Inkorporeringa av CRPD må skje raskt
Utvalet som har undersøkt korleis FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne skal innlemmast i norsk lov, tilrår å ta den inn i menneskerettslova.
15. januar la eit ekspertutval fram ein rapport om korleis FN sine menneskerettar for funksjonshemma (CRPD) skal inkorporerast i norsk lov.
– Eg er svært nøgd med at fleirtalet i ekspertutvalet går inn for at CRPD vert innlemma i menneskerettslova. Dette er viktig for å sikre at menneskerettane til funksjonshemma vert prioritert og respektert, seier ombod Bjørn Erik Thon.
Ei inkorporering i menneskerettslova tyder at CRPD vil ha forrang over eventuelle motstridande nasjonale lover, noko som er viktig for å sikre ei konsistent og rettferdig behandling av funksjonshemma i Noreg.
– Ekspertutvalet si tilråding er i tråd med det vi gjekk inn for i ein rapport vi la fram før jul. Men dette er ei politisk avgjerd, og det blir ei viktig oppgåve for oss saman med sivilsamfunnet å sørgje for at dette skjer.
Lovendringar
Som ein del av ombodet sitt arbeid med å fremje og beskytte rettane til funksjonshemma, meiner vi at fleire norske lover må eller bør justerast for å vere i samsvar med CRPD.
Blant dei lovene vi meiner må endrast er verjemålsordninga, som må gjerast om til ei beslutningsstøtteordning, der målet er at dei som treng det skal få støtte til å ta eigne avgjerder heller enn å bli fråtatt moglegheita til å bestemme over eige liv.
– Vi har lenge uttrykt uro for overdriven bruk av tvang overfor utviklingshemma og folk med psykiske lidingar. Tvangsbruken må reduserast drastisk, og vi må i mykje større grad ha ei tilnærming basert på respekt, informert samtykke, og brukarinvolvering – i tråd med CRPD, seier Thon.
Forventar raske prosessar
Regjeringa har lova å ta ansvar for at CRPD skal inn i norsk lov. Det må dei sørgje for i løpet av denne regjeringsperioden.
– Det er avgjerande at styresmaktene handlar raskt for å sikre at inkorporeringa av CRPD i norsk lovgiving ikkje blir forseinka. Det hastar med å forbetre ivaretakinga av rettane til funksjonshemma i Noreg. Vi forventar at det vert jobba effektivt frå styresmaktene si side, for å sikre at Noreg står som eit døme på korleis menneskerettane til funksjonshemma vert respektert og fremja, seier Thon.