EU-direktiv om bindande standardar for likestillingsorgan vedtatt
Direktiva rører ved ombodet si rolle og framtidig arbeid.
Den 7. mai 2024 vart to EU-direktiv om bindande standardar for likestillingsorgan vedtatt. Bakgrunnen er ønsket om å sikre at diskrimineringsvernet i EU blir like godt ivaretatt i dei ulike medlemslanda gjennom felles standardar for deira likestillingsorgan. Direktiva stiller krav om at dei nasjonale likestillingsorgana må vere uavhengige, og dei har føresegner om mandat, ressursar, struktur, oppgåver, kompetanse og tilgjenge til likestillingsorgana. Målet er å sikre ein meir einskapleg praksis i diskrimineringssaker og lik handheving av ikkje-diskrimineringsdirektiva, samt å sørgje for at enkeltpersonar blir like godt verna mot diskriminering, uavhengig av kva land dei bur i.
Direktiva er likelydande, og det eine, som er knytt til kjønnslikestillingsdirektiva, er merka som EØS-relevant. Gjennomføring av direktivet i norsk rett vil krevje ei gjennomgang av vårt likestillingsapparat, der den pågåande evalueringa av dagens lågterskeltilbod på diskrimineringsfeltet vil inngå. Ved ei innlemming av direktivet i EØS-avtalen og gjennomføring i norsk rett, må norske styresmakter dessutan sikre at eventuelle framtidige endringar i Likestillings- og diskrimineringsombodet og Diskrimineringsnemnda si rolle, myndigheit og ressursfordeling tilfredsstiller krava som følgjer av direktivet.