne Bromseths bok “Veg til inkluderande eldreomsorg” (sjå litteraturlista) og forkorta, med eigne uthevingar.  For fleire gode tips til inkluderande møte, kan du laste ned ein digital versjon av boka gratis her.

Døme frå verkelegheita: Inkluderande tiltak i eldreomsorga for skeive eldre