Likestillingsplikt for offentleg sektor (LOS-plikta)

Offentlege verksemder og andre som utøver offentleg myndigheit, er omfatta av likestillingsplikta for offentleg sektor (LOS-plikta). Plikta utfyller arbeidsgivar sin aktivitets- og utgreiingsplikt og skal sikre at arbeidet i offentleg sektor kjem heile befolkninga til gode. Tenestene som blir leverte av det offentlege, skal opplevast som nyttig for alle, og ikkje berre nokre få.

Kvinnelig lege med blondt hår, hvit frakk og stetoskop rundt halsen sitter ved et bord og snakket med en eldre mannlig pasient som sitter med ryggen til. Foto

Kva handlar plikta om?

Etter likestillings- og diskrimineringslova § 24 har heile offentleg sektor ei plikt til å jobbe aktivt, målretta og planmessig for å fremje likestilling og hindre diskriminering i all si verksemd. LOS-plikta inneber at offentlege verksemder årleg må gjere greie for det aktive likestillingsarbeidet dei gjer. LOS-plikta legg opp til ein metode og bidreg med konkrete verktøy som gjer likestillingsarbeid meir systematisk og effektivt. Verksemder som er omfatta av plikta, skal årleg gjere greie for det aktive likestillingsarbeidet sitt.

Likestillingsutgreiinga synleggjer om verksemda har fanga opp viktige likestillingsutfordringar, og korleis ein jobbar med desse. I erfaringa til ombodet kan likestillingsutgreiinga òg vere eit viktig verktøy internt då ho kan bidra til å gjere arbeidet meir oversiktleg.

Tre menn og to kvinner sitter rundt et bord i et lyst rom. En av mennene skriver på et ark mens de andre følger med. Foto

Situasjonsanalyse

Alle offentlege styresmakter skal ha rutinar for å gjennomføre ein situasjonsanalyse for å identifisere risiko for diskriminering, og kartleggje moglege barrierar for likestilling som ulike grupper kan oppleve i møte med verksemda deira.