Gledeleg at regjeringa vil inkorporere FN-konvensjonen CRPD i menneskerettslova
Ein viktig milepæl og forplikting for funksjonshemma sine rettar i Noreg.

– Dette er ein gledeleg dag. Regjeringa sitt vedtak er ei anerkjenning av at funksjonshemma som gruppe blir diskriminert frå vogge til grav. Og eit klart signal om at me no får ei brei politisk satsing som er svært etterlengta, seier likestillings- og diskrimineringsombod Bjørn Erik Thon.
CRPD er FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. Ei inkorporering av konvensjonen i menneskerettslova betyr at funksjonshemma sine rettar får eit tydelegare vern og at konvensjonen vil ha forrang dersom det oppstår motstrid med anna lovgiving.
Venta lenge
Ombodet har lenge argumentert for at CRPD må få same status som dei andre FN-konvensjonane som allereie er ein del av menneskerettslova. Dette er avgjerande for å sikre at funksjonshemma får dei same rettane som andre borgarar og at Noreg fullt ut oppfyller dei internasjonale forpliktingane sine.
Kjernen i CRPD er at det ikkje er funksjonsnedsetjinga, men korleis me har organisert samfunnet vårt som skapar utfordringar.
– Dette er eit viktig steg mot eit meir inkluderande samfunn. Eg er særleg glad for at Tonje Brenna trekkjer fram funksjonshemma sin deltaking i arbeidslivet. I dag er berre 38 % i denne gruppa i arbeid, mot 70 % i befolkninga som heilskap. Det finst knapt noko viktigare for eit menneske enn å ha ein jobb. I tillegg går samfunnet glipp av mykje god kompetanse, seier Thon.
Må følgja opp
LDO vil følgja prosessen vidare og bidra til at inkorporeringa fører til reell styrking av funksjonshemma sine rettar i praksis.
– Det har vore eit eintydig krav om at CRPD skal inn i menneskerettslova. No forventar me ein rask lovprosess. Eg har ein klar forventning om at regjeringa følgjer opp i praktisk politikk, både med lovendringar og auka budsjett. Nokre stikkord er universell utforming, auka arbeidsdeltaking og større sjølvråderett for utviklingshemma, seier Thon.