Bli betre på likestilling og mangfald

I eit likestilt og rettferdig samfunn har alle borgarane høve til å delta i samfunnet på like vilkår. Likestillings- og diskrimineringslova definerer likestilling som likeverd, like moglegheiter og like rettar, og seier vidare at likestilling føreset tilgjengelegheit og tilrettelegging. For å verkeleggjere dette held det ikkje med eit individuelt diskrimineringsvern. Det er òg nødvending med eit aktivt og førebyggjande arbeid. Derfor har både arbeidsgivarar og offentlege styresmakter ei forplikting til å jobbe systematisk for å fremje likestilling.

Illustrasjon av en kvinne som sitter foran en PC mens hun holder oppe en pekefinger. En glødende lyspære over hodet hennes indikerer at hun har forstått noe.
En gruppe unge og eldre personer med forskjellig etnisk bakgrunn holder rundt hverandre og smiler. Foto

Arbeidsgivar sitt ansvar

Som arbeidsgivar skal du jobbe aktivt for likestilling og mot diskriminering gjennom aktivitets- og utgreiingsplikta. I dei lysegrøne boksane under kan du lese meir om kva som er forventa av arbeidsgivarar, og finne nokre tilrådingar om tiltak på dei ulike områda. I tillegg til arbeidsgivarar er informasjonen relevant for fagforeiningsrepresentantar, representantar for dei tilsette og verneombod.

Dersom du opplever diskriminering, tilrår vi at du klikkar deg inn på desse sidene.

Kvinnelig lege med blondt hår, hvit frakk og stetoskop rundt halsen sitter ved et bord og snakket med en eldre mannlig pasient som sitter med ryggen til. Foto

Likestillingsplikt for offentleg sektor (LOS-plikta)

Offentlege verksemder og andre som utøver offentleg mynde, er i tillegg til arbeidsgivar si aktivitets- og utgreiingsplikt òg omfatta av den såkalla LOS-plikta. Denne plikta skal sikre at arbeidet offentleg sektor allereie gjer, kjem heile befolkninga til gode. Tenestene som sektoren tilbyr, skal opplevast som nyttige for alle, og ikkje berre for nokre få. Lurer du på kven som er omfatta av LOS-plikta, kva ho handlar om, eller korleis du skal oppfylle ho?

Mørkhudet kvinne med grønn jakke lener seg mot en mursteinvegg mens hun holder hendene til brystet og ser i løse luften. Foto

Er du diskriminert eller trakassert?

Visste du at urettferdig behandling kan vere ulovleg? Om du blir dårlegare behandla eller trakassert på grunn av kjønn, etnisitet, funksjonsevne eller eit anna diskrimineringsgrunnlag, kan det vere at du har blitt diskriminert. Vi hjelper deg med å forstå kva dette betyr i praksis, og kva du kan gjere dersom du har blitt utsett for dette.

Meld deg på våre arrangement