Unngå å diskriminere gravide
Les vår sjekkliste og finn ut om verksemda di står i fare for å diskriminere gravide eller medarbeidarar i foreldrepermisjon.

Diskriminering av gravide og foreldre i permisjon
Diskriminering av gravide og foreldre i permisjon er ulovleg. Les i sjekklista under kva du som arbeidsgjevar bør tenkje på.
1. Vi spør ikkje om graviditet eller permisjon under jobbintervju
2. Vi veit det er forbode å utelukke kandidatar fordi dei er gravide eller skal ut i foreldrepermisjon
3. Dersom jobbsøkjaren sjølv er open om graviditet og permisjon speler ikkje det negativt inn på moglegheita for å få jobb hos oss
4. Vi er kjende med at NAV dekkjer mange utgifter knytt til graviditet og foreldrepermisjon
1. Vi har rutinar på plass når medarbeidarar blir gravide eller skal ha foreldrepermisjon
2. Vi oppmodar menn til å bruke permisjonsrettane sine for å vere saman med barna
3. Vi veit at gravide tilsette har rett på eigna individuell tilrettelegging
4. Vi har gode rutiner for tilrettelegging slik at vi reduserer risiko for sjukefråvær
5. Vi snakker med gravide medarbeidarar og fedrar/medmødre som skal ut i permisjon om:
- Behov for tilrettelegging og korleis vi unngår sjukefråvær
- Korleis dei vil ta ut permisjon
- Korleis dei skal fordele arbeidet til den som skal ut i permisjon
6. Vi veit vi kan få god hjelp av NAV, bedriftshelsetenesta, jordmor eller verneombodet/tillitsvalde i spørsmål om tilrettelegging
1. Vi opplyser om ledige stillingar og oppmodar dei som er i perm til å søkje når det er relevant
2. Vi opplyser om lønnsforhandlingar, bonus og omorganiseringar som er relevante for den som er i permisjon. Vi veit at dei i foreldrepermisjon har rett på generell bonus på same måte som andre tilsette
3. Foreldre i permisjon får same høve til å levere lønnskrav og bli vurdert ut frå perioden dei har vore i arbeid som andre tilsette
4. Vi inviterer til sosiale og faglege samlingar
5. Vi inviterer tilsette i foreldrepermisjon til samtale for å planlegge tilbakekomst
1. Vi veit at medarbeidarar har rett til å vende tilbake til same stilling etter permisjon
2. Vi veit kva rett til ammefri som gjeld på tariffområdet vårt
3. Vi legg til rette for ammefri og tek høgd for sjuke barn
4. Vi gjennomfører samtalar om arbeidsoppgåvene og arbeidstid, slik at medarbeidaren best kan kombinera jobb og familie
5. Vi tek alltid ein prat i etterkant om korleis det gjekk å kombinera graviditet, foreldrepermisjon og arbeid, slik at vi gjer det endå betre neste gong