Samarbeidsavtale for auka likestilling i fiskerinæringa signert
Avtalen har som mål å styrkja rekrutteringa av kvinner og andre underrepresenterte grupper, forbetra arbeidsmiljøet, førebyggja trakassering og sikra at arbeidsplassen er tilpassa ulike livsfasar og behov.

– Dette er viktig å lykkast med for at næringa skal klara å vera ein attraktiv arbeidsplass, og tiltrekkja seg og behalda kompetent arbeidskraft framover, seier Likestillings- og diskrimineringsombodets fagdirektør for arbeidsliv Lars Kolberg.
– Når dei som er underrepresenterte ikkje finn sin plass, er dette ikkje berre eit hinder for mangfaldet, men også for næringa, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Bakgrunnen for avtalen
2. oktober 2021 publiserte NRK ytring kronikken «Feil kjønn om bord». Der skreiv Susanne Mortensen: «Eg er fiskar. Det tilrår eg ingen jenter å bli». Ho fortalde om opplevingar av grov seksuell trakassering om bord. Ombodet tok i etterkant kontakt med Nærings- og fiskeridepartementet som var sjokkert, og svarte skriftleg at dei gjerne ville ha eit møte med ombodet og partane i næringa om temaet.
Møtet leidde i etterkant fram til ein samarbeidsavtale mot seksuell trakassering i fiskerinæringa, der både politisk nivå, fagstyresmaktene og partane i næringa, og ombodet gjekk saman for å skapa ei fiskerinæring der alle kan vera trygge.
-Opplevinga og evalueringa vår av avtalen er at han har bidrege positivt. Eg trur også at det å ha ein slik avtale har bidrege til å opna opp for å snakka om andre tema som er viktige for å få til ei likestilt næring. Det kan vera tema som kjønnstilpassa arbeidstøy, problemstillingar knytte til ammefri i fiskeflåten eller spørsmål omkring rett til leigeskipper i samband med svangerskapspermisjon, seier Kolberg.
Nytt samarbeid må forankrast i leiinga
For å lykkast med eit systematisk arbeid er det avgjerande at samarbeidet blir forankra hos leiinga i Nærings- og fiskeridepartementet, Sjøfartsdirektoratet, Fiskeridirektoratet, og organisasjonane. Både Sjøfartsdirektoratet, Fiskeridirektoratet og organisasjonane forpliktar seg til å gjennomføra risikovurderingar og førebyggingstiltak i organisasjonane. Avtalen har som mål styrkja rekrutteringa av kvinner og andre underrepresenterte grupper, forbetra arbeidsmiljøet, førebyggja trakassering og sikre at arbeidsplassen er tilpassa ulike livsfasar og behov.
-Avtalen skal byggja vidare på det me har fått til i avtalen om seksuell trakassering, men han femnar breiare og gir høve til å jobba meir aktivt også med rekruttering og tilrettelegging ved sida av arbeidsmiljøet. Dette er viktig å lykkast med for at næringa skal klara å vera ein attraktiv arbeidsplass og tiltrekkja seg, og behalda kompetent arbeidskraft framover, seier Kolberg.
-Kvinner trengst på havet og i ei næring som stadig blir ny teknologi tilpassa. Me er langt frå mål, avsluttar fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Partane til samarbeidsavtalen er:

- Nærings- og fiskeridepartementet
- Sjøfartsdirektoratet
- Fiskeridirektoratet
- Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO)
- Norsk Sjømannsforbund
- Fiskebåt, Havfiskeflåtens Organisasjon
- Norges Fiskarlag
- Sjømat Norge
- Norges Kystfiskarlag
- Pelagisk forening
- Hun Fisker
- Norges Sildesalgslag


