Likeverdige tenester til eldre skeive
Eldre blir ein stadig større og meir mangfaldig gruppe. Samtidig viser forsking at eldre som er skeive kan oppleva uvisse og aksept i møte med eldreomsorga. Både når det gjeld psykisk uhelse, tillit til helsevesenet og oppleving av diskriminering så kjem skeive eldre dårlegare ut enn resten av befolkninga.
Korleis kan sjukeheimar, seniorsenter og andre som yter tenester til eldre, jobba aktivt for å sikra at eldre skeive kjenner seg trygge i møte med dei? Me har laga eit par døme på korleis dette likestillingsarbeidet kan sjå ut.

Plikt til aktivt likestillingsarbeid
Som offentleg tenesteytar har du en plikt (LOS-plikten) til å jobba for at mellom anna skeive eldre skal sikrast eit likeverdig tilbod. Heile offentleg sektor skal jobba for å fremja likestilling og hindre diskriminering. Dette arbeidet skal også gjerast greie for. LOS-plikta skil seg frå ARP som er aktivitets- og utgreiingsplikt for arbeidsgivarar.
Los-plikta gir stor fridom i korleis det blir jobba med likestilling, så lenge arbeidet er “aktivt, målretta og planmessig”. Utover desse krava kan metoden for LOS-arbeidet sjå slik ut.
-
Situasjonsanalyse
Lag ei oversikt over ansvarsområda og måla for verksemda for likestillingsarbeidet. Beskriv ein idealsituasjon for likeverdige tenester og samanlikn med dagens situasjon. Identifiser barrierar befolkninga møter og undersøk dette med både tilsette og brukarar. -
Årsak
Undersøk kvifor risikoane for diskriminering og barrierane for likestilling er der. Å ha trygge kanalar for deling av erfaringar frå både pasientar og tilsette kan bidra stort i denne delen av arbeidet. -
Tiltak
Bestem konkrete tiltak som skal redusera risikoen for diskriminering og fjerne barrierar som målgruppa møter. Vel nokre område de vil fokusera på og angrip problemet. Det er viktig å visa korleis tiltaka er forankra i leiinga, og kva dei konkrete måla med tiltaka er. -
Evaluering
Finn ut korleis tiltaka fungerte i praksis og om de nådde målet i likestillingsarbeidet dykkar. Det er viktig å finna ut kva de eventuelt skal føra vidare, eller eventuelt tilføra av nye element.
Jobb systematisk for å sikra likeverdige tenester til eldre skeive
Skeive eldre skal vera sikra likeverdige tenester i alle dei offentlege tilboda dei nyttar seg av, anten det er helsetenester, seniorsenter eller andre tilbod. Då er det viktig at tilsette har kompetanse om gruppa, og at verksemda gjer tydeleg at det er opne for alle legningar og kjønnsidentitetar.
Me har laga nokre døme som kan vera til hjelp når de skal jobba systematisk for å sikra likeverdige tenester til eldre skeive. Under ser du ein guide for tanken i kvart steig av Los-arbeidet for eldre skeive.
Prinsipp
- I visjonen til eldresenteret står det: “Alle som besøkjer seniorsenteret skal kjenna seg aksepterte og velkomne uavhengig av legning og kjønnsidentitet”.
Situasjonsanalyse
- Det er ingen ope skeive besøkjande på senteret. Dette kan tyda på at skeive besøkjande ikkje kjenner seg komfortable med å vera opne om legninga si.
- Dessutan har det vore to episodar der ei gruppe besøkjande har snakka nedsetjande om homofile i ein av sitjegruppene i stova.
- Dette kan ha alvorlege konsekvensar og i verste fall føra til at skeive eldre lèt vere å besøkja seniorsentera. Einsemd er eit stort og veksande problem blant eldre, og seniorsentera er for mange heilt avgjerande for livskvaliteten. Derfor er det særleg viktig at dei blir opplevde inkluderande.
Analysera årsaker
- Ei årsak til at skeive ikkje ønskjer å vera opne kan vera at det er grunn til å tru at alle er heterofile. At besøkjande snakkar nedsetjande om skeive tyder på negative haldningar til gruppa. At det blir høgt snakka om slike haldningar, vitne dessutan om ein kultur for at dette er greitt. Dette kan vera ein stor barriere for skeive eldre som ønskjer å besøkja senteret.
Tiltak
- Seniorsenteret set i verk tiltak som er tydeleg forankra i leiinga, og skal gjennomførast i løpet av det neste kalenderåret.
- Det blir hengt opp eit Pride-flagg synleg i fellesarealet.
- Det blir arrangert kursing for dei tilsette i korleis handtera hatprat, stereotypisering og konfliktar mellom brukarar.
- Det blir arrangert ein frukost i samband med pride-arrangementet i byen.
- Ein tips-boks blir sett opp i fellesarealet der dei besøkjande kan leggja inn anonyme tankar og forslag til tiltak for korleis dei kan kjenna seg meir velkomne, uavhengig av legning, kjønnsidentitet, etnisitet e.l.
Evaluering
- Det viser seg at tips-boksen er eit nyttig tiltak, for han blir mykje brukt. Mellom anna kjem det inn fleire tips frå skeive besøkjande som skriv at dei ikkje har visst om dei ville bli aksepterte, men at Pride-flagget gir eit svært velkomme teikn på at dei er det.
- Det har ikkje vorte observert fleire nedsetjande samtalar om skeive i fellesareala, og dei tilsette rapporterer som større sjølvtryggleik på korleis dei skal handtera slike situasjonar om dei skulle oppstå. Det var veldig få som møtte opp til Pride-frukosten, men senteret vil halda fram med å arrangera liknande arrangement innimellom, og kanskje få større oppmøte på lengre sikt.
Prinsipp
- I serviceerklæringa til sjukeheimen står det: “Sjukeheimen skal vera open og inkluderande for alle minoritetar, inkludert skeive. Tenestene skal vera likeverdige for alle.”
Situasjonsanalyse
- Det er fleire ope skeive eldre på sjukeheimen, som verkar å vera trygge og kjenner seg aksepterte og inkluderte. Det har likevel skjedd at personar desse pasientane har peika ut som næraste pårørande ikkje har vorte informert om viktige hendingar i liva til pasienten eller forverringar i helsetilstanden.
Årsaker
- Dei pasientane dette gjeld er ikkje-binære og har opplevd å mista fleire nær familiemedlemmer etter at dei kom ut av skapet. Derfor har venner vorte ein “vald familie” som pasienten har peika ut som næraste pårørande.
- Rutinane til sjukeheimen varslar berre familiemedlemmer om viktige hendingar, og derfor har ikkje den “valde familien” vorte varsla.
Tiltak
- Leiinga bestemmer at det skal skje ein gjennomgang av rutinane for kontakt med pårørande. Det blir no teke utgangspunkt i dei personane pasienten sjølv har peika ut som pårørande. For fleire pasientar gjeld dette altså venner som dei ikkje har nokon familierelasjon til.
Evaluering
- Dei nye rutinane fungerer godt, og sidan dei vart innførte har det ikkje oppstått nokon liknande situasjonar. Ein av pasientane seier at dei opplevde denne definisjonen av næraste pårørande som ein slags aksept for henne og livet ho har levd.
Prinsipp
- I likestillingspolicyen til heimetenesta i kommunen står det: “Alle som får heimetenester frå kommunen skal oppleva at tenesta er likeverdig uansett kva legning eller kjønnsidentitet dei har.”
Situasjonsanalyse
- Det har ikkje komme nokon meldingar om pasientar som kjenner seg forskjellsbehandla fordi dei er skeive. Dette betyr likevel ikkje nødvendigvis at ingen pasientar kjenner seg ukomfortable med å dela dette.
- Forsking viser nemleg at mange eldre skeive går tilbake i skapet i møtet med helsetenesta.* Då temaet vart teke opp på eit avdelingsmøte kom det fram at fleire av dei tilsette pleiarane kjenner seg usikre på korleis dei skal snakka om legning med pasientar. Vanlegvis blir det ikkje snakka om, og det er ingen brukarar som er ope skeive.
Årsaker
- Dei tilsette har fått små eller inga opplæring i korleis vareta skeive eldre og unngå å opptre heteronormativt, dette kan vera grunnen til at fleire er usikre på korleis dei skal gå fram.
- Om manglande prat og openheit om skeiv legning: Forsking tyder på at skeive har særleg låg tillit til helsepersonell på grunn av historikk med overgrep mot skeive frå helsetenesta.
Tiltak
- Leiinga bestemmer at det blir sett i verk to tiltak med mål om å sørgja for at pleiarane møter pasientar utan fastlåste haldningar om legning: Det blir arrangert kurs for alle tilsette i heimetenesta om inkluderande språkbruk og samtaleteknikk for å sørgja for å vera imøtekommande også for skeive.
- Det blir laga nye retningslinjer for dei innleiande samtalane med pasientar, mellom anna at ein endrar til spørsmål om vedkommande har “partnar” i staden for “mann” eller “kone”. Det blir også lagt til eit kjønnsnøytralt alternativ til “mann” og “kvinne” i relevante skjema.
Evaluering
- Tilsette svarer at dei hadde god nytte av kurset og kjenner seg meir rusta til å møta mangfaldet av pasientar. Det var lett og effektivt å endra på skjemaa for pasientane. Tida vil visa korleis brukarane opplever endringa.
Prinsipp
- I likestillingspolicyen til kommunen står det at “Kommunen skal gjera rette vedtak om helse- og omsorgstenester. Tenestetilbodet skal vera likt for alle uavhengig av (…) seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk”.
Situasjonsanalyse
- Det viser seg at fleire av skjemaa som blir brukte i dei kommunale helsekontora spør om pasienten er “mann” eller “kvinne”, utan å ha eit kjønnsnøytralt alternativ.
Årsaker
- Skjemaa har ikkje vorte oppdaterte sidan dei vart laga på 90-talet. Då vart det ikkje teke høgd for at pasientar kunne vera ikkje-binære. Å berre ha to kjønnsalternativ signaliserer til ikkje-binære pasientar at dei ikkje er rekna med, noko som kan føra til at dei kvir seg for å søkja om helsetenester.
- Behandlarar kan også gå glipp av viktig informasjon om pasienten dersom dei må velja eit kjønnsalternativ som ikkje stemme
Tiltak
- Leiinga i den kommunale etaten for helse- og omsorgstenester bestemmer at alle kontor som vurderer søknader om helse- og omsorgstenester skal gå gjennom skjemaa som blir brukte i vurderinga, og leggja til alternativa “ikkje-binær” og “anna”.
- Samtidig skal ein sjå om skjemaa inneheld andre formuleringar som kan hindra likestilling. Endringane skal vera gjorde innan utgangen av året.
Evaluering
- Alle vedtakskontora klarte å gå gjennom skjemaa sine innanfor tidsramma. Tiltaket fungerte godt, og det kravdest ikkje store endringar i skjemaa.
- I gjennomgangen vart det også oppdaga at nokre skjema for pårørande hadde kjønnsspesifikke tilvisingar til partnar: dei spurde om vedkommande var “mann” eller “kone” til pasienten. Her fanst det altså heller ikkje eit alternativ for ikkje-binære. Dette vart bytt til spørsmål om vedkommande var “gift”, “sambuar” eller “partnar” med pasienten.
Prinsipp
- I serviceerklæringa til legekontoret står det “Alle besøkjande ved fastlegekontoret skal kjenna seg velkomne og få likeverdig helsehjelp, uavhengig av seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk eller etnisitet.”
Situasjonsanalyse
- Det er ikkje meldt frå om at nokre av pasientane opplever seg uvelkomne fordi dei er skeive. Etter å ha lese ein rapport om eldre møtet til skeive med helsevesenet, viser det seg likevel at gruppa kan oppleva skjulte utfordringar.
- Rapporten viser at møtet med førstelinjetenesta kan vera utfordrande for eldre skeive. Dette betyr at av dei 8000 pasientane som er knytt til senteret, er det relativt stor sjanse for at nokon som er skeive ikkje tør å vera opne om det.
Årsaker
- Årsaker til at skeive kan kjenna seg usikre i møte med fastlegen, er mellom anna at gruppa historisk sett har vorte sterkt utsett for stereotypiar og undertrykking. Dette har også skjedd i helsevesenet. Tillit til behandlarar kan derfor vera særleg vanskeleg for skeive eldre som har måtta leva gjennom ei tid med manglande aksept.
- Legesenteret har ingen synlege symbol på openheit for skeive. Årsaka til dette er at ingen har tenkt på det. Dei tilsette har ikkje vore klare over at det kan krevja aktive tiltak å leggja til rette for at skeive skal kjenna seg velkomne.
Tiltak
- Legane og resepsjonisten blir samde om å gjera det meir synleg for besøkjande at skeive pasientar er like velkomne som andre. På ei korktavle på venterommet blir det hengt opp eit Pride-flagg, og ein plakat med informasjon om ein hjelpetelefon for skeive som treng nokon å snakka med.
Evaluering
- Tiltaket som vart gjennomført var veldig lite ressurskrevjande, men gir tydeleg beskjed til alle på venterommet om at skeive er velkomne. Derfor skal det førast vidare.
- Fastlegane må også leva opp til openheita som blir signalisert, og det vil setjast i verk fleire tiltak dersom det viser seg utfordringar.
Prinsipp
- Likestillingspolicyen til kommunen står det at kommunen skal vera ein inkluderande stad der alle kjenner tilhøyrsel uavhengig av mellom anna legning og kjønnsidentitet.
Situasjonsanalyse
- Eldrerådet melder om at dei har inntrykk av at det er stor einsemd blant eldre i kommunen.
- Forsking på nasjonalt nivå viser at einsemd er ei stor utfordring i den eldre befolkninga. Blant eldre skeive er einsemd eit endå større problem.
- Kommunen har ikkje ressursar til å gjennomføra eigne undersøkingar, men sidan det ikkje finst nokon sosiale tiltak for eldre i kommunen, er det sannsynleg at einsemd er vanleg der òg.
- Kommunen har lite økonomisk overskot til å gjennomføra tiltak på området.
Årsaker
- Einsemd blant eldre kan ha fleire årsaker. Mellom anna er minkande nettverk og større vanskar med å komma seg ut trekt fram som årsaker.
- Mange skeive eldre har ikkje ein tradisjonell familie med barn og barnebarn, noko som kan gjera gruppa særleg sårbar for einsemd.
- Sosiale samlande tiltak frå kommunen vil kanskje kunna vera desto viktigare for denne gruppa.
Tiltak
- Etat for helse- og omsorgstenester bestemmer seg for å samarbeida med seniorsenteret i kommunen om å oppretta Regnbogetreff, ei månadleg samling for eldre skeive.
- Dette blir gjort etter døme frå foreininga Fri sine Regnbogetreff i Oslo og Viken Samlinga inneber i første omgang berre eit tre timar langt “ope hus” og sosialt samvær med kaffi og kaker. To tilsette frå seniorsenteret er til stades for å ønskja velkomne.
- Arrangementa blir annonserte på plakatar på seniorsenteret og fleire legekontor i kommunen, og med ein liten annonse i lokalavisa.
Evaluering
- Det første året vart det arrangert fem samlingar. På den første deltok berre to, men på siste samling møtte 10 personar opp.
- Arrangørane fekk tilbakemeldingar om at det var hyggjeleg med ein slik samlingsstad. Deltakarane sa også at det var positivt at informasjon om tilbodet vart gitt på plakatar fordi mange av dei var ikkje-digitale.
- Samlingane var lite ressurskrevjande, og kommunen har derfor råd til å føra vidare dei til neste år.
Korleis kan eg i førstelinja vera inkluderande i møtet med eldre skeive?
- Bruk et kjønnsnøytralt språk som standard både muntlig og skriftlig.
- For å beskrive kjærlighetsrelasjoner er ‘partner’ et nøytralt begrep.
- Ha et kjønnsnøytralt alternativ til mann eller kvinne på skriftlige skjema.
- Ved kartlegging av nære relasjoner, åpne samtalen med en bred og åpen formulering: for eksempel; ‘hvem anser du for å være din familie’ eller ‘har du noen i ditt liv som du anser er spesielt viktige for deg?’ framfor å begynne med ‘er du gift’ og/eller ‘har du noen barn’- da får du fram mer informasjon.
- Om du er usikker på hvordan du skal tiltale en person, kan du for eksempel spørre: ‘Hvilket pronomen foretrekker du at jeg bruker?’ eller ‘Hvordan skulle du identifisere deg selv?’.
Desse tipsa er referert frå s. 79 i Janne Bromseths bok “Veg til inkluderande eldreomsorg” (sjå litteraturlista) og forkorta, med eigne uthevingar. For fleire gode tips til inkluderande møte, kan du laste ned ein digital versjon av boka gratis her.
Døme frå verkelegheita: Inkluderande tiltak i eldreomsorga for skeive eldre
- Dagtilbodet på Kampen Omsorg+
- Regnbogetreff for seniorar. Dette arrangerast av:
- Pride-feiring hos regnbogefyrtårnet Grønland seniorsenter
- «Prosjekt skeiv kunnskap” har utvikla eigne tilbod for eldreomsorga (sykeheim, dagsenter og heimetenester)