Regjeringa må utfordra makta til teknologigigantane
Saman med ei rekkje organisasjonar og enkeltpersonar oppmodar ombodet regjeringa til å utfordra teknologigiantenes kontroll over den digitale infrastrukturen vår i eit ope brev.

– Kampen mot maktmonopolet til teknologigigantane er også ein kamp for meir likestilling, mindre diskriminering og eit tryggare internett for alle, meiner likestillingsombod Bjørn Erik Thon.
Les meir om arbeidet til ombodet på ki og digitalisering
Ombodet meiner det haster å skapa ei betre digital verd, der teknologien jobbar med oss og ikkje mot oss. Me treng digitale tenester baserte på demokratiske prinsipp som openheit, valfridom og respekt for grunnleggjande rettar.
Utviklinga må snuast
Ein ny rapport frå Forbrukarrådet viser korleis utviklinga – kalla enshittification – påverkar både forbrukarar og samfunnet, men at det finst løysingar som kan snu trenden.

Utviklinga må snuast. Derfor har Forbrukarrådet saman med ombodet og 58 andre organisasjonar og ekspertar i dag sendt eit brev til Regjeringa.
I brevet blir regjeringa oppmoda mellom anna til å ta følgjande grep:
- Å endra maktbalansen mellom forbrukarar og tenesteleverandørar. I praksis må forbrukarar få sterkare rettar til å kontrollera, tilpassa, reparera og endra eigne produkt og tenester.
- At norsk offentleg sektor må vurdera digitale tenester basert på open kjeldekode ved nyanskaffingar og revidering av tidlegare anskaffingar, og at offentleg sektor prioriterer desentraliserte løysingar som støttar interoperabilitet og portabilitet.
- At tilsynsmaktene har tilstrekkeleg ressursar til å handheva eksisterande reglar, spesielt overfor teknologigigantane.


