Sametinget og LDO styrker rettleiingstilbodet til samer

Ombodet var nyleg i Karasjok og møtte representantar frå sametinget der rettleiingstilbod til samar som opplever rasisme og diskriminering var på dagsorden.

Representanter fra LDO og Sametinget står ved siden av hverandre foran sametinget. Foto

LDO får få førespurnader frå enkeltpersonar med samisk bakgrunn og er glad for at Sametinget vil samarbeide med oss om å utvikle eit tilbod som rettar seg særleg mot den samiske befolkninga. Dette var eitt av dei sentrale punkta som blei diskutert då LDO besøkte Sametinget i Karasjok 8. juni i år, få dagar etter at Sannings- og forsoningskommisjonen la fram sin rapport som understrekar behovet for å ta både den historiske og dagens rasisme og diskriminering mot samar på alvor.

Likestillings- og diskrimineringsombod Bjørn Erik Thon og fire tilsette frå LDO møtte sametingsråd Runar Myrnes Balto og sametingsråd Berit Marie P. E. Eira og tilsette på Sametinget. Møtet handla vidare om arbeid mot samehets, vald i nære relasjonar i samiske samfunn, og likeverd og likestilling for skeive samar og samar med nedsett funksjonsevne. Sametinget og LDO har hatt ein samarbeidsavtale som gjekk ut i 2022 og vil underteikne ein ny avtale i haust som vil vise veg for vidare samarbeid på utvalde område og prosjekt.

Vidare møtte LDO Samisk Høgskole som utfører eit forskingsprosjekt bestilt av LDO og Sametinget om opplevd diskriminering blant unge samar med tilknyting til reindrift. Rapporten er venta våren 2024. Vi møtte også Alternativ til Vold i Alta og Samisk nasjonal kompetanseteneste – psykisk helsevern og rus (SANKS) i Karasjok. Desse to møta handla blant anna om korleis ein tilpassar tenester til samar og om korleis konsekvensane av fornorskinga pregar den samiske befolkninga sine møter med hjelpetenester.