Nytt kurs om LOS-plikta skal styrkje kommunane sitt arbeid med likestilling, mangfald og menneskerettar
E-læringskurset er meint for tilsette med ansvar for koordinering av arbeidet med LOS-plikta, og er utvikla av Bufdir i samarbeid med mellom andre KS og ombodet.

Kommunane har ei nøkkelrolle i å skape eit likestilt og mangfaldig samfunn der alle innbyggjarar har like moglegheiter. Dette nye e-læringskurset er spesielt utvikla for tilsette som har fått ansvar for å koordinere eller følgje opp arbeidet med likestilling, mangfald, menneskerettar eller sosial berekraft i kommunar og andre delar av offentleg sektor.
– Kurset gir konkrete verktøy og døme på korleis arbeidet kan forankrast og følgjast opp på tvers av fagområde og sektorar, seier ombodets fagdirektør for likestilling i offentleg sektor, Christopher Gambert.
– Vi veit at mange synest det kan vere utfordrande å forankre og implementere dette arbeidet på tvers av ulike fagområde og sektorar. Tilsette og leiarar spelar ei viktig rolle i å bevisstgjere andre om korleis likestilling og mangfald påverkar både tenester og arbeidsmiljøet, seier Hege Nilssen, direktør i Bufdir.
Kvifor er dette viktig for kommunane?
Kommunar og andre offentlege verksemder er omfatta av likestillingsplikta for offentleg sektor (LOS-plikta) etter likestillings- og diskrimineringslova § 24, samt andre lover og konvensjonar som pålegg dei å jobbe med likestilling, menneskerettar og mot diskriminering.
Med dette kurset får tilsette praktiske døme frå kommunar som allereie har lukkast med dette arbeidet, samt verktøy som gjer det enklare å omsetje gode intensjonar til praksis. Når kommunar jobbar systematisk med likestilling, gir det positive ringverknader.
• Betre tenester: Når tenester er utforma med likestilling, mangfald og menneskerettar i tankane, blir dei meir treffsikre og tilpassa innbyggjarane sine behov.
• Økonomiske fordelar: Meir effektive tenester reduserer klager, feilbehandling, behov for oppfølging av vedtak og risiko for diskriminering.
• Sosial berekraft: Eit meir inkluderande lokalsamfunn der fleire får like moglegheiter og kan utnytte potensialet sitt.
• Betre arbeidsmiljø: Eit arbeidsliv som set pris på mangfald, gir auka trivsel og styrkjer rekruttering og medarbeidartilfredsheit.
Du finn kursa her:
-
KS-læring: Oppfølging og koordinering av arbeid med likestilling, mangfald og menneskerettar
-
Bufdir-kurs: Oppfølging og koordinering av arbeid med likestilling, mangfald og menneskerettar
E-læringskursa er utvikla av Bufdir i samarbeid med KS, med fagleg bidrag frå Likestillingssenteret, Likestillingssenteret KUN, Senter for likestilling ved Universitetet i Agder, Likestillings- og diskrimineringsombodet og KS-konsulent.


