Svarar på uro om hatkriminalitet
Riksadvokaten forsikrar ombodet og hatkrimnettverket om at hatkriminalitet framleis har prioritet.

Hatkrimnettverket og ombodet blei uroa då vi las Riksadvokaten sitt prioriteringsrundskriv for straffesaksbehandlinga for 2025. Ut frå ordlyden i rundskrivet var det uklart om kampen mot hatkriminalitet framleis skulle prioriterast. Vi sende derfor eit brev til Riksadvokaten og uttrykte våre bekymringar. Den 22. mai hadde vi eit oppklarande og konstruktivt møte med riksadvokat Jørn Sigurd Maurud, førstestatsadvokat Heidi Reinholdt-Østbye og statsadvokat Daniel Sollie. Dei forsikra at arbeidet mot hatkriminalitet framleis ligg i kjernen av samfunnsoppdraget til politiet, og at dette arbeidet framleis har prioritet. Vi fekk òg oppklart at «adekvat» innsats betyr at innsatsen på feltet til ei kvar tid skal vere fullgod – og at han må styrkjast ved behov. Dette er positive signal, og vi håpar endringane òg vil bidra til ei positiv utvikling.
I etterkant av møtet blei politiet si årlege hatkrimrapport publisert, og tala for 2024 viser nok ein gong ein auke i talet på anmeldelser – og auken er særleg stor når det gjeld anmeldelser av hatmotivert vald. Det er uroleggjande. Vi kjem til å følgje med vidare på korleis arbeidet blir følgt opp, og forventar at politiet både får og nyttar dei nødvendige ressursane som skal til for å sikre at kampen mot hatkriminalitet skjer i praksis. Vi oppmodar Riksadvokaten til å overvake utviklinga nøye og vurdere om hatkriminalitet bør vere blant områda som blir styrkte i prioriteringsrundskrivet for 2026.
Leiar for Antirasistisk Senter, Umar Ashraf, og leiar av FRI – Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald, Stephen Adom, representerte hatkrimnettverket i møtet.
Hatkrimnettverket er eit nettverk av organisasjonar som jobbar mot hatytringar og hatkriminalitet. Nettverket blir koordinert av Likestillings- og diskrimineringsombodet og er ein felles arena for erfaringsutveksling, innsyn i ny kunnskap og koordinering av arbeidet på feltet. Hatkrimnettverket ved Antirasistisk Senter, Den nasjonale støttegruppa etter 22. juli, FRI – Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald, Mikkel Berg-Nordlie, seniorforskar ved NIBR-OsloMet, MiRA-Senteret, Norges Handikapforbund, Samerådets Suodji/Suodje/Suaja-prosjekt, Skeiv Verden, Stopp Diskrimineringen, Stopp hatprat og Likestillings- og diskrimineringsombodet sende i mars eit brev til Riksadvokaten.


